Faleide skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Faleide skule i Stryn kommune vart bygd i 1866 og fungerte som skule fram til 1967. I dag husar den gamle skulebygningen eit skulemuseum.

Skulehuset

Skulehuset på Faleide vart bygd i 1866 på Utigard. Grunneigaren gav vekk tomta, og dette vart ein av dei første fastskulane i Innfjorden. Skulen hadde på det meste nærare 40 skuleborn. Dei første to åra delte Faleide lærar med fleire mindre krinsar kring fjorden. På denne første skulehustomta var det ikkje mogeleg å lage til skuleplass. I 1928 vart skulehuset på Faleide flytta og sett opp att om lag 40 meter lengre vest. I samband med dette vart det også laga lem over skulestova, noko som seinare vart utvida til ein heil ny etasje ved å løfte taket. Kjellaren vart nytta til sløyd og til gym.

Faleide skule er eit av dei eldste skulehusa i Styn kommune, og skulen er samtidig ein del av eit verdifullt kulturmiljø ved Den trondhjemske Postvei på Faleide.

Anna bruksområde

Skulemuseum

Faleide skulemuseum vart offisielt opna 29.mai 1998. Arbeidet med klargjering av museet starta våren 1989 og gjekk føre seg fram til opninga. Det er lagt ned eit stort frivilleg arbeid i museet, samt at både kommunale og statlege midlar er nytta for å fullføre arbeidet med å setje museet i stand.

Føremålet er at Faleide skulemuseum skal vere eit offentleg museum for bevaring, dokumentasjon og formidling av Stryn kommune si felles skulehistorie. Skulemuseet omfattar eit autentisk klasserom eller "skulestove" med inventar frå tidleg 1900- tal, dessutan ei stor og mangfaldig samling av undervisningsmateriell frå to hundreår (ca.1800- 2000). Samlingane er oppbygde gjennom systematisk innsamling og deponering frå grunnskulane i heile Stryn kommune.

Hovudmålgruppa til museet er elevar i grunn- skulane i kommunen, men også andre interesserte kan få omvising etter avtale.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Lærerboligkartotek av Norges lærerlag, ved Stryn lærerlag. Undersøking i 1951


Koordinater: 61.88764° N 6.60622° Ø