Glidbjørgsmoen (Bykle gnr 16/16)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Glidbjørgsmoen
Stavenes 70.jpg
Glidbjørgsmoen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Moen
Smylemoen
Rydda: 1936
Utskilt: 1936
Stad: Stavenes
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 16
Bnr: 16
Type: Gardsbruk

Glidbjørgsmoen i Bykle ligg i nedenden av Glidbjørgsdalen, på elvebakken ned mot Otra. I matrikkelen heiter det Smylemoen (av smyli, m - ein grasart), men til dagleg er det Glidbjørgsmoen eller berre Moen.

Det var Kjetil Sigbjørnsson Glidbjørg, yngste bror åt Hallvard og Olav i Nordstog og Systog Glidbjørg, som i 1936 fekk skilt ut denne parsellen frå Utistog Stavenes. Bruket fekk bnr 16 under Stavenes og vart skyldsett til 26 øre. Kjetil dyrka opp bruket, og bygde husa her. Stogebygningen hans er på 6 x 10 m i 1 1/2 høgde. I 1953 var her 3 kyr, 2 kalvar, 8 sauer og 15 geiter, fortel Norges Bebyggelse.

Kjetil var motstandsmann under krigen, men vart teken under rassiaen i Jøssingbu i januar 1943 (sjå bolken om Jeiskeli, gnr 3, bnr 7), sendt til fangeleiren Neuengamme i Tyskland, og lei mykje vondt. Etter han kom heimatt hadde han alltid plager av det han hadde opplivd i den tida. I 1955 selde han bruket, og nokre år seinare flutte han åt ei hytte han hadde bygd seg på Hovden (Tussehaug), og budde der.

Kjetil S. Glidbjørg ca 1936. Bilete frå Marie Gildbjørg.
Trass i alt det vonde gav fangetida også eitt og anna hyggeleg minne. Her er omslagsteikninga til ein gratulasjonssong til Kjetil på gebursdagen 15.4.1945 frå kameratar i Neuengamme. Frå Setesdalsmuseet.
  • Kjetil Sigbjørnsson Glidbjørg, f 1897, d 1978, ug

Kauparen av bruket i 1955 var brorson av Kjetil, Hallvard Helleiksson Jeiskelid (jfr. Jeiskeli).

  • Hallvard Helleiksson Jeiskelid, f 1915, d 2001
g 1948 m Kjersti Knutsdtr. Våmartveit, f 1918, d 1959. Born:
  • Helleik Magne, f 1949, ug, sjå nedanfor.
  • Guri Kjellfrid, f 1951, born m Sigbjørn Helleiksson Glidbjørg:
  • Kjell Ove, f 1970, d 1989
  • Guri g 1979 m Johan Georg Fjell, Karmøy, busett Karmøy
  • Reidar, f 1980
  • Halvor, f 1982
  • Aslak, f 1984
  • Geir Arne, f 1987

Kjersti var frå Sudistog Våmartveit i Vinje, og dotter åt Knut og Gyro Våmartveit.

Året etter at Hallvard hadde overteke bruket her kaupte han i tillegg noko over 2/5 av Glidbjørgskogen (bnr 7) av A/S Sætersdalen. Skogteigen vart bnr 17 med ei skyld på 38 øre og matrikkelnamnet Moskogen.

Hallvard arbeidde med jord, dyr og skog på Moen til slutten av 1980-talet, og sto som eigar av bruket så lenge han livde. Sonen Helleik Magne vart neste eigar:

  • Helleik Magne Jeiskelid, f 1949, ug.

Han er ikkje gardbrukar, men byrja tidleg med traktorar og gravemaskiner, og arbeider framleis i anleggsmaskinbransjen. Den formelle overtakinga av eigedomen fann stad like over nyårsskiftet år 2002.

Siv Kristin Jeiskelid i Systog Glidbjørg slår høyet av Moen, og har også eit nydyrkingsfelt her.

Kjetil ved Tussehaug på Hovden ca 1970.
Foto: Gerd Fosse Hovden
Kjetil 1977.
Foto: Marie Glidbjørg


0941 Bykle komm.png Glidbjørgsmoen (Bykle gnr 16/16) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Sanden • Neste bolk: Trydal