Gjeldsimle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei gjeldsimle er ei simle (reinku) som ikkje har kalv det året. Mellom 20 % og 30 % av simlene frå treårsalderen og oppover er normalt kalvlause. Dei eldste simlene er gjerne dei mest kalvvisse. Gjeldsimler som hadde kalv året før har ofte følgje av årskalven. Om ein kalv ikkje kan suge mor si, så kan det fungere i somme fall å sette kalven under ei gjeldsimle som framleis blir soge av årskalven.