Forside:Austsamisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Austsamisk historie og kultur
Skoltebask, ein typisk austsamisk småbåt, frå Petsjenga.
Foto: Olve Utne
(2009)

Austsamar utgjer den nordaustligaste hovudgruppa av samane. Det tradisjonelt austsamiske området inkluderer deler av Sør-Varanger i Norge og Inare i Finland, så vel som det meste av Kolahalvøya i Russland. Austsamane blir inndelt i skoltesamar, akkalasamar, kildinsamar og tersamar. I tillegg utgjer enaresamane ei overgangsgruppe mellom austsamar og nordsamar. Av alle desse gruppene er det skoltesamane som har tilknytning til Norge.   Les mer ...

 
Smakebitar
Sää´mođđâz (‘samenytt’) var eit skoltesamisk kvartalsskrift som kom ut i Finland frå 1978 til 1986. Språklig sett begynte bladet som tospråklig finsk/skoltesamisk, men etter kvart tok den skoltesamiske delen heilt over. Bladet var maskinskrive, fotokopiert og distribuert på dugnad. Sää´mođđâz laut gå inn i 1986 etter at det vart umulig å finne pengar til kopiering og distribusjon.   Les mer …

Russisk-ortodoks kors avbildet på et postkort fra Petsjenga (Petsamo)
Foto: Digitaltmuseum.no/Hardanger og Voss museum
Petsjenga (ru. Печенга) eller Petsamo (finsk og svensk), frå skoltesamisk Peäccam (nordsamisk Beahcán) er namnet på landområdet rett austom riksgrensa mellom Sør-Varanger kommune i Norge og Murmansk fylke i Russland. Området er skoltesamisk frå gammalt av, og i si moderne utstrekning utgjer området austdelen av Pasviksiidaen, heile Petsamosiidaen og den vestlige delen av Suenjel-siidaen. Området kom under russisk kontroll i 1533.

Området ble fra begynnelsen av 1600-tallet til først på 1800-tallet betraktet som et felles norsk-russisk skattland, det såkalte fellesdistriktet. Fram til 1813 skatta skoltene både til Russland og til Danmark-Norge, men dei sto under russisk verdslig og kyrkjeleg jurisdiksjon. I perioden mellom 1814 og 1826 kravde heller ikkje Sverige-Norge skatt av skoltane. Området vart anerkjent under russisk jurisdiksjon ved grensekonvensjonen av 1826.

I og med Tartutraktaten i 1920 vart mesteparten av området lagt til Finland, men i 1944 vart det innlemma i den daverande Sovjetunionen og utgjer i dag hovuddelen av Petsjengskij rajon i Russland.   Les mer …

Če´vetjäu´rr kyrkje, b. 1951.
Foto: Motopark
Če´vetjäu´rr (skoltesamisk), Čeavetjávri (nordsamisk) eller Sevettijärvi (finsk) er ein innsjø og ei bygd i Inarin kunta i Lappi i Finland. Bygda ligg 35 km sørvest for Njauddâm (Neiden) i Sør-Varanger kommune i Norge og 120 km nordom kommunesenteret i Inari. Če´vetjäu´rr var eitt av dei fem haustseta for Njauddâm-siidaen. Da Sovjetunionen la under seg Petsjenga i 1944 vart dei fleste medlemmane av Suõ´nn´jel-siidaen evakuert hit, og i 1949 vart det etablert ei bygd her for Suõ´nn´jel-samane. Befolkninga i Če´vetjäu´rr er kring 350 og består av kring 90 % skoltesamar.   Les mer …

Skoltesamisk (skoltesam. sääˊmǩiõll, nuõrttsää’m, nuõrttsää'mǩiõll) er det nordvestligaste av dei austsamiske språka. Det historiske utbreiingsområdet inkluderer først og fremst Sør-Varanger kommune i Noreg, nordlige delar av Enare kommun i Finland, og Petsjengskaja rajon og Kolskij rajon i Russland. Skoltesamisk språk er prega av eit rikt vokalsystem, mykje apokope og suprasegmental palatalisering i ord med apokopert fremre endingsvokal. Språket har 9 kasus, og verba blir bøygd i 4 personar. Skoltesamisk er utdøydd som morsmål i Noreg i dag, og i Russland finst det berre kring 25–30 personar som snakkar språket; men i Enare har språket vorte revitalisert og det finst kring 400 personar som snakkar skoltesamisk der. Det no utdøydde nabospråket akkalasamisk vart stundom rekna som ein skoltesamisk dialekt.   Les mer …

Skoltesamar. (1871)
Skoltesamar (nynorsk) eller skoltesamer (bokmål) er eit austsamisk folk som tradisjonelt hører heime i Sør-Varanger kommune i Norge; i Inarin kunta i Finland; og i Petsjengskij rajon og Kolskij rajon i Russland. Dei utgjer det vestligaste av dei austsamiske folka — med unntak av enaresamane, som stundom blir rekna som vestsamiske.   Les mer …

Boris Gleb. I forgrunnen ser vi bl.a. fleire stabbur. Den nyare, totårna kyrkja frå 1874 er attast til høgre i bildet.

Boris Gleb (nynorsk/bokmål; russisk Борисоглебский) eller Skoltfossen (finsk Kolttaköngäs) er ein tradisjonell skoltesamisk sommarbustad og ortodoks kyrkjestad på vestbredda av Pasvikelva som elles utgjer riksgrensa.

Området, som opprinnelig er skoltesamisk, vart lagt under Russland i 1533, dette vart stadfesta gjennom Grensekonvensjonen av 1826 og i 1920 kom det under Finland som konsekvens av Tartutraktaten. I 1944 vart det 3,6 km² store området lagt under Sovjetunionen/Russland, der det hører til Petsjengskij rajon (Пе́ченгский райо́н) av Murmanskaja oblast.   Les mer …
 
Kategoriar for Austsamisk historie og kultur
 
Andre artiklar