Dagsgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dagsgard
Dagsgard Prestegard 2010.jpg
Frå venstre: Del av driftsbygnad på Nordigard Ånstad, så i tur og orden Uppigard Dagsgard, Nigard Dagsgard, Søre Prestgarden, Nørdre Prestgarden. Før ustkiftinga i 1907 låg tunet på Uppigard Dagsgard der driftsbygnaden på Nigard ligg i dag (midt på biletet). I framgrunnen, skjult av lauvskogen, renn Ottaelva.
Alt. navn: Dagsgardhe (1343), Dagsgiord (1528), Dalsgordt (1560), Dauusgaardt (1578), Dagsgaard (1594 og senere)
Først nevnt: 1343
Rydda: Tidleg- eller høgmellomalder
Sted: Skjåkstrond
Fylke: Innlandet
Kommune: Skjåk
Gnr.: 19
Ant. bruksnr.: 2

Dagsgard er ein matrikkelgard i Skjåk kommune (gardsnummer 19). Matrikkelgarden består av to bruk, bruksnummer 1 Nigard Dagsgard og bruksnummer 2 Uppigard Dagsgard. Dagsgard ligg på Skjåkstrond, rett i nærleiken av Skjåk kyrkje.
Grannegardane er Søre Prestgarden i vest og Nordistun Ånstad i aust. Utmarka går opp til snaufjellet (Skjåk Almenning) i sør, og den dyrka jorda går ned til Ottaelva i nord.

Gardsnamnet og opphavshistoria

Namnet har den nokså opplagde tydinga «garden til Dag», og har venteleg fått namn etter den fyrste, eller ein av dei fyrste brukarane på garden.

I skriftlege kjelder er garden nemnd så tidleg som i 1343[1], da Håkon i Dagsgard er med i ein delegasjon frå bygda til biskopen på Hamar (sjå Skjåks historie i mellomalderen (1000-1500)). Garden er nok monaleg eldre enn 1300-talet, men historia går neppe lenger attende enn år 1000. Gardsnamn med endinga -gard var mykje brukt i tidleg- og høgmellomalderen (1000-1350).

Garden oppstod høgst sannsynleg som resultat av ei deling av ein tidlegare gard med ukjent namn, der nabogarden Prestgarden (eventuelt med eit anna namn før det vart til «prestegard») var den andre delen. At Dagsgard og Prestgarden ein gong har vore ei brukseining, er sannsynleggjort mellom anna ved at desse nabogardane låg i teigblanding med kvarandre til 1907.

Prestgards- og Dagsgardsgardane før utskiftinga i 1907. Foto:Kr. Stakston.

Matrikkelopplysningar

Kjelde Namneform Matr.nr. Matr.skyld Brukarnamn Merknad
Matr. 1647 Dagsgaard 5 huder Børge
LK 1661 5 h 8,5 skinn Arne, Guttorm Skyld inkl. engeland

Bruksdeling

Loft frå Nigard Dagsgard i Skjåk, bygd ca. 1400. Det er nå på Maihaugen som del av Isum-anlegget.
Stabbur frå Uppigard Dagsgard i Skjåk. Det er ein bygning frå 1700-talet, nå på Maihaugen

Det er uvisst når Dagsgard vart delt i to bruk. I lensrekneskapa frå 1560 figurerer to mann med etternamnet Dagsgard (Tor og Halvor) som betaler holding, og som vi derfor må rekne med er husbondar på kvar sine bruk. Ein generasjon tidlegare er berre ein mann frå Dagsgard oppført i skattelista for gjengjerden 1528, nemleg Tosten. Iallfall frå midten av 1600-talet er det openbert at Dagsgard utgjer to gardsbruk. I landkommisjonens jordebok 1661 og i matrikkelen 1668 er Arne og Guttorm brukarar på Dagsgard. Men garden er oppførd som ei matrikkeleining med felles landskyld, skattar og avgifter. Iallfall frå og med matrikkelutkastet 1723 kan vi derimot følgje historia til dei to særskilt skyldsette gardsbruka kvar for seg.

Brukarar

Fyrste bonden på Dagsgard som vi kjenner namnet på var altså Håkon, nemnd i 1343. Elles kan vi vise til følgjande punktobservasjonar:

  • 1528 (gjengjerden): Tosten
  • 1560 (holding): Tor og Halvor (NLR II s 47, holding 1560-1561) .
  • 1624 (odelsjordebok): Johannes.
  • 1645 (koppskatten) : Børge, Tosten.
  • 1647 (skattematrikkelen) : Børge.
  • 1661 (landkommisjonens jordebok): Arne (Uppigard?), Guttorm (Nigard?) og Tosten, (Nørstegard engeland).
  • 1668 (matrikkelen): Arne (Uppigard?) og Guttorm (Nigard?)
  • 1713 (futematrikkel): Hans og Ola.
  • 1723 (matrikkelutkastet): Hans Arnesen (Uppigard) og Ola Guttormsen (Nigard)
  • 1764 (futematrikkel): Sylfest, enka, Knut, Sevald (inkluderer truleg oppsitjarar på underbruka)
  • 1802 (jordavgifta): Ivar Olsen (Nigard) og Ola Arnesen (Uppigard)

Kven åtte garden?

Dagsgard er oppført som krongods i jordeboka for Akershus len i 1577. Seinare kjelder indikerer at dette nok gjeld berre ein mindre part i garden (4 skinn). I skattematrikkelen 1647 er eigedomstilhøva summarisk framstilt. "Besidderne" har bygselsrett til 5 huder, dvs. at brukaren/brukarane i praksis var sjølveigarar. I 1668 var garden med blant dei bortimot 350 gardar og gardpartar på Austlandet som kongen overdrog til oberst Ditlef Brockdorf, sjef for Det akershusiske nasjonale infanteriregiment, som oppgjer for gjeld. I 1685 fekk Guttorm Dagsgard kjøpt krongodsparten. I alle seinare kjelder er garden fullt og heilt i sjølveige.

Underbruk og setrer

Frå 1600-talet og inn på 1800-talet er det i jordebøker og matriklar oppført to underbruk under Dagsgard, Hov engeland og Nørstegard. Hov engeland (gnr. 93) ligg ca 15 kilometers vest for Dagsgard. Det omfattar Dagsgardsøygarden og Åbus-gardane, i dag ei heil grend av gardar og andre bustader. Nørstegard er i dag Nørdre Bakken i grenda Synna Brua, ei mils veg aust for Dagsgard på andre sida av Ottaelva. Dette er døme på gardar som vart liggjande øyde i seinmellomalderen, og som så vart brukt under andre gardar til fôrproduksjon og beite. I matrikkelen 1668 er Hov engeland nemnt som vårseter saman med Kollungen i Bråtådalen, enda lenger vest. Same stad er Billingen oppført som sommarseter. Dette illustrerer den halvnomadiske driftsforma som var utbreidd for gardane i søre bygda i tidleg nytid, der krytera vart sende på beite vår og haust på lågtliggjande setrer, og så på setrer til fjells om sommaren.

Sidan har Uppigard Dagsgard fått seter i Botn og Nigard Dagsgard på Skjellom. Det er uvisst når dette skjedde, men Nigard hadde iallfall seter på Skjellom i 1853. Framleis syner det så vidt grassletter der det heiter Dagsgards-stålane på Billingen, på Nordsida av Tora rett overfor Øverstulen.

I 1806 selde brukaren på Uppigard Dagsgard «Stubbesletten engeland» frå garden. [2] Stubbesletten er nåverande gnr. 95 Nyhus (Søre Bysjet). Tilknytinga kan ha samanheng med Hov engeland. Stubbesletten ligg i forlenginga av den same grenda mot vest, men høyrer ikkje under det gardsnummeret.

Husmannsplassar

Den eldste namngjevne husmannsplassen vi kjenner til i Skjåk, låg under Dagsgard. På bygdetinget den 14. oktober 1701 bygsla Hans Dagsgard bort «den hussmandds platz Vittingen» til Samuel Lund. Vittingen får oss til å tenkje på Kvitingen, seinare kjent som ålmenningsplass og seinare sjølveigd småbruk i ålmenningsskogen i Kvitingslia vest og opp for Stubbesletten, Åbue og Dagsgardsøygarden. Det er likevel heilt i det uvisse om det er same namnet. Det let seg ikkje utan vidare forklare at ein einskildgard som Dagsgard skulle ha eigarrettar til skog som må ha vore rekna til ålmenninga også den gongen. Og dette var mange tiår før det kom fart i nyryddinga i dette stroket som følgje av kommersiell skogsdrift.

Rundt midten av 1700-talet var det ein husmannsplass under Dagsgard på Dagsgardsøygarden, samstundes som staden vart nytta som underbruk, sjå kontrakt frå 1751 og artikkel om Dagsgardsøygarden

Det er sparsamt med opplysningar elles om husmannsplassar under Dagsgards-gardane. I matrikkelutkastet 1723 er det ein ikkje namngjeven husmann utan jord. I folketeljinga 1825 er det oppført eit tal på 5 personar i rubrikken husmenn utan jord og dagleigarar.

I motsetnad til grannegardane Prestgarden og Ånstad er det ikkje observert hustufter eller andre fysiske spor etter plassar oppe i træda mellom den dyrka marka og skogen.

Anna tilliggjande

På 1600- og 1700-talet har Dagsgard hatt kvernbruk, venteleg i Ånda, ei tverrelv ein km aust for som gardane som den dag i dag gjev vatnarvatn til Uppigard og Nigard Dagsgard. I 1661 og på 1700-talet blir det nemnt ei bekkekvern, medan det i matrikkelen 1668 er oppført to.


Kjelder og litteratur

  • Dasgaard i folketelling 1801 for Lom prestegjeld fra Digitalarkivet.
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok, 1-3, Skjåk kommune 1994, 1995, 1998.
  • Norske Gardsbruk, Oppland fylke VI, Forlaget S.K.Granum AS 1998.

Notar