Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Høsting av tobakk på Torsrud på Spikkestad 1943. «Bondetobakk» kalt «Havanna» og «Virginia» var de mest vanlige dyrkede sorter.
Foto: Røyken historielag hovedsamlingen 1998-2001 (RHB-0072)
NEG 202 Tobakk er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2004 med tittel Tobakk. Utsendar var Norsk etnologisk gransking. Denne spørjelista vart sendt ut i samband med den nye røykelova som vart sett i kraft 1. juni 2004. Denne spørjelista har samanheng med NEG 92 Bruk av tobakk, som vart sendt ut i 1962 om same emnet.   Les mer …

Leiv Engelschiøn farmasi averterte i Harstad Tidende 22. november 1939.
NEG 186 Alternativ medisin og behandling er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2000 med tittel Alternativ medisin og behandling. Utsendarar var Bente Gullveig Alver og Sigrid Smith.   Les mer …

Folkedans på Hol bygdemuseum i Hol kommune, Hallingdal, på Holsdagen.
Foto: Jac Brun
(1959)
NEG 143 Fest i lokalmiljøet er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1985 med tittel Fest i lokalmiljøet. Utsendar var Ann Helene Bolstad Skjelbred. Denne spørjelista er del av ein serie spørrjelister som opptek temaet ferie og fritid. Dei andre i serien er NEG 148 Hytter og hytteliv, NEG 149 Ferier, NEG 150A Lystbåter (kortversjon), NEG 150B Lystbåter, NEG 150C Fritidens båtliv og NEG 153 Vårt forhold til naturen.   Les mer …

Grenader- og skipatrulje våren 1808, Kongsvinger.
NEG 94 Muntlig tradisjon om hendelser i årene omkring 1814 er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1963 med tittel Muntlig tradisjon om hendelser i årene omkring 1814. Utsendarar var Lily Weiser-Aall og Hilmar Stigum.   Les mer …

Bandak, den vestligste delen, sett fra Bandaksli mot Kviteseid.
Foto: Siri Johannessen
(2016)
Telemarkskanalen er en vannvei mellom Skien og Dalen i Telemark. Den ble anlagt i to etapper, først fra Skien til Norsjø, og denne åpnet 1. mai 1861, mens strekningen fra Norsjø til Bandak ble anlagt mellom 1887 og 1892. Det er det største kanalanlegget i Norge, med en lengde på 105 km. Av dette er 22 km utbygd som kanal, mens resten er naturlige elver og innsjøer. Åtte sluser med tilsammen 18 kamre løfter båtene 72 meter i løpet av strekningen. Kanalanleggene eies av fylkeskommunen. Trafikken på kanalen er nå knytta til turisme, enten med en av de tre turistbåtene M/S «Victoria» (1882), M/S «Henrik Ibsen» (1907) eller M/S «Telemarken» (1951), eller med småbåter.   Les mer …

Langesund mekaniske verksted.
Foto: Ukjent.
Langesund mekaniske verksted var et verksted for skipsbygging. Verkstedet ble etablert som aksjeselskap våren 1914 av skipsreder Hans Petter Jacobsen (1853–1958), og leverte skip i perioden fra 1918–1967. Verkstedet ble grunnlagt på Smietangen ved Kongshavn i Langesund der det hadde vært skipsverft tidligere. Skipsbygging og skipsreparasjoner hadde foregått ved ulike seilskipsbyggerier i dette området siden slutten av 1600-tallet.Langesund var en viktig base for skipsbyggeri på 1600-og 1700-tallet og sto for flere leveranser av skip til den dansk-norske marinen. I årene 1672–1712 ble det bygget flere skip av typen defensjonsskip. Skipene skulle kunne verne seg mot kaprere i fredstid og tjene som orlogsskip i krig. I Christen Pedersen Lunds periode som verftseier ble det bygget 6 defensjonsskip. Det mest kjente var «Christina Maria» på 189, 5 lester og 36 kanoner. Da Christen Pedersen Lund døde i 1705, overtok Jørgen Pedersen Lund som verftseier og skipsbygger. I hans periode økte leveransene av seilskip til den dansk-norske helstaten betydelig. En viktig årsak til det var den store nordiske krig.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar