Eitorn krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Eitorn krins er ein skulekrins i Leikanger kommune i Sogn. Tidlegare låg denne skulekrinsen i Balestrand kommune. Eitorn var ein av åtte krinsar i Balestrand på 1800-talet, og femna om gardane Eithun, Hella, Rud, Vestreim, Tenningen og Tenningåsen.

Skulehus

Eitorn skule

Skuledagen

I ei minneoppgåve for eldre frå innsamlinga i 1996 skriv ein informant frå krinsen om friminutta på tidlig 1930-tal: "På skuleplassen var det mange leikar som var populære: gøymeleiken, sprette pinn, slå kjeil, slå monk, og kaste på stikka. Ein del av desse leikane var typiske guteleikar medan gjentene heller ville hoppa paradis, hoppe tog o.l. Dette var og leikar som vart mykje nytta i fritida og som føregjekk i tuna rundt om på gardane." Informanten hugsar også godt vedomnen i skulestova: "På eine kortveggen stod det ein vedomn som om vinteren varma opp skulestova og når me skulle eta varma den også opp mjølkeflaskene våre. At einskilde av flaskene ikkje tolde varmen og sprakk slik at mjølki rann nedetter omnen og utover golvet var kjærkomen underhaldning i ein elles triviell kvardag.

Skulevegen

Den veglause garden Tenningåsen ligg høgt og fritt på litt over 300 meter, rett ved innlaupet til Fjærlandsfjorden. Borna på denne høgdegarden fekk mot slutten av 1800-talet fastskule i Eitorngrenda. Vegen dit kunne vere både slitsam og utfordrande, særleg i snøkav og ruskevèr.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1891-1895. Annonce-Tidendes Bogtrykkeri 1897
  • Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1896-1900. John Griegs Bogtrykkeri 1902
  • Skuleprotokoll for Eithun skulekrins og Ytre Fjærland skulekrins, 1862-1875. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Eithun skulekrins og Ytre Fjærland skulekrins, 1875-1887. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Tjugum indre distriks omgangsskule (Vetlefjorden, Sværefjorden, Ytre Fjærland og Eithun roder), 1860-1878. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Eithun skulekrins og Ytre Fjærland skulekrins, 1888-1925. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Eithun skulekrins, 1889-1922. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Avgangsvitnesbyrd for Eithun skulekrins, 1893-1956. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Avgangsvitnesbyrd for Esefjorden skulekrins og Eithun skulekrins, 1895-1958. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Eithun skulekrins og Ytre Fjærland skulekrins, 1872-1883. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Eithun skulekrins, Ytre Fjærland skulekrins, Sværefjorden skulekrins og Hovland skulekrins, 1884-1913. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Eithun skulekrins, 1914-1956. Digital versjon på Digitalarkivet.no.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • MO96S-F011 Minneoppgave for eldre 1996, Norsk folkeminnesamling, Institutt for kulturstudier og orientalske språk, Universitet i Oslo (upublisert.)


Koordinater: 61.21130° N 6.62932° Ø