Florø krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Det eldste skulehuset i Florø krins (Malkeneshuset) med dagens barneskule i bakgrunnen
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Florø krins var einaste skulen i Florø ladested. Skulen har hatt tre skulebygg, der det tredje skulehuset, bygd 1934, er framleis i bruk i dag.

Florø ladested bestod av innmarka til dei to gardane Øvre Florø (prestegarden) og Nedre Florø. Byområdet strakte seg frå Gaddevågen i aust til kring 40 meter forbi moloen som i si tid vart bygd mellom Fugleskjera og fastlandet. Området hadde ei lengd på kring 1,5 km og utgjorde 720 mål. Skulekrinsen favna om same område.

Første skulehuset vart bygd midt i krinsen i 1866 og står framleis i dag, Malkeneshuset. Etter kvart vart det første skulehuset for lite og eit nytt skulehus med to etasjar vart sett opp like ved det gamle skulehuset i 1890 (der sjukehuset står i dag). 3. desember 1918 tok det til å brenne i skulehuset i skuletida, det var med nød og neppe at elevar og lærarar redda seg ut i tide. Kommunen tok opp lån og byrja arbeidet med å setje opp ein ny skule på branntomta. Kostnadane vart for høge og dei kom aldri lenger enn grunnmuren. Florø fekk ikkje nytt skulehus før i 1934. I mellomtida måtte skulen ut på leige. Det vart innreidd fire klasserom i rådhuset, men i 1922 braut det også ut brann der. Vidare vart det leigd skulerom i fleire hus, blant anna den gamle tingstova, losjelokalet Breidablikk og Bedehuset i Markegata.

Skuleveg

Florø skulekrins favna om same området som Florø ladested. Alle tre skulehusa vart plassert i same område, omtrent midt i krinsen. Dette gav korte skulevegar på under 1 km for skulelevane i krinsen.

Skulehus

Malkeneshuset

  • Byggeår: 1866
  • Fungerte som skule: 1866-1890
  • Anna bruksområde: Har vore i privat eige i Malkenes-slekta sidan 1890.

Florø folkeskole (skulen som brann)

  • Byggeår: 1890
  • Fungerte som skule: 1890-1918
  • Anna bruksområde: Skulehuset brann ned 13. desember 1918

Florø folkeskole

  • Byggeår: 1934
  • Fungerte som skule: 1934 -
  • Anna bruksområde: Fungerer framleis som skule.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Løland Tokhil 1858 Florø 1890 Flytta til Bergen folkeskole 1892
Sørensen Jon 1868 Florø 1892
Dale Anders S. 1850 Florø 1886
Fischer Elisa 1842 Florø 1874 Privatundervisning
Elleraas Andreas K. 1868 Florø 1896 Seminar Klæbo middelskole
Hole Elias M. 1854 Florø 1900 Stord lærerskole
Ugletvedt Anna D. 1876 Florø 1898 Seminar Bergen middelskole

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd.
  • Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.
  • Holme, Annette Langedal. (2017) «Florø folkeskole - ein lang veg å gå» i Kjelda nr. 1, 2017.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.598949° N 5.039307° Ø