Bygdebok for Lesja/1 - tilleggsopplysningar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Denne sida kan nyttast til å gje tilleggsopplysningar til informasjonen i Bygdebok for Lesja bind 1: Gards og slektshistorie for Lesjaskogen (utgjeve 1987). Også retting av faktiske feil kan leggast inn her. Gje opp referanse til gard, bustad, familienummer og sidetal og kjelde for informasjonen, og følg siderekkefølga i bøkene.

Det var særleg i bd. 1 det vart ein del feil i tilvisingane til dei to binda som ikkje var skrive da det første kom ut. Desse tilvisingane blir retta her.

Innhold

Stuguflotten, hovudbruket (1-7), s. 41

Gjeld Jon Jonss.: sjå òg under 7-1 i boka og 7-2 her.

Stuguflotten, hovudbruket (1-11), s. 41

Her er familiereferansen for Marie Pedersd. frå Nest-Tande feil, ho står under Oppistugu Nest-Tande (6-1), bd. 3 s. 79.

Nystugu, Stuguflotten s. 42

Innleiinga om garden: her manglar tilvising til kartet over garden; det står på s. 66.

Nystugu, Stuguflotten (3-4), s. 44

Familien kom nok til plassen Einen på Øverland i Bolsøy, kor Ola Alvsson døydde i 1793.[1] Anne Olsdotter var leigebuar der i 1801 i lag med barna Ola og Rønnaug (kalla Randi).[2]

Barn nr. 1, Åse, f. 1767, var nok den «Aadsel Olsdr Arrøy» (Åsel Olsdotter på Årø) som i 1790 vart trulova og gift i Bolsøy med Ola Eriksson (frå Bergsvik i Veøy[3]), med forlovarar frå Øverland.[4] Dei var husfolk på Bjørset, kor ho ved folketeljinga 1801 var i sitt 34. år.[5]

Barn nr. 5, Iver, f. 1777, vart konfirmert i 1793 i Molde kyrkje som Iver Olsen Nystuen, 16 Aar.[6]

Nystugu, Stuguflotten (3-8a), s. 44

Anne og Knut dreiv garden til dei gav frå seg i 1904 (ikkje 1850).
Gjeld andre barnet til Anne og Paul, Karl Anton f. 1875. Kona hans, Emilie Botten, var dotter til Martin Erlandss. f. 1855 på Botten, Åsen (69-3), bd. 2 s. 526. kona til bror hans, Albert f. 1880, Marie, var frå Søre Plassen (ikkje berre visstnok)[7].

Tangøye, Stuguflotten s. 45

Her manglar referanse til kvar ein finn bruket på kartet. Det skal stå kart s. 37.

Tangøye, Stuguflotten (4-1), s. 46

Endre var frå nr. 1-12 framafor.

Kleivstugu, Stuguflotten (7-1), s. 47

Anne Toresd. var frå Kleiva i Grytten, rett over amtsgrensa i Romsdalen.[8] I 1734 var Anne fadder til brorsonen Tore Larss., som var døpt i Lesja (sjå òg Prestgarden, 10-2), og ho vart da skrive «Anna Thores D: Stuefloten».[9]

Kleivstugu, Stuguflotten (7-2), s. 47

Lars Jonss. fekk sonen Jon i 1735 (døypt i Kors kyrkje i Grytten) med Ingebjørg (Ingeborg) Pålsd. (sjå Ukjente/uplasserte, Stuguflotten, 16-2). Blant fadrane var Ola Jonss. (7-1, kanskje broren) og Margrete Stuguflotten (1-7, gift med Jon Jonsson, som òg kan ha vore ein bror).[10]

Kleivstugu, Stuguflotten (7-3), s. 47

Her står det at kona på bruket, Kari Knutsd., må ha vore død før 1801. Men det er meir sannsynleg at forfattaren har oversett at det var ei Kari Knutsd. som innerst på føderåd på hovudbruket i 1801 hjå systera Brit som var enkje etter brukaren og hadde føderåd.

Kleivstugu, Stuguflotten (7-5), s. 47

Rolf Jonss. tente på Moldegård i 1801.[11] Farbroren Iver hadde plass der på Moldeneset (sjå Oppå Sygard, Rånå (19-2)). Alt i 1795 vart «Rolluf Mollegaard» konfirmert i Molde,[12] og i 1798 var han fadder til eit barn frå Moldeneset.[13] I sjørulla av 1804 står at Rolf var dratt tilbake til fødebygda i Oppland.[14]

Øvre Stuguflotten (8-1), s. 48

Jøda Pålsd. frå Oppå Sør-Einbu var f. 1798, sjå s. 258.

Øvre Stuguflotten (8-2), s. 48

Her skal det stå at Mari Toresd. f. 1817 (ikkje 1821) kom frå Ommundgardsbakken, Joramoen (72-7), bd. 3 s. 775. Mannen, Ola Niklass. f. 1818, fekk òg ei dotter etter Mari døydde, sjå Martinlykkja, Hattrem (19-2a), bd. 3 s. 254.

Templet, Stugufloten (12-2), s. 50

Barnnr. 2, Mathias, død 1966.

Kartfesting av plassar under Stuguflotten og Nystugu, s. 48-50

Ukjente/uplasserte, Stuguflotten (16-2), s. 51–52

Ingebjørg (Ingeborg) Pålsd. fekk sonen Jon i 1735 (døypt i Kors kyrkje i Grytten) med Lars Jonss. (sjå Kleivstugu, Stuguflotten, 7-2).[15]

Bjorlie inntil 1720-åra (1-3c), s. 61

Gjeld kona til Johannes, Marit Pålsd. f. ca 1648. Ho kom frå Ekra, Bjøkne (11-1), bd. 2 s. 245.

Bjorlie inntil 1720-åra (1-4), s. 61

Gjeld andre ektemannen til Eli, Ola Endress. Han kom frå Nistugu Hågå (2-3), bd. 2 s. 716.

Gjeld barn nr. 3, Bjerte. Biærte Olsen Biorlien trulova seg i 1756 i Veøy prestegjeld med Sigrid Sørensdotter frå Kolstad der. Dei budde på Hauan i Molde. Sjå her.

Nørdre Bjorlie ca 1720 til 1840-åra (2-3b), s. 64

Syver Tostenss. f. 1752 kom frå Ekra, Bjøkne (11-4), bd. 2 s. 246.

Nørdre Bjorlie ca 1720 til 1840-åra (2-5b), s. 64

Lars Bjertess. kom frå Søre Rudi (8-2b), bd. 2 s. 435. Han og andre kona, Mari, hadde ei dotter til Karen, født ca. 1861 i Oppdal, konfirmert her i 1872 (nr. 6) og utvandra til Amerika i 1881 over Trondheim.

Bakken, Bjorlie (3-4b), s. 68

Dottera Brit gifta seg i 1790 i Bolsøy med Hans Rasmusson på Lønset.[16]. Dei busette seg der.[17]

Bakken, Bjorlie (3-8b), s. 69

Barn nr. 2, Alf, 1846, gift 1878 i Ålesund med Sofie Elisabet Petrine Olsd. f. 1830 i Ålesund.

Koia, Bjorlie (4-2), s. 71

Kona til Jon Hanss., Brit Jonsd. f. ca. 1756, kom frå Nørdre Mosenden (2-1), bd. 2 s. 35.

Berget - Bjordal, Bjorlie (5-3a) s. 73

Trond Tjøstolss. f. 1776 kom frå Jønson-Brenna, Tordhol (22-1), bd. 2 s. 381. Sonen Syver f. 1808 kom til Storhjellen under Brue i Grytten.

Berget - Bjordal, Bjorlie (5-3b) s. 73

Barn nr. 2, Syver f. 1821, døydde nok ikkje i Bjorlie i 1900 - det er nok dobbeltkopling med Syver T. på Dernordpå (10-6a). Men det er sannsynleg at Syver her reiste til Amerika med briggen Vesta frå Oslo 21. juni 1850 som ein av dei aller første frå Lesja.[18]

Berget - Bjordal, Bjorlie (5-4) s. 74

Barn nr 2, Marit f. 1858, gift 1889 i i Bakke prg., Trondheim med Nils Martin Ovesen f. 1865 på Opphaug, Ørlandet, kontorist ved Rotvoll sinnsjukeasyl.[19]

Barn nr 4, Sirianna f. 1866, gift 1891 i Bakke prg., Trondheim med Halvor Johan Eggen f. 1859 på Lade i Strinda, politibetjent.[20]

Tuftan, Bjorlie (7-1) s. 77

Barn nr 3, Anne f. 1831, sjå Bakken, her (3-9).

Systugu Bjorlie (11-1), s. 91-92 og Bjorli Samlingshus (32-3) s. 107

Mor til Elias f. 1851, Sigrid Tostensd., kom frå Berget, Bjorlie (5-3b).

Yngste jenta i Systugu, Jensine Marie Syversd., g.m. Jens Mathias Bjorli, var f. 1871.

Dersy Bjorlie (12-1), s. 93

Første brukaren, Ola Sveinss., kom frå Søre Bottemsbrekka (29-5), bd. 3 s. 591.

Ljosbakken, Bjorlie (15-2), s. 99

Eldste sonen, Bjerte f. 1829, sjå Nørdre Kloppadalen, Tordhol (26-1), bd. 2 s. 383.

Bøverheim, Bjorlie (17-1), s. 101

Anton Pauls. f. 1875 kom frå Engebretlykkja, Hattrem (20-2), bd. 3 s. 255.

Bjorli skule (18-4), s. 101

Gyda Brækken f. 1900 kom frå Øvre Joramoen 877-3), bd. 3 s. 779.

Stasjonsboligen, Bjorlie (27-3), s. 105

Familien til Marie og Sigurd Løken står òg under Lesja stasjon, bd. 3 s. 150, der Sigurd var stasjonsmeister 1921-24.

Banevoktarboligane, Bjorlie s. 106

Her manglar ein familie, Magnhild og Otto Vadet, sjå Gamel-Ysteriet, Lesja s. (83-2c), bd. 3 s. 153). Dei budde i eine voktarboligen i åra 1961-73.

Jogarden, Bjorlie (42-2), s. 112

Barn nr 3 Anne var f. i 1831[21] og nr 4 Oline var f. i 1832[22]. Meir informasjon om familien finn ein i denne tråden.

Ukjente/uplasserte Bjorlie (52-4), s. 116

Rønnaug var frå Flitti (1-8), bd. 2 s. 331.

Nordpå Rånå (2-3), s. 130

Det var nok Hauje på Dovre `(ikkje Lesja) Marit og Haldog kjøpte i 1729. Sjå òg Bygdabok for Dovre bd. 2 s. 274.

Nigard Rånå s. 134

bruksdelingsskjemaet står på s. 127.

Sygard Rånå (4-2), s. 139

Barn nr. 4, Knut, kom til Sy Kvam (5-3).

Sygard Rånå (4-3), s. 139

Barn nr 2, Guri, kom kanskje til Kjellshus, Stavem (3-4).

Lotten, Rånå (5-1), s. 142

Ein son Ola vart f. 1777 som barn nr 2.[23] Det var altså fem barn i familien.

Rånålykkja (18-2), s. 154f

Barn nr 1, Anne f. 1820 og sonen Iver f. 1849, sjå denne tråden i Slektsforum.

Ner-Brekka, Rånå (9-4), s. 151

Barn nr 4, Ole, 1882, sjå Ånsetdalen, Åsen (51-9), bd. 2 s. 511.

Ner-Brekka, Rånå (9-6), s. 152

Barn nr 2 Roar, 1952, sjå Nørdre Tråsådalen, Bottem (18-6), bd. 3 s. 583.

Oppå Sygard, Rånå (19-2), s. 156

Denne familien kom til Moldeneset i Molde. Dei hadde òg sonen Iver, som vart proprietær på Vestnes gard.[24] Sjå slektssida http://kjellovehattrem.com/g0/p92.htm#i9180 for fleire opplysninger og kjelder.

Oppå Sygard, Rånå (19-4b), s. 156

Barn nr 3, Syver, gift med Beret Ellingsd. i Grytten kyrkje 1846 (permanent sidelenke, nr. 7). Som vi ser var Beret frå Løkra i Øverdalen. Far til Syver, Knut, står òg med namnet Brøste, så familien kom nok dit etter dei flytta frå Rånå i 1835.

Sletta-Brekka, Rånå (21-2), s. 158

Christoffer f. 1829, sjå Nørdre Rånåhaugen (6-6).

Derburi - Ottarbrekka, Rånå (22-2), s. 159

Rønnaug Olsd. var frå Flitti (1-8).

Søre Lykkja, Rånå (24-1), s. 161

Erik Johanness. var frå Åvangen (1-9b).

Einbu, innleiinga s. 173

Tilvising til kartet skal vere s. 180.

Einbu inntil fyrst på 1700-talet (1-3), s. 179

Det var kanskje ei dotter til i familien, Kari, ca. 1684, sjå Prest-Rudi (2-1).

Nørdre Einbu før 1781 (2-2), s. 179-181

Peder (Per) døydde 28. juli 1744 (nr. 22, nedst på s. 286).
Sonen Peder døypt Dom. Sexages 1727 (øvst s. 27).

Nørdre Einbu før 1781 (2-3a), s. 181

Anne sin andre mann, Hans Pe(de)rsson, døydde i 1795 i Eresfjord.[25]

Nordistugu Einbu (4-1), s. 184

Eli Tostensd. var frå Ekra, Bjøkne (11-4), 1755 (systera f. 1748 død før 1766).
Barn nr. 5 Lars, 1790, sjå Einbubrenna, Rudi (9-1).

Ni Einbu (5-1), s. 187

Ambjørg Tostensd. frå Ekra, Bjøkne f. 1746.

Ni Einbu (5-6), s. 188

Josef, 1898, sjå Hauje (1-20).

Tjørnslette, Einbu (6-6), s. 191

Barn nr. 6, Josefine, 1900, sjå Ånsetdalen, Åsen (51-9).

Øygarden, Einbu (8-6a), s. 197

Kona til barn nr. 2, Paul f. 1856, Marit Engebretdsd., var frå Einbubrenna, Rudi (9-2).

Øygarden, Einbu (8-6b), s. 197

Informasjon om eldste son, Johannes f. 1869, i USA i denne tråden i Digitalarkivets debattforum.

Røyse, Einbu (15-1), s. 199

Marit Einbu, sjå òg Flittibue (5-3a).

Einbu s. 199

Her har det falle ut ein bustad som skulle stått som Nyare bustad under Einbu, og da altså på s. 199. Det gjeld eit tømrahus som står ovafor Tjørnslette framleis (ho er påført på kartet s. 180 med namnet Endrestadstugu). No er det hytte, men stugu var bustad for Syver Endrestad f. 1869 i Sel, d. 1950 på gamleheimen på Hauje truleg frå kring 1910 til sist i 1940-åra[26]

Nyhågån, Einbu s. 200

Referanse til kartet: s. 180.

Sy Kvam (5-8), s. 224

Gjeld femte barnet til Anne og Jakob, Marit f. 1853. I USA vart ho i 1873 gift med Ola Johanness. frå Oppå Sør-Einbu (13-8) (Ole Johanson Eneboe i USA). Ho døydde i 1937. Det står eit stykke om Marit og Ole og barna deira i Årsskrift for Lesja historielag 1989 s. 72.

Moen, Kvam (6-5), s. 226

Marit og Trygve budde her til sist i 1950-åra, sjå Nørdre Holen, Norderhus (15-9).

Furuhaugen, Kvam (15-1), s. 232

Litt meir informasjon om Agnes og Ola Mølmen i denne tråden i Digitalarkivets debattforum.

Bergan, Kvam (17-2b), s. 232

Barn nr. 3, Peder (Per) Toress. f. 1829, var i 1865 dagarbeidar på Nørdre Randen i Vågå,[27] g.m. Brit Ingebriktsd.. I 1891 var han enkjemann same stad.[28]

Teigen, Kvam (20-1), s. 234

Mor til Syver Syverss. f. 1851, Johanne Oline Larsd. kom frå Einbu-Brenna, Rudi (9-1), bd. 2 s. 436.

Håmåren og Håmårhaugen i jernverkstida, Kvam (23-5a), s. 238

Det ser ut til at Jon Ottarss. kom til Eresfjorden og fekk tre barn til før han gifta seg i 1806, ifølgje denne tråden på Slektsforum.

Iverstugu - Kvamslykkje (28-1), s. 239

Barn nr 2 Johannes f. 1849, gift 1882 i Bakke prg. i Trondheim med Olive Margrete Kristiansd. f. 1861 på Ytterøya.[29]

Oppå Sør-Einbu (13-4a), s. 257

Denne familien kom til Leirgrovvik i Bolsøy, kor dei budde på plassen Gjerdet alt i 1789. For fleire opplysninger med kjelder, sjå slektssida http://kjellovehattrem.com/g0/p107.htm#i10627

Oppå Sør-Einbu (13-8), s. 258

Gjeld tredje barnet til Jøda og Johannes, Ola f. 1840. Det er rett det som står om han, men kona, Marit Kvam, som står som ukjent, var dotter til Anne og Jakob i Sy Kvam (5-8) f. 1853, d. 1937. Ola nytta forma Ole Johanson Eneboe i USA. Han døydde i 1902. Det står eit stykke om Marit og Ole og barna deira i Årsskrift for Lesja historielag 1989 s. 72.

Soltun, Lesjaskog sentrum, Strande (15-1), s. 313

Arnfinn Kjelland vart samb. med Grete Marry Brøste i 1987. Sjå Brattbakken, Lesja sentrum (61-2a), bd. 3 s. 144f. Grete flytte òg til Volda, arb. som studiekoordinator på Høgskulen. Gifte 2008.

Ner-Enstad (4-6), s. 340

Gjeld brukaren Jens Eriksson, som har uviss tilhaldsstad etter 1759. Han og Anne budde 1762–64 i Gunnagarden på Dale i Veøy, i lag med dottera Kari.[30] I 1768 var det ein Jens Erichsen som trulova seg i Bolsøy med bevis frå seigneur Irgens ved Lesja jernverk på at det ikkje var noko å skifte (etter forrige kone).[31]

Søren Jensson Enstad høyrer vel òg heime her. I sjørullane for Molde er han registrert som fødd i 1751 i Lesja.[32] For fleire opplysninger og kjelder, sjå slektssida http://kjellovehattrem.com/g0/p92.htm#i9174

Ner-Enstad (4-9b), s. 340f

Det er nok feil at denne familien flytte til Dovre, jfr dette innlegget på Slektsforum. Jøda vart altså gift opp att i 1804 med Kristen Olss. truleg frå Søre Veggum i Vågå (innlegg 2 av Knut Bryn).

Ner-Enstad (4-10), s. 341

Meir informasjon om barn nr. 7, Peder, 1848, på denne heimesida.

Nordpå Enstad (5-1), s. 344

Barn nr. 2, Pe(de)r, f. 1770: han tente i mange år på Åndal i Vågøy (Fræna), fekk fleire born før ekteskapet, gift 1802 med Marit Jonsdotter frå Åndal. Sjå Bygdebok for Fræna, b. II, s. 17, og b. IV, s. 613. Dei budde på Indre Harøya og i Kristiansund.

Nordpå Enstad (5-4), s. 344

Barn nr 2, Knut f. 1847, gift med Anne Brøste f. 1852. Anne var dotter til Syver Knutss. frå Oppå Sygard Rånå (19-4b) (s. 156) og Berit Ellingsd., sjå Grytten kyrkjebok 1852, fødte kvinnekjønn nr 3 (permanent sidelenke).

Sørpå Enstad (6-2), s. 347

Kona Brit Larsd. frå Kleivstugu var f. 1750, sjå s. 47.

Sør-Slettom (5-6), s. 375

Gjeld barn nr. 4 i 2. ekteskap, Iver, f. 1757: I desember 1785 vart det betalt 1 daler til Molde kyrkje for Iver Bjørnsen Slettens Bryllup.[33] Ved ft. 1801 var han husmann på mnr. 167 på Moldeneset i Molde i lag med kona, Brynhilde Eriksdatter, og to barn.[34] I sjørulla av 1804 står han som «Iver Biørnsen Sletten», hustømmermann, «fød ved Lessøe Verk».[35] For fleire opplysninger med kjelder, sjå slektssida http://kjellovehattrem.com/g0/p103.htm#i10224

Gamalskulen, Slettom (9-2), s. 378

Ein god del meir informasjon om familien til Olga og Bernt Martin Otteseni denne tråden på Digitalarkivets debattforum.

Skottmo, Skotte (9-1), s. 391

Edvard H. Skotte f. 1881, d. 1968.

Sør-Sæter (2-8), s. 400

Barn nr. 2, Jørgen, 1850, var i 1885 i Trondheim.

Øvre Sør-Bjølverud (3-3), s. 411

Denne familien kom til Molde. Sjå slektssida http://kjellovehattrem.com/g0/p102.htm#i10171 for fleire opplysninger og kjelder.

Søre Sør-Bjølverud (4-3), s. 412

Informasjon om denne familien, særleg banr nr 4, Tosten f. 1787, i denne tråden i Digitalarkivets debattforum.

Ner-Bjølverud (12-7), s. 424

Gjeld barn nr 3, Kari, 1855. Ho var ifløgje denne tråden innlegg 15 og 17 død i 1943 og gift med Gunder Johnson Tuff (1843-1914). Foreldra hans var frå Veste Slidre. Kari var oldemor til presidentkandidat for republikanarane hausten 2011 Michelle Bachmann (f. Amble).

Brandlie (1-8), s. 439

Barn nr. 2, Knut, f. 1760, kom til Molde, kor det i 1793 vart betalt for bryllupet til Knud Jørgensen Brandlien. Sjå slektssida http://kjellovehattrem.com/g0/p96.htm#i9548 for fleire opplysninger og kjelder.

Brandliskridu (4-1), s. 442

Barn nr. 3, Anne, 1861, gift 1885 i Ålesund med Thomas Joakim Torkildsen f. 1861 i Borgund.

Nord-Slette (1-2), s. 466

Barn nr. 4, Niklas, var husmann i Ytterhorsgora i Veøy.[36]

Flate, Slette (6-1), s. 471

Barn nr. 6, Peder, 1861, som utvandra med foreldra i 1867, var heime i Noreg ein tur att med familien og var i Kristiania i 1910.

Nørdre Plassen (2-3), s. 493

Denne familien hadde falle ut i sette/trykkeprosessen!
2-3. Ca. 1875 - 1879.
Lars Ivars. frå Gravset (1-5), 1847-?, g. 1875 m. Kari Pedersd. frå Kvam, Fron, ca. 1840-?. Dei budde her i 1875, ikkje skøyte. Barn:
1. Gina, 1876-?.
2. Iver, 1878-?.
Familien reiste til Amerika over Oslo i 1879.

Doset til kring 1750 (1-1), s. 535

Gjertrud var ei Hansdotter.[37] Barn nr. 6, Ola, fekk i 1760 dottera Søgni med Søgni Jakobsdotter Remmem i Grytten.[38]

Søristua Doset (6-3), s. 565

Jørgen og Anna, og dei to eldste barna, Olaf og Anton, er registrert utvandra over Oslo til Madelia, MN i 1892. Dei må ha kome att før 1895.

Søre Myre (1-1) s. 550

Om bakgrunnen for Fallei-slekta, sjå artikkel av Per B. Lilje: Fallei: Fra Belgia til Lesja via Sverige for 275 år siden i Årsskrift for Lesja historielag 2000 s. 55-60 og i denne tråden i Digitalarkivets debattforum.

Søre Myre (1-6) s. 551

Her manglar yngste sonen til Magnhild og Anders, nr. 7. Jørgen, 1862-?, til Amerika over Bergen i 1882.

Anleggsfolk, Lesjaverk s. (31-2a) s. 570

Meir informasjon om familien til Julie og Paul Ringstad i denne tråden på Slektsforum (innlegg nokså langt nede, dat. 10.12.2011).

Verket, innleiinga s. 573

Her manglar sidetilvising til kvar det er omtale av dei gamle verksplassane. Skal stå «Dei er ført samla nedafor s. 626ff.».

Verket, Folket (1-5) s. 576

Her har nærare gransking vist at Maria Dorothea, som er ført som barn nr. 1, var søster til Reinholdt.

Verket, Folket (1-6b) s. 576

Tillegg:

  • Med Margrete Fallei fekk Teodor Georg Ziegler dottera 2) Maria (1758-1836) (døpt i Vågå Kyrkje 3.sept. 1758).
  • Dødsår og sted for Teodor Georg: 1800, Gulstad, Hadsel, Vesterålen (kilde: "Malm og menn under 1700-tallet", Thor Helge Eidsaune)

Endresplassen (1-3), s. 587

Dåpsinnføringa til Peder Mikalss. Thøring i mars 1751 i Ministerialbok nr. 4 (1743-1786), Oslo fylke, Oslo Domkirke / Vår Frelsers menighet, Fødte og døpte 1751, s. 243 nedst.

Meir informasjon om Peder og foreldra hans finn du i denne tråden på Slektsforum.

Arbeidsfolk ved Lesja jernverk (1-8a), s. 625

Meir informasjon om Jakob Maggo, sonen Johan pg andre med namnet Maggo i denne tråden på det gamle Brukarforum på Digitalarkivet. Også i denne tråden i det nye Brukerforumet er det mykje informasjon om Maggo-folk.

Arbeidsfolk ved Lesja jernverk (1-14a), s. 625

Haldog Tostenss. f. 1746 kom til Eresfjorden etter han var konfirmert og var i tenest der i 13-14 år. Deretter reiste han rundt i teneste, frå våren 1794 i Tresfjorden. I oktober det året var han på Romsdalsmarknaden og vart arrestert og dømt for tjuveri der. Dommen gjekk ut på 2 månaders arbeid i tukthuset i Trondheim og erstatning for tjuveriet.[39]

Arbeidsfolk ved Lesja jernverk (1-17a), s. 626

Litt meir om familien Strømsø i denne debattråden.

Referansar

  1. Bolsøy prestegjeld, ministerialbok 1759–93 (Statsarkivet i Trondheim, 555 A01): fol. 120 b. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16053&idx_id=16053&uid=ny&idx_side=-101
  2. Folketeljinga 1801. Av 1.2.1801 (reg.: Historisk institutt ved Universitetet i Bergen 1980. Digitalarkivet 1999/2009/2013): Bolsøe, Øverland. http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01058424000111
  3. Arnold Solemdal i samarbeid med Nesjestranda Bygdeboknemnd, Bygdebok for Nesjestranda (Veøy Helselag, Molde 1995. ISBN 82-90393-71-7): s. 516. http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2011071308027#519
  4. Bolsøy prestegjeld, ministerialbok 1759–93 (Statsarkivet i Trondheim, 555 A01): fol. 18 b. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16053&idx_id=16053&uid=ny&idx_side=-20
  5. Folketeljinga 1801. Av 1.2.1801 (reg.: Historisk institutt ved Universitetet i Bergen 1980. Digitalarkivet 1999/2009/2013): Bolsøe, Bjørset. http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01058424000042
  6. Bolsøy prestegjeld, ministerialbok 1759–93 (Statsarkivet i Trondheim, 555 A01): fol. 157 a. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16053&idx_id=16053&uid=ny&idx_side=-119
  7. Brev frå Peder Nystuen, USA, i bygdebokarkivet
  8. Henrik O. Røvig, (Noen familier og ætter av) Raumadalsfolket (Sofie Røvig 1965. 2. opplag, Romsdal sogelag, Molde 2005. Rettinger og tillegg av Einar Klungnes. ISBN 82-90169-80-9. http://www.romsdal-sogelag.no/pdf/raumadalsfolket_2005.pdf): s. 182
  9. Grytten prestegjeld, ministerialbok 1725–63 (Statsarkivet i Trondheim, 544 A01): s. 51, 10. søndag etter trinitatis. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16027&idx_id=16027&uid=ny&idx_side=-28
  10. Lesja prestegjeld, ministerialbok 1732–76 (Statsarkivet i Hamar, 2): s. 190. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9236&idx_id=9236&uid=ny&idx_side=-88 (nede til venstre)
  11. Folketeljinga 1801. Av 1.2.1801 (reg.: Historisk institutt ved Universitetet i Bergen 1980. Digitalarkivet 1999/2009/2013): Bolsøe, Schultzhagen No 165. http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058424002640
  12. Bolsøy prestegjeld, ministerialbok 1795–1821 (Statsarkivet i Trondheim, 555 A02): fol. 5 a. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16054&idx_id=16054&uid=ny&idx_side=-8
  13. Bolsøy prestegjeld, Molde sogn, ministerialbok 1798–1818 (Statsarkivet i Trondheim, 558 A01): fol. 2 a. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16055&idx_id=16055&uid=ny&idx_side=-4
  14. Molde sjørulle 1804: [s. 1]. https://picasaweb.google.com/lh/photo/dF1xCh5fe2wdNHfBvAGNb9MTjNZETYmyPJy0liipFm0?feat=directlink
  15. Lesja prestegjeld, ministerialbok 1732–76 (Statsarkivet i Hamar, 2): s. 190. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9236&idx_id=9236&uid=ny&idx_side=-88 (nede til venstre)
  16. Bolsøy prestegjeld, ministerialbok 1759–93 (Statsarkivet i Trondheim, SAT/A-1454/555/L0648): fol. 28 a, 19 b
  17. Bolsøy prestegjeld, folketelling 1801 (Riksarkivet, RA/EA-4070/J/Jd/L0049 og L0051): fol. 419 a, Lønset, 4. familie
  18. Hedberg, Blaine og Gerhard B. Naeseth 2008: Norwegian immigrants to the United States, Vesterheim Genealogical Center and Naeseth Library vol 5.
  19. Kyrkjeboka, permanent sidelenke, løpenr 7.
  20. Kyrkjeboka, permanent sidelenke, løpenr 64.
  21. Permanent sidelenke til kyrkjeboka, nr 3 rekna ovafrå
  22. Permanent sidelenke til kyrkjeboka, nr 4 rekna nedafrå
  23. Kyrkjeboka permanent sidelenke, midt på sida
  24. Molde by, sjørulle 1804. Bevitnet av sognepresten 12.1.1804. Enkelte tilføyelser kan være påført senere. Mangler paginering (Statsarkivet i Trondheim, F054.5.4. Utskrivningsvesenet, sjøutskrivningen 1704–1929, boks 40): [s. 1]. https://picasaweb.google.com/lh/photo/dF1xCh5fe2wdNHfBvAGNb9MTjNZETYmyPJy0liipFm0
  25. Nesset prestegjeld, ministerialbok 1757–1803 (Statsarkivet i Trondheim, SAT/A-1454/551/L0621): fol. 203 a
  26. Sæther, Ingunn Enebo 2009: «Om Syver Endrestad på Lesjaskog». Årsskrift for Lesja historielag s. 97f.
  27. Ft. 1865
  28. Ft. 1891 permanent sidelenke
  29. Kyrkjeboka, permanent sidelenke, løpenr 29.
  30. Arnold Solemdal, Bygdebok for Holm sokn: band 1. Bygdeboknemnda for Holm sokn, 1999. ISBN 82-7955-006-2: s. 218. http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010081108082#219
  31. Bolsøy prestegjeld, ministerialbok 1759–93 (Statsarkivet i Trondheim, 555 A01): fol. 4 b. http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16053&idx_id=16053&uid=ny&idx_side=-6 (første spalte)
  32. Molde by, 1. rode, sjørulle 1804. Regnet fra ekstrasesjonen 25.6.1804. Første eksemplar (Statsarkivet i Trondheim, F054.5.4. Utskrivningsvesenet, sjøutskrivningen 1704–1929, boks 40): bokstav i. https://picasaweb.google.com/lh/photo/HoEdWrOLx7OtTdZ5mSKv89MTjNZETYmyPJy0liipFm0
  33. Molde kirke, regnskap 1780–1805 (Statsarkivet i Trondheim, H019.4.5. Nidaros bispedømme, Ytre Romsdal prosti, Molde kirke, regnskap 1690–1805): fol. 70 b. https://picasaweb.google.com/lh/photo/HkBCX2rUEWwat2hckhTMOdMTjNZETYmyPJy0liipFm0?feat=directlink
  34. Ft. 1801: Bolsøe, Molde, Madsnesset, No 167. http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01058424002659
  35. Molde sjørulle 1804: [s. 1]. https://picasaweb.google.com/lh/photo/dF1xCh5fe2wdNHfBvAGNb9MTjNZETYmyPJy0liipFm0?feat=directlink
  36. Arnold Solemdal i samarbeid med Nesjestranda Bygdeboknemnd, Bygdebok for Nesjestranda (Veøy Helselag, Molde 1995. ISBN 82-90393-71-7): s. 1226
  37. Lesja prestegjeld, ministerialbok 1732–76 (Statsarkivet i Hamar, SAH/PREST-068): s. 566. https://media.digitalarkivet.no/kb20070603470387
  38. Grytten prestegjeld, ministerialbok 1725–63 (Statsarkivet i Trondheim, SAT/A-1454/544/L0568): s. 393. https://media.digitalarkivet.no/kb20070904610440
  39. .Om saka, sjå Slekt og data. Medlemsblad for DIS-Norge nr 3, 2012. der er referanse til forhøret oppgjeve til Tingbok for Romsdal sorenskriveri 1798-1803 s. 191b og utover, medan dommen står s. 207a. Mor til Haldog, sjå Øverhaugen, Stavem (17-1).