Giske sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Flate Giske med snø.
Foto: Commons

Giske sogelag i Giske kommune vart skipa 29. september 1963. Laget gjev ut Årsskrift for Giske sogelag. Laget har til føremål å fremje interesse og kunnskap om lokalhistorie på øya Giske og vil oppnå dette gjennom historieformidling samt vern av tradisjonar og kulturminne. I 1999 vart sogelaget medlem av Landslaget for lokalhistorie.

Aktivitet

Det har vore mest vekst i 2010-åra. I svært mange år var det sporadiske årsmøte og lite aktivitet i laget. Frå 2012 har det vore årlege årsmøte, og frå 2015 har det vore historiske vandringar på øya. Hausten 2019 starta laget strikkekafé ein gong i månaden for å skaffe folk ein treffstad.

I 2018 overtok sogelaget den gamle skulen på Giske frå 1904. Der er det no (2019) storstilt rehabilitering/restaurering. Laget har fått løyvingar til restaureringsarbeidet frå Kulturminnefondet og Møre og Romsdal fylkeskommune. Dei næraste åra vil vølinga av gamleskulen vere det viktigaste prosjektet til Giske sogelag.

Leiarar

  • 1963-1965: Elias H. Giske
  • 1965-1969: Ragnar A. Giske
  • 1969-1981: Elias H. Giske
  • 1981-1983: Ragnar A. Giske
  • 1983-1999: Knut Birger Giske
  • 1999-2006: Elias H. Giske
  • 2006-2008: Atle Bonsaksen
  • 2008-2013: Leif Urtegård
  • 2014-2015: Olav Giskegjerde
  • 2015-d.d : Turid Giskeødegård

Elias Giske har vore ein viktig person for sogelaget og har halde det levande i periodar med lite aktivitet. Giske har mellom anna skrive mange artiklar i årsskriftet, utarbeidd eit hefte om Giske kyrkje og vore primus motor for utarbeiding av Giskedrakta.

Publikasjonar

Årsskriftet har blitt gitt ut sporadisk gjennom åra, men sidan 2012/13 har det kome ut annakvart år.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer