Gåsemyr krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gåsemyr krins i Eggedalen i gamle Breim kommune. I 1890 bestod krinsen av gardane Egge, Gåsemyr, Strand og Bergheim.

I 1927 var Gåsemyr krins og Teita krins slegen saman til Bergheim krins og elevane flytta inn i nytt skulehus på Bergheim.

Skulehus

Gåsemyr skule (1)

  • Byggeår: 1867
  • Fungerte som skule: 1867-1903
  • Anna bruksområde:

I ein skuleprotokoll for 1874, har nokon (truleg lærar Torbjørn Teiten) notert om skadar på skulehuset under ein storm: "Den 26de. Januar rasede en svær Storm, der ramponerede Skolehusets Glass og Tag; Børnene maatte gaa hjem straks efter Middag, og de to følgende Dage maatte Skolen standes, for at det Ramponerede ved Huset kunde istandsættes saapas at Skolen kunde fortsætte."

Gåsemyr skule (2)

Huset hadde eit stort klasserom med to store vindauge mot sør, gang, eit lite kammers og loft. Loftsrommet var stort og her hadde dei gymnastikk om vinteren. Belysning var oljelamper fram til 1915, då fekk dei elektrisitet.

  • Byggeår: 1903
  • Fungerte som skule: 1903-1927
  • Anna bruksområde: Huset vart i 1930 flytta til Førde krins (Breim) og sett opp som skulehus der. I dag fungerer huset som grendahus.

Skuledagen

Det var todelt skule på Gåsemyr. I 1905 hadde storskulen 12 veker skule og småskulen 10 veker. I 1915 vart veketalet auka til 16 veker for storskulen og 14 veker for småskulen.

Skulevegen

Før krinsen fekk skulehus var det omgangskule mellom gardane. Eldre har fortalt at haust og vår heldt dei skule i utkantane av krinsen, medan dei om vinteren heldt skule i sentrum av krinsen.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Teiten Torbjørn Olsen Teiten Gåsemyr, Teita Lærar ved Gåsemyr skule iallefall mellom 1867-1880.
Glomnes Kristianne Glomnes 1870 Sandal, Bjørnaheim, Gåsemyr, Reed, Høygardane, Hole, Årdal
Bjørkelo Nils Bjørkelo 1877 Gåsemyr, Teita, Førde, Bergheim 1899
Gåsemyr Karoline Skram Gåsemyr Gåsemyr, Bergheim

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.
  • Skuleprotokoll for Gåsemyr krins og Teiten krins (Eggedalen), 1863-1882
  • Dagsjournal for Gaasemyr krins og Teiten krins, 1863-1884

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder