Fastskular i Giske

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Giske gamle skule
Foto: Aud Farstad

Fastskular i Giske er eit oversyn over fastskular i Giske kommune, som ligg like nord for Ålesund. Kommunen har fire øyar med busetnad: Giske, Godøya, Valderøya og Vigra. I perioden 1860 - 1920 var kommunestrukturen slik: a) Vigra var ein del av Haram kommune fram til 1890 då dei vart eigen kommune fram til 1964; b) Dei tre andre øyane var del av gamle Borgund kommune fram til 1907, då vart dei eigen kommune med namnet Giske. I 1964 vart Giske og Vigra samanslegne til ein kommune.

Giske

Giske har gjeve namn til kommunen, men er likevel den minste øya. Dette er den eldste skulen på Giske som framleis står. Han er ein flott murbygning bygd i 1902 og var stor for si tid med lærarbustad i skulen. I dag har historielaget lokale øvst og elles vert gamleskulen brukt til SFO.

Den første fastskulen på Giske stod ferdig i 1865 på Øydgarden på nordsida av øya, berre fem år etter at fastskulelova kom. Skulen vart innvia jula 1865 av soknepresten samstundes som han heldt julegudsteneste. Den andre skulen låg på austsida av øya på Gjerdet og det varde litt før folket ikkje samde om tomta, men i 1871 stod den òg ferdig. I 1889 vart dei to krinsane slått saman og skulehusa vart brukte annakvart år. Slik hadde øya alltid ledige forsamlingslokale. Men i 1902, då den nye skulen midt på øya vart bygd, vart det slutt på den ordninga og foreiningane måtte halde seg der.

Skulehuset på Gjerdet vart selt til Ellingsøya og brukt i Litle-Årseth krins. Etter det igjen hamna huset til Hareid og der skal det visst stå enno. Dersom nokon veit kvar det er, så ta kontakt! Det andre skulehuset vart kjøpt av ein av ein kar som heitte Takle - det er alt som er kjent.

Opplysningane om dei første skulane er henta frå heftet "Skulen i vekst - Giske skule gjennom 250 år" skriven av Knut B. Giske og utgjeve i samband med at skulen i Noreg var 250 år i 1989. Diverre ser det ikkje ut til å vere foto av desse første skulane på Giske.

Godøya

Alnes gamle skule

Alnes gamle skule
Foto: Aud Farstad

Gamleskulen ligg på neset på nordsida av Godøya, i det gamle rekketunet - som stadig ligg i ei rekke.

Vegen til Alnes gjekk i mange år på austsida av øya utom det bratte fjellet som skil Alnes frå resten av øya. Dette var i mange år ein svært farleg veg der bårene vaska høgt oppetter og med mykje steinsprang, men nå er det bygd tunnel gjennom fjellet, midt på øya. Det er seinare bygd ny skule litt lenger nord på Alnes.

Godøy gamle skule

Godøy gamle skule (Godøytun)
Foto: Aud Farstad

Det gamle skulehuset ligg om lag midt på sørsida av Godøya i tilknyting til det gamle klyngetunet på Godøygarden - tett attmed fiskerihamna. Han er nå ein del av bygdetunet på Godøygarden, som igjen er ein del av Sunnmøre Museum. Museet har båtutstilling i kjellaren, krigsutstilling i lærarbustaden på loftet. Dessutan er dei 2 gamle klasseroma i fyrstehøgda forsamlingshus for øya.

Skulen var bygd frå 1918-1920. Han hadde 2 klasserom i fyrste høgda og lærarbustad på loftet. Då denne skulen vart bygd vart den gamle skulen frå 1871- som var den første fastskulen på øya - riven og flytta til Valderøya. Dei sløsa ikkje den gongen!

Vigra

Roald gamle skule

Roald gamle skule
Foto: Aud Farstad

Roald gamle skule er bygd på om lag 1890. Han blei plasset tett ved den gamle kyrkja i det gamle klyngetunet på Roald som også vart kommunesenteret i den nye kommunen. Skulen er stadig i kommunal eige, og delar av skulen er utleigd.

Solbakken skule

Solbakken skule
Foto: Aud Farstad

Solbakken skule ligg på garden Røssvik inne på øya på den vestre delen av Vigra, og er eit prakteksempel på kva folk kan få til med den dugnadsånda som framleis eksisterer på bygdene på Sunnmøre. Det er ei glede å sjå korleis ei gruppe menneske har teke over ein nedlagt skule, sett han i stand på dugnad, tek vare på gjenstandar frå bygda og gjort han til eit slags senter for det historiske minnet. Her held både sogelaget til. Her leiger dei ut til ulike arrangement og her heng det mange foto som viser elevar og lærarar frå skulen var ny i 1892. Det er Giske kommune som eig huset, men "Solbakkens venner" har hatt bruksrett sidan 1990.

Det eine av dei gamle klasseroma er gjort i stand som eit lite skulemuseum med gamle pultar, gamalt kateter, gamalt materialskåp med mykje av det gamle materiellet og gamle kart. På klasseromsbiletet sit Turid Røsvik, som har vore drivkrafta i Solbakkens venner, til høgre og Norlaug Stornes til venstre på dei gamle skulepultane.

Klasserom på Solbakken skule
Foto: Aud Farstad/kilde

Valderøya

Gjøsundsæter skule

Gjøsundsæter skule
Foto: Odd Egil Valderhaug

Skulen på Sætra, som garden heiter i dag, ligg lengst nord på Valderøya og vart ferdig i 1875. Her gjekk elevane frå norddelan av Valderøya + elevar frå 2 krinsar på Ellingsøya og dei hadde lang rotur til skulen. Skulen på Valderhaug låg eigentleg mykje nærmare. Skulen kosta 497 Riksdaler veit me frå byggerekneskapen som faktisk finst. Det var både klasserom, kjellarrom og lærarloft.

Valderhaug gamle skule

Gamleskulen på Valderøya
Foto: ukjent/Odd Egil Valderhaug

Den fyrste fastskulen på Valderøya var ferdig i 1869 etter ein oppheta skulestrid. Mange av gardbrukarane var motstandarar av både skule og skulehus, og det vart 2 fraksjonar som krangla om dette. Etter fleire komitear og fraksjonar og møte av mange slag, vart det i 1867 bestemt at skulen skulle byggjast på garden Valderhaug midt på sørsida av øya, og han vart ferdig i 1869. Karl Gidske vart tilsett soom lærar der og heldt fram heilt til den neste skulen i mur vart teken i bruk i 1869. Huset er nå selt til private, ombygd og teke i bruk som vanleg bustadhus.

Valderøy barneskule

Då Giske vart eigen kommune i 1907, gjekk dei straks i gang med å byggje eit nytt og flott skulehus som skulle vere felles for heile øya. Det vart ein del strid om plasseringa, men endeleg fann dei rette plassen. Skulehuset i mur kneisar den dag i dag oppe i bakken på i det søraustre hjørnet av øya på garden Valderhaug med utsyn vidt over fjorden. Då det låg ferdig i 1909 låg det som eit landemerke godt synleg frå fjorden med 4 skulerom fordelt på 2 etasjar og sløydrom i 3. høgda. Skulen vart etterkvart for liten og fekk fleire hus attmed i 1950-åra, og han fekk nytt tibygg med garderobar og toalett på baksida kring 2005. Han var i bruk heilt til 2014 - dei seinare åra som lokale for SFO. Då vart skulestaden flutt og ein heilt ny skule teken i bruk. Huset har i mange år vore omtalt som gamleskulen

Les meir her