Døypefont

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Døpefont»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Døypefonten i Nidarosdomen.
Foto: C.A. Erichsen

Ein døypefont er eit kar der ein utførar dåp i kyrkjer. Utforminga har variert over tid, i følgje med variasjonar i dåpspraksis. Ordet kjem frå latin fons, 'kjelde'.

I mellomalderen praktiserte ein ofte full neddykking av barnet, og fontane måtte då vere større, og gjerne lågare. Etter kvart som overøysing med dåpsvatnet vart meir vanleg, fekk ein høgare og grunnare fontar, og dei fekk gjerne eit dåpsfat i messing eller sølv. Dette utvikla seg til at døypefonten meir eller mindre vart til eit stativ for dåpsfatet. Det vart då óg vanlegare å lage døypefontar i treverk, sidan ein ikkje lenger oppbevara dåpsvatnet i fonten over tid.

Plasseringa har óg endra seg. Tradisjonelt stod døypefonten ved inngangen til kyrkja, som eit symbol på at dåpen er eit inngangsrituale. Mange stader haldt dette segtil lenge etter reformasjonen, men det vart vanlegare å plassere fonten framme ved koret. På 1700-tallet sette ein i mange kyrkjer opp baldakiner eller ein slags hus over døypefonten. I den katolske kyrkja har ein i Noreg plassert fontane ved koret i dei fleste kyrkjer, medan det i andre land framleis er vanleg å ha dei ved inngangen.

Dåpsvatnet vart, og vert framleis i nokre kyrkjesamfunn, rekna som spesielt heilagt. I tidlegare tider vart det tillagt lækjande eigenskapar.

Nokre kyrkjesamfunn praktiserar framleis full neddykking, og nyttar då gjerne større bassen for vaksendåp, eller ein har dåp ute i naturen slik det var i byrjinga – ifølgje Bibelen vart Jesus døypt i Jordan-elva.

Galleri

Kjelder og litteratur