Gautsjøulykka 25. september 1941

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Aursjømagasinet 2005. Det var ein stad her ulykka skjedde.

Gautsjøulykka 25. september 1941 var ei frykteleg hending knytt til AurautbyggingaDalsida i Lesja. Eit arbeidslag på 11 mann dreiv med stikking av vegen som var under bygging opp frå Aura i Bøgrende fram til Gåsbue skulle avslutte arbeidet og fraktast over Gautsjøen med båt til Sørhella, ei strekning på 8–9 kilometer. Båten var ein sju meter lang open trebåt, ein fløytingsbåt, med påhengsmotor. Veret var fint og det var omtrent vindstille.

Sjølve ulykka og leitinga

Kva som hende denne septemberdagen, veit ingen. Fleire av karane var flinke til å symje, men ingen kom fram til Sørhella. Dagen etter, fredagen, var det gråvér, vind og skodde. Oppsynsmannen på veganlegget, Anton Mikkelsen, rodde da utover og støtte rett på båten, som flaut med baugen i veret. På ein liten holme om lag 250 meter unna fann han ein ryggsekk og ein sovepose. Han forstod at det måtte ha skjedd ei ulykke, rodde attende og varsla, og rodde ut att. Da var båten borte, men på holmen fann han fleire gjenstandar som hadde vore i båten: to soveposar, ein ryggsekk, ei lue, ei stikningsstand, ei fiskestang, to årer og eit vaterpass.

Sokning vart straks sett i gang, men utan resultat. Etter nokre dagar kom det dykkar opp frå Oslo Havnevesen, men heller ikkje han klarte å finne karane eller båten. Rykte begynte å svirre – hadde dei ikkje drukna, men stukke seg vekk i fjellet for å flykte til England? Men fredagen etter, 3. oktober, vart dei første to funne, og laurdag fem til. 6. oktober vart den eine lesjingen, Rolv Botheim, funnen. 8. oktober vart to mann til funne, mellom dei Syver Sørumgård, og fredag den 10. den siste frå Lesja, Ingar Holmseth.

Arbeidslaget var opphavleg 12 mann, men ein av dei, Hans Jordhøy frå Lesja, valde å gå stigen langs vatnet i staden for å bli med båten; dermed redda han livet.

Dei som omkom

Arvid Berget (f. 1921) frå Åsnes i Solør
Rolv Botheim (f. 1924) frå Lesja
Reidar Engen (f. 1915) frå Marstein i Grytten
Ingar Holmseth (f. 1925) frå Lesjaverk
Brede Opheim (f. 1919) frå Søre Ål, Lillehammer
Aksel P. Selliås (f. 1910) frå Harran i Grong, teknikar
Oluf Spersrud (f. 1888) frå Oppegård, gift, vegformann
Ola Svastuen (f. 1911) frå Sel, teknikar
Syver Sørumgård (f. 1906) frå Lesja
Sjur Tungeland (f. 1918) frå Haus i Hordaland eller Laksevåg,[1] teknikar
Severin Ødegaarden (f. 1912) frå Ringebu

Kva var årsaken til ulykka

Ein fann aldri årsaka til ulykka. Fleire teoriar verserte: at båten var for tungt lasta eller at han gjekk på ein undervasstein. Ein eldre kar fortalde til NTB at det kan ha vore dragsug frå ei underjordisk vassåre frå Gautsjøen til Aursjøen som drog båten ned. Men føraren av båten, Syver Sørumgård, hadde brukt båten før og var godt kjent på vatnet.

Det var òg uforståeleg at ingen av dei omkomne klarte å kome seg til land, eller i alle fall opp på den holmen det gjenstandane vart funne. Forklaringa som er mest attgjeve er at dei fleste truleg hadde gummistøvlar på, at båten velta og at karane klamra seg til kvarandre og vart dregne ned.

Det var ei gripande minnehøgtid i Lesjakyrkja måndag 6. oktober, og 12. oktober var det gravferd for dei tre lesjingane som omkom frå kyrkja.

I 1997 tok Lesja historielag på seg å koordinere arbeidet med å reise ein minnestein over ulykka. Den vart avduka av fylkesmann Knut Korsæth i eit stort arrangement ved Gautsjøen 30. august 1998. Til saman 110 familiemedlemer etter dei omkomne deltok.

Referansar

  1. Laagen 29.9.1941 har Haus, minneplata har Laksevåg

Litteratur og kjelder

  • Laagen. Organ for Norges Bondelag i Gudbrandsdalen, september–oktober. Faksimiler i Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog 1990 s. 105–117.
  • Aftenposten / NTB 29.9., 1.10., 2.10., 6.10.
  • Ulateig, Egil 2010: I hjartet av Norge. Fjellriket Dalsida. Lesja kommune s. 339–342.
  • Årsskrift for Lesja historielag 1998. Fleire bidrag s. 31–53.

Koordinater: 62.27500° N 8.72300° Ø