Gunhild Sveinsdotter Veamyrane

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Gunhild Veamyrane»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gunhild Sveinsdotter Veamyrane (1837-1885) var utgangspunktet for den religiøse vekkinga som byrja i Fyresdal og Vrådal i 1860. Gunhild vaks opp på Veamyrane gnr. 86/3, den gong ein plass under nordre Veum (gnr 86/1). Foreldra hennar var Svein Sveinungson N. Veum (1802-1868) og Sigrid Gunnarsdotter Lønnegrav (1808-1905) frå Vrådal i Kviteseid. Ho var den femte av 8 sysken. Den yngste var Sigrid (1848-1920) som vart gift med Tarjei Ånundson Veamyrane som var frå Lurås i Mo. Svein Veum hadde nordre Veum, men på grunn av manglande forsikring etter ein brann på garden, overdrog han eigedomen til broren Petter i 1850 og fekk feste på husmannsplassen Veamyrane og var busett der resten av si tid.

Ho var ei tid i teneste hjå morbroren Aani Findreng som seinare vart forstandar i den lutherske frimenighet i Vrådal. Her vart ho påverka av det nye rundt henne, kom i ei åndeleg gjæring og vart under dette lekamleg sjuk. Under denne sjukdomen kunne ho ofte «falde bort». Dette varde ved heile vinteren frå november 1859 og ut over sumaren 1860. I desse periodane byrja ho å ha guddomlege openbaringar, folk kom og søkte henne, og då hadde ho gripande formaningsord om å sky synda og søke Frelsaren. Det syntest å være kortspel og felespel og dans som var dei synder som opptok mest hennar tankar. J. L. Qvisling seier at det var tydeleg eit indre resonnement som svara til det ho heldt fram for andre i sine påminningar og åtvaringar. Etter kvart vart det lagt mindre vekt på det ytre og rørsla fekk ein heilt gjennom sunn retning og synte såleis si indre sanning i det som var hovudsaka, seier han.

Frå Vrådal kom ho året etter tilbake til Fyresdal og tok teneste på Folsæ i Hauggrend hjå Jon Aanesen Folsæ (Folseth) som hadde teke over garden etter faren. Ho fekk raskt stor påverknad på sin nye husbond som av natur hadde eit alvorleg sinn. Han vart vakt til eit sterkt åndeleg liv. Han heldt oppbyggande møter rundt om i prestegjeldet, noko som var ukjent i den tid i Fyresdal. Andre predikantar slutta seg til han. Dette vart seinare ein del av Vegårdsheirørsla. Prosten Iver Andreas Teisner lika ikkje dette noko serleg, det vart mykje uro ein periode i bygda slik han såg det. Men Jon Folsæ og andre var trufaste kyrkjegjengerar.

Seinare kom Gunhild til å opphalde seg mest i Vrådal. Det utvikla seg hjå henne ein alvorleg underlivssjukdom, ho vart operera i 1883 i Kristiania, men døydde som fylgje av operasjonen. J. L. Qvisling seier at med hennar åndelege kvalitet vart ho ein Guds reiskap til å fremje betre tider i mange retningar i Fyresdal.

Kjelder og litteratur

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Qvisling, J. L.: Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
  • Svendsen, Sigrid: En vækkelse. Lutherstiftelsens forlag. Andre opplag Oslo 1971.
  • Ådna, Karsten: Kristenliv i Telemark. Et festskrift ved Skien krets av Norsk Luthersk Misjonssambands 50 års jubileum. A.S. Lunde & Co.s forlag 1955