Gosen (Bykle gnr 15/64)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gosen
Gjerden 59d.jpg
Gosen pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1979
Utskilt: 1978
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 64
Type: Bustadeigedom

Gosen er tomt nr 5 i Øvre Sarv i Bykle. Tomta gjekk ut frå bnr 11 i 1978, og året etter hadde Bykle kommune ferdig ein bustad her.

Dei som budde her dei fyrste åra var Kjell Pedersen Rise og huslyden hans. Dei er omtala i bolken om den verestaden der dei nå (2006) bur, Kommunebo, bnr 72.

Då dei flutte ut i 1983, vart eigedomen her selt. Kauparane var Bjarne og Solfrid Tveiten, som tidlegare hadde budd i lærarbustaden Notun, bnr 20.

Bjarne Tveiten 2005. Bilete frå Setesdølen.
  • Bjarne Olavsson Tveiten, f 1942, d 2020
g 1967 m Solfrid Marie Haugen, f 1944, d 2019. Born:
  • Bjørg Sissel, f 1969, lærar, g 1990 m Sigbjørn Knutsson Hoslemo, sjå Hoslemo Haugen
  • Lill-Grethe, f 1972, bioingeniør, sjå Myri 3, gnr 14, bnr 70
  • Magnus Olav, f 1978, under utd.

Bjarne kom frå Nordgarden Breive, og son åt Olav Pålsson Tveiten på det bruket og kona Ingebjørg, fødd Holen. Solfrid var frå Lurøy i Nordland, og dotter åt Signe og Magnus Haugen. Solfrid var hjelpepleiar og bibliotekar. Bjarne var lærar i ungdomsskulen, og dertil frilansskribent, mellom anna som litteraturkritikar i Fædrelandsvennen. I perioden 1990-2005 var han redaktør i Bykle Radio. Han har også vore engasjert i politikken, og sete i formannskap, kommunestyre og fylkesting, der han representerte SV.

Saman med broren, Per Torleiv, eigde Bjarne Nordgarden Breive, gnr 1, bnr 1.


0941 Bykle komm.png Gosen (Bykle gnr 15/64) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Skoglund • Neste bolk: Sarvli