Ella Kleggetveit

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ella Kleggetveit (fødd 2. november 1914 i Trondheim, død 29. november 2015 på Evje) var gift med Arne Kleggetveit frå Evje. Han hadde vore stiger på Evje og kom deretter til Sulitjelma, der dei møtte kvarandre då ho var der i lag med slektningar hausten 1939. Dei gifta seg 25. september 1940 i Vår Frue kirke i Trondheim.

Etter 13 år i Sulitjelma flytta dei til Malm i Trøndelag, der dei budde frå 1953 til 1965 vart det åtte år på Knaben fram til gruva der vart nedlagd 1. mai 1973. Då etablerte dei seg på Evje. Der feira dei diamanbryllup etter 60 års ekteskap i 2000.

Hundreårsdagen feira ho på Evjeheimen, der ho har budd nokre år etter at helsa svikta noko. Der somna ho stille inn i november 2015. Ho vart gravlagd frå Evje kyrkje den 8. desember 2015.

Kjelde