Embjørg Kvale

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Budeier på Billingen seter 1892. Embjørg Kvale (den gongen Stensgård) nr. 3 frå høgre bak (i lyse klede)
Foto: Ukjent

Embjørg Kvale (fødd Stensgård i Skjåk 1870, død i Skjåk 1966) var meierist, gard- og landhandlarkone. Ho var ei føregangskvinne for meieri-/ysteridrift i heimbygda.


Familie

Embjørg var den sjuande i ein syskenflokk på 10, fødd og oppvaksen på garden Stensgard på Bersustrond i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Hans Kristensen Stensgård (1825-1893) og Embjørg Rolvsdotter fødd Vigstad (f. 1833). I 1898 gifta Embjørg Hansdotter seg med Erik Rolvsen Kvale (f. 1871). Dei fekk tre born.


Meierske

Allereie den sommaren ho vart konfirmert, var Embjørg budeie på Stensgårds-setra på Øverstulen på Billingen. Der fekk ho ansvaret for 11 kyr og 40 geiter, men mora måtte avløyse henne dei dagane jentungen skulle på konfirmasjonsførebuing. Som attenåring kom Embjørg i lære ved Stange meieri, der ho var i halvtanna år. Deretter var ho tilsett ved eit meieri i EnebakkNedre Romerike i fire år, moglegvis som styrar. Ho fekk og eit stipend som gav henne vidare utdanning i Danmark, og fleire gonger oppnådde ho premiar for produkta sine på utstillingar.

Ysteriet på Kvåle

I 1896 vart det sett i gang eit ysteri på Sygard Kvåle. I følgje ein lokalhistorikar var det «framsynte menn på båe sider av Marlosbrua», som stod bak dette. Men han underslår likevel ikkje at det var Embjørg Stensgård som «styrde med dette i 4 år», heile den tida det var i drift. Ysteriet vart drive på Kvåle om vinteren, men vart flytta til Billingen seter sommarstid.

Gardsbruk og landhandlarverksemd

To år etter at dei gifta seg, tok Embjørg og Erik til med landhandel. Da vart det slutt på ysteridrifta. I staden gjekk dei da inn i omsetnaden av heimkinna smør, som dei tok imot og selde vidare til Kristiania og andre stader.

Embjørg og Erik Kvale var også brukarar på det mindre gardsbruket Øvre Marlo, grannegarden til Sygard Kvåle

Embjørg var ei aktiv kvinne i samfunnslivet i Skjåk, mellom anna som medlem i styret for Skjåk gamleheim.

Kjelder og litteratur

  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok bd. 3, Skjåk kommune 1998.
  • I manns minne (Nasjonalforeningens minneinnsamling 1964/65, originalmaterialet i 1998 oppbevart ved Etnologisk institutt, Universitetet i Oslo): nr. 14: Kvåle, Embjørg.
  • Steinbakke, Torstein: «Frå gåmålostysting til dampysteri», i Årbok for Gudbrandsdalen
  • Ættebok for Skjåk, bd. I side 214 og 245, bd. II s. 172.

Eksterne lenkjer