Grunde Johnson Skomedal (1916–2015)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grunde J. Skomedal.
Foto: Margit Vea i Sydkorset nr. 1 (2007).

Grunde Johnson Skomedal som vart fødd 14. juli 1916 på Jortveit i Hornnes og døydde 24. oktober 2015 i Melbourne, Australia, var ein krigsseglar og sjømann frå Setesdal i Aust-Agder. For tenesta i handelsflåten under andre verdskrigen fekk han Deltagermedaljen 9. april 1940 - 8. mai 1945, Krigsmedaljen 21. mai 1981 og Kong Haakon VII's Frihetsmedalje i 1988.

Foreldra til Grunde var byglendingane Jori Olavsdotter Austad (f 1886) og Jon Gunsteinson Skomedal (1886–1936), og Grunde var ein av ein syskjenflokk på åtte: Gunstein (1909–2004) som emigrera til Amerika i 1929, Olav (f 1911), Gunnar (f 1914), Grunde, Eivind (f 1919), Gyro (f 1921), Anne (f 1923) og Mari (f 1927). Nokre år etter at Grunde vart fødd flutte familien til Longerak i Bygland då mora ervde garden Nedre Søbø etter tanta Tore Langerak.

Grunde reiste til sjøs fyrste gangen om bord på skoleskipet «Sørlandet» i 1933. Det sette kurs for verdsutstillinga i Chicago, der «Sørlandet» skulle vere den norske paviljongen. Men innan han kunne mønstre på måtte far hans underskrive på at offiserane om bord kunne rise Grunde om han ikkje oppførte seg rett. I USA møtte han mellom anna Henry Ford, og vel attende i Oslo vitja kong Haakon og kronprins Olav skipet. Han fortel meir om dette i «minne om tida til sjøs» i årsskriftet Setesdal og setesdølar frå 2016. Her nemner han og at dei var to Skomedalar som var til sjøs under krigen. Eldstebroren Gunstein hadde busett seg i Flint, Michigan før krigen braut ut og verva seg til den amerikanske marinen i 1942. I same artikkelen fortel Grunde at han reiste heim til Longerak ein tur etter krigen, og 17. mai 1946 heldt han talen der.

I 1953 busette Grunde seg i Melbourne i Australia med kona Betzy og fortsette å arbeidde for Wilh. Wilhelmsen. Betzy og Grunde møttest fyrste gong i eit selskap i Melbourne i 1948, vert trulova i 1949, og i 1950 vert dei gift. Saman fekk dei dottera Annelise Marguerite som vigde med Chris, og etter kvart kom bornebornet Melissa. Betzy Joan Hartup var norskætta, bestefaren var Karelius Edvard Eliassen frå Fredrikstad som kom til Australia i 1890, medan bestemora kom frå England.

Skip og mønstringar under andre verdskrigen

Grunde sit heilt til venstre i andre rekkja nedanfrå.
Foto: Nordisk Tidende 20. august 1942 / Vang Studio.

Grunde mønstra på som matros 4. januar 1939 på M.Chr. Stray sin M/S «Anatina» av Kristiansand, og mønstra av igjen 20. november 1940. Neste skip vart Det Bergenske Dampskipsselskap sitt dampskip «Pollux» av Bergen. Han siglde som båtsmann frå 6. januar 1941 til 22. februar 1942. Dagen etter at han mønstra av i New York vart han elev i det fyrste kullet ved Den norske Styrmansskole i Brooklyn, og vert uteksaminera 15. august 1942. Grunde gjorde det godt, med 3.0 som høgst oppnåelege karakter fekk han hovedkarakter 2.96 og ingen av dei andre under 2.0. Det gav sluttresultatet ug (utmerket godt). Han var ein del av det fyrste kullet norske navigatørar utdanna utanfor Noreg, og dei bruka seks månader på det som i Noreg tok ti.

Med ferske papir mønstra han på Wilh. Wilhelmsen sitt motorskip «Tamerlane» av Tønsberg som 4. styrmann 29. august 1942, og mønstra av 28. februar 1943. Dagen etter mønstra han på att som 3. styrmann, og blei ombord til 14. januar 1946.

Den neste hyra, som 2. styrmann ombord på Brusgaard & Kiøsterud & Co sitt D/S «Hiram» av Drammen, vart kort. Han mønstra på 4. februar 1946, og av berre ti dagar seinare, 14. februar 1946. 26. februar 1946 mønstra han så på A.F. Klaveness & Co. A/S sitt motorskip «Stiringville» av Oslo som ekstramann for å kome seg heim til Noreg. 28. mars 1946 mønstra han av og reiste heim til Longerak.

I Australia

Grunde og kona Betzy.
Foto: Utlånt av familien.

Grunde fortsette å seile for Wilh. Wilhelmsen etter krigen og tidleg i 1948 klappa MS «Tournai» til kaia i Melbourne. Han var 2. styrmann på jomfruturen, og om bord møtte han eit australsk par som han fekk god kontakt med. Dei invitera Grunde heim til seg, og stelte til selskap ein kveld. Der traff han Betzy, og berre eit par år etter at dei vart vigde byte han sjøen for landjorda og ei stilling på Wilh. Wilhelmsen sitt kontor i Melbourne. Tenesta inneheldt og at han skulle møte rederiet sine skip, og i eit intervju med avisa til Wilh. Wilhelmsen fortel intervjuaren at han såg ut til å trivas godt med å hjelpe andre.

Kyrkja og det norske miljøet var viktig for Grunde, han var medlem av kyrkjerådet i den svenske kyrkja i 42 år og i 15 av dei var han sekretær. Kari Berry minnes Grunde i kyrkjebladet Horisonten og fortel hvor venleg han hadde teke imot henne og familien hennar då dei kom til Australia. Han støtta henne mellom anna i å starte foreininga Friends of Norway. Grunde vitja i tillegg til Wilhelmsen sine skip og gjerne dei som hadde norsk mannskap eller norske immigrantar om bord. Han tok dei med seg til den svenske kyrkja så dei kunne få nyhende heimanfrå, lese aviser og treffe folk.

Grunde was a gentle, gracious and friendly man with a warm sincere smile [...] Grunde was respected, someone you could trust and rely on, someone you could confide in and ask for advice. He was not one who was seeking the limelight and wanting attention, but he was there, always to help and chat with everyone.[1]
– Kari Berry i Horisonten Mars 2016 – Maj 2016

Grunde vart bisett i Swedish Church i Toorak (Melbourne, Australia) 5. november 2015.

Kjelder

Primærkjelder

Note

  1. Grunde var ein mild, hjelpsam og venlig mann med eit varmt og ekte smil [...] Grunde ble respektert, han var ein du kunne lita på og ha tillit til, ein du kunne tala med om tyngre ting og søkja råd hos. Han søkte ikkje hovudrolla eller at folk skulle leggje merke til han, han var der, alltid for å hjelpe til og snakke med alle. [S.J]