Engebret Hole

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Avdemsbue på Lesja, som far til Engebret Hole bygde i 1878.
Foto: Arnfinn Kjelland (2011).

Engebret Hole (fødd 27. august 1885Søre Avdemshaugen i Lesja, død 27. november 1942Aukra) var lensmann i Sund lensmannsdistrikt.

Ungdomstid

Ein onkel til Engebret, Hans J. Hole (1850-1910) var i 1900 amtskasserar i Bergen. Han og kona Marie var barnlause, og dei inviterte Engebret til byen og kosta på han utdanning: middelskule, handelsskule, landsgymnas og befalsskule. Hans arbeidde som assistent hos onkelen.

Engebret var òg idrettsmann, han dreiv med konkurranseskyting og som aktiv fotballspelar, der han var med på stiftinga av Sportsklubben Brann i 1908. Vidare fotballspel vart stoppa av skade, noko som òg fritok han frå vidare militærteneste.

I 1912 gifta han seg med Ragnhild Kloster (1881-1923), og kort tid etter søkte han og fekk stilling som fullmektig på fogderikontoret i Molde. Men han vart ikkje der lenge. Sund og Vågøy lensmannsdistrikt vart delt og han søkte og fekk stilling som den første lensmannen i Sund lensmannsdistrikt, dit han og kona flytte ved årsskiftet 1914-15.

Hus, heim og familie

Dei første åra budde ekteparet i andre etasje i butikken til Johan Solemdal, til dei fekk bygsle tomt under prestegarden og bygde hus i 1918. I første etasje hadde Hole lensmannskontor. Han bygde eige naust og eiga løe med stall for hest i 1920, og eiga elektrisitetsforsyning med petroleumsmotor og batteri i 1923/1924.

Seinare sette han opp ei stor bryggje på tre etasjar på Lyngværet, Holebryggja. Ho vart seld til Molde kommune.

I 1923 døydde kona Ragnhild. Dei hadde ikkje barn. Året etter gifta Engebret seg opp att med Margit Johanne Johansen frå Molde (1888-1971). Dei fekk ein son.

Hausten 1941, kort tid etter dei tyske okkupantane avsette han frå lensmannsstillinga, fekk Hole hjerneslag. Han vart sengeliggande og trong pleie i 15 månader før han døydde seinhaustes 1942.

Lensmannen

Hole var ein svært engasjert og aktiv lensmann. Han var vegoppsynsmann med ansvar for vegutbygging og engasjement av arbeidsfolk til kommunale vegprosjekt. Han var ansvarleg for Norges Brannkasse og han kjøpte sjølv inn båtar som vert nytta til tenestereiser for distriktslege og han sjølv eller en betjent til øyane i distriktet.

Han megla heller fram fred mellom bygdefok som var usamde, heller enn at dei måtte møtast i retten for konfliktløysing.

Hole hadde òg tillitsverv som formann for Noregs lensmannslag og redaktør for Lensmannsbladet frå 1921 til 1926.

Den mest dramatiske aksjonen han var involvert i som lensmann var da han i 1923, under forbodstida, arresterte storsmuglaren Arthur Omre. Omre (Antonisen) var på flukt etter å ha rømt frå fengselsdom i Trondheim og prøvde å kjøpe ein gard i distriktet. Hole hadde akkurat fått etterlysninga gjennom Polititidende og kjende att Omre, varsla politimeisteren i Molde og fekk smuglaren med seg til dit der han vart sett fast.

Etter krigsutbrotet i 1940 deltok Hole aktivt i arbeidet med å sende jødar med båt frå Gossa, og han forhindra etterforsking av illegalt arbeid den første krigsvinteren. I august 1941 vart han avsett av okkupasjonsmakta, som rekna han for ein trussel.

Tillitsverv

Engebret Hole vart mykje brukt i andre tillitsbaserte funksjonar. Han sat i kommunestyret for Nord-Aukra kommune frå 1926 til 1931 og var med i den kommunale elektrisitetsnemna. Straumforsyning til distriktet var elles ei viktig sak for han, og han vart den første formannen i Aukra kraftlag. I 1936 fekk han overtala Tafjord kraftlag til å bygge luftspenn frå Miøya til Midsund.

Han var med på stiftinga av Romsdals Fellesbank i 1927 og sat lenge i bankstyret.

Hole var frimurar i losjen i Molde og steig til den 9. graden, Himmelstigen.

Kjelder