Grindheim kyrkje (Audnedal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grindheim kyrkje
Grindheim kirke, Vest-Agder - Riksantikvaren-T207 01 0007.jpg
Grindheim kirke omkring 1910
Stad: Grindheim
Byggeår: 1783
Endringar: Restaurert i 1940-åra
Kyrkjegard: Grindheim kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Den norske kirke
Bispedøme: Agder og Telemark
Prosti: Mandal
Prestegjeld: Nord-Audnedal
Fellesråd: Audnedal
Sokn: Grindheim
Arkitekt: Arnt Listad (tømrar)
Teknikk: Tømra
Materiale: Tre
Sitteplassar: 250
Anna informasjon: Rosemåling av Tore Asbjørnsson Risøyne, 1791.

Grindheim kirke ligg eit par km nord for Byremo i Audnedal kommune i Vest-Agder. Ho er ei krosskyrkje i tømmer, og vart oppført av tømraren Arnt Listad frå Konsmo lenger sør i Audnedal. Kyrkje er soknekyrkje for Grindheim sokn, som tidlegare tilhøyrde først Bjelland prestegjeld og så Nord-Audnedal prestegjeld i Mandal prosti. Soknet ligg no under Audnedal kyrkjelege fellesråd. Grindheim var kyrkjestad alt i mellomalderen, og gamlekyrkja stod på same staden.

Innvendig er kyrkja rikt dekorert med rosemåling utført av Tore Asbjørnsson Risøyne i 1791. Gutorm Persson Eftestøl, som var tolv år gamal i 1791, var med som læregut. Dette reknast som eit hovudarbeid i rosemålinga i Vest-Agder. I 1898 vart dekoren overmåla, men under ei restaurering i 1940-åra vart rosemålinga avdekka.

Kyrkjebøssa ved døre har årstalet 1745, og må nok vere frå gamlekyrkja. Det gjeld òg klokka, som har påskrifta «omstøbt av Jacob Rendler ano 1760».

Kuriosa

Meistertjuven Ole Høiland vart døypt i Grindheim kyrkje den 24. februar 1797. Familien budde då på garden Høyland kring ei mil frå kyrkja.

Galleri

Litteratur og kjelder

Koordinater: 58.43754546° N 7.41667253° Ø