Gjengedal skule (1952–1968)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjengedal skule
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Gjengedal skule i Gjengedal krins i Skulehistorie i Gloppen var det andre skulehuset som vart sett opp i krinsen. Bygget fungerte som skule i Gjengedal krins frå 1952-1968. Før det hadde bygget fungert som skulehus for Sandane krins (1892-1934). Då Sandane fekk nytt skulehus i 1934, vart bygget pakka ned og sett opp att i Gjengedal i 1934, ikkje langt frå det gamle skulehuset. Sjølv om huset kom til Gjengedal alt i 1934, vart det ikkje klrgjort til skulehus før i 1952.

Skulehuset

Skulehuset har to skulestover og kjellar som var tiltenkt sløydsal. På loftet var det laga til ei leilighet. Dei faste lærarane budde i det gamle skulehuset, men enkelte lærarinner som heldt vevkurs budde her. Siste halvåret før skulen vart lagt ned budde den siste læraren i Gjengedal krins, Aase Hope i loftleilegheita med familie.

Anna bruksområde

I dag er det grendalaget som eig huset og bygget fungerer som grendahus. På skuleplassen er det satt opp ei minnestøtte etter lærar og forfattar Knut Gjengedal

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Samtale med Anna Sigbjørg Holme (barnebarn av Samson Sande)


Koordinater: 61.668368° N 5.920116° Ø