Eikefjord sentralskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Eikefjord sentralskule i Eikefjord kommune stod klar til bruk 1963. Då hadde kommunen gjennomført ei storstilt krinsregulering der sju eldre krinsar var slegen saman til Eikefjord krins. Alt i 40-åra var det krefter som arbeidde for å få eit nytt skulehus i krinsen. Skulehuset dei hadde var for lite og hadde ikkje undervisningslokale til dei nye faga heimkunnskap og gymnastikk. I frå 1956 kom arbeidet med nytt skulehus for alvor i gang:

  • 3/5-1956 vedtok Eikefjord heradstyre, med 10 mot 2 røyster, å skipe ein sentralskule for folke- og framhaldskulen i kommunen.
  • 20/6-1956 kalla skulestyret inn til krinsmøte for heile kommunen. Her vart det – med stort fleirtal – vedteke at den nye sentralskulen skulle ligge på tomta til Martin Eikefjord.
  • 21/9-1956 sak 147: Vedtak i kommunestyret: "Formannskapet får løyve til å kjøpe minst 5 mål jord hos Martin Eikefjord, til tomt til sentralskulen."

Hausten 1961 var delar av skulen klar og ein framhaldskuleklasse kunne ta eit klasserom i bruk. Første folkeskuleklassen kom i 1963.

I 1972 vedtok Flora bystyre å skipe ungdomsskule i Eikefjorden. Skulen fekk då namnet Eikefjord barne- og ungdomsskule.

Skulehuset

Eikefjord sentralskule var eit topp moderne skulehus med sju klasserom, gymnastikksal m/scene, sløydsal, handarbeidsal, naturfagsal, skulekjøkken og bibliotek. Etter at det vart oppretta ungdomsskule fekk skulen for lite plass og det vart nødvendig å bygge ut. Våren 1985 stod ein ny klasseromsfløy med tre klasserom, grupperom og toalett ferdig.

Anna bruksområde

Skulebygget hadde gymnastikksal med scene. Dette gjorde skulen til ein naturleg samlingstad for bygda. Etter skuletid nytta idrettslaget, skulemusikken og andre lag og organisasjonar skulebygget. Det vart halde ymse kurs, basarar og ikkje minst 17.mai feiringa vart halde på skulen. Skulebygget hadde også folkebad med badstue.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.
  • Endestad, Odd Asle (2016) Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny skule i Eikefjorden i 2016.

Digitale kjelder

Koordinater: 61.59000° N 5.46284° Ø