Clara Holme

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bilde frå Fødselsstiftelsen i Bergen 1923-1924. Clara Holme står til venstre i bildet. Ukjent kven dei to andre er.
Foto: Fotograf ukjent

Clara Holme (fødd 1903, død 2001 i Ørskog) var jordmor i Hyen i Gloppen kommune frå 1926-1963. I løpet av yrkeskarriera tok ho i mot over 300 born i eit langstrakt jordmordistrikt det var vanskeleg å komme seg fram i.

Ho vart gift med Nils Holme, som var smed og drosjesjåfør i Hyen. Etter at det kom vegar i bygda, fungerte Nils som ambulansesjåfør for kona.

Oppvekst

Clara vaks opp på Sjøholt i Ørskog kommune. Første barneåra budde ho hjå morfaren og mormora, seinare saman med mora (Sofia Pettersdatter Solnørdal) og adoptivfaren (Peder Lande). Ho brukte etternamnet til adoptivfaren fram til ho vart gift Holme. Etter å ha fullført folkeskulen tok Clara middelskuleeksamen som privatist i Ålesund.

Utdanning

Clara utdanna seg til jordmor ved fødselsstiftelsen i Bergen 1923-1924. Det året var det 10 studieplassar og 189 søkjarar.

Jordmor

Etter fullført eksamen fekk Clara eit vikariat som jordmor i Balestrand kommune. Vikariatet varte fram til sommaren 1925 og ho fekk seg ikkje nytt relevant arbeid etterpå. Ho reiste då heim til Sjøholt og arbeidde på Haukaås pleiehjem. Vinteren 1925 fekk ho jordmorstillinga i Hyen, ho tok til i arbeidet 8. januar 1926.

Helselaget

Litteratur og kjelder

Munnlege kjelder

  • Jostein Hjorteset
  • Anna Holme
  • Peder Holme