Forlagssystemet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Forlagssystemet var ein handverksbasert vareproduksjon organisert som heimeindustri, men der ein forleggar (gjerne ein kjøpmann) skaffa råstoff, betalte handverkarane godtgjersle og stod for omsetjinga av dei ferdige produkta. Den norske nemninga er basert på tysk Verlag, medan det på engelsk gjerne heiter the putting out system. Forlagssystemet kan karakteriserast som ein industriproduksjon før industrialiseringa, av historikarar frå 1970-talet av ofte omtala som protoindustri. Sjølve tilverkinga av varer foregjekk i dei einskilde handverkarheimane. Produsentane var ofte småbrukarar og husmenn som var avhengige av attåtnæringar til det vesle jordbruket som dei dreiv til eiga sjølvberging. Det kunne også vere reine handverkarfamiliar (ofte husmenn utan jord). Typisk var fleire medlemmer av familien engasjert i produksjonen, kvinner og menn, vaksne, unge og born. Eilert Sundt omtalar fleire døme på forlagsverksemd i boka si om husfliden i Noreg.

Kjelder og litteratur