Erik Anderson Åsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Erik Anderson Åsen (døypt 25. november 1746, død 22. januar 1828) var frå garden Ormberg i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Han gifte seg 9. februar 1777 med Anna, dotter av gardbrukar og klokkar Ole Anderson Åsen og hadde alt hausten før fått skøyte på Åsen mot å yta kår til dei komande svigerforeldra. Erik og Anna vart buande i Åsen levetida ut.

Erik Åsen vart ved skøyte 1. juni 1785 kyrkjeeigar i Jostedalen i lag med Nils Larsson Li, og dei åtte kyrkja fram til 1793. Svigerfaren Ole Anderson Åsen hadde vore medeigar i kyrkja 1751-1762.

Erik Åsen var ein av dei tretten underskrivarane på adressa i samband med valet av utsendingar til riksforsamlinga i 1814.[1]

Notar

  1. Val til Riksforsamlinga i Jostedalen (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 212. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.