Guttorm Johannesson Nigard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Guttorm Johannesson Nigard (fødd ca 1689, gravlagd 15. oktober 1741) var gardbrukar på Nigard i Jostedalen, i noverande Luster kommune. Guttorm og huslyden hans var mellom dei som vart verst råka av øydeleggingane til breane under den vesle istida.

Guttorm var son av Johannes Guttormson Nigard (ca 1661-1733) frå Stryn og Lukris Findsdotter (ca 1664-ca 1741) som ein ikkje veit kvar kom ifrå. Dei fekk bygselbrev på Nigard i 1686, så Guttorm voks opp her.

Guttorm gifte seg kring 1727 med Rannei Finnsdotter (ca 1699-ca 1760) frå Kreken, dotter av gardbrukar og kyrkjeombodsmann Finn Olson Kjeppe og Anna Jetmundsdotter. Guttorm og Ranneig busette seg truleg i Nigard då ei gifte seg og dreiv bruket sjølv eller mest truleg (frå 1737) i lag med Guttorm sin bror Finn Johannesson Nigard og kona hans Siri Finnsdotter, som var syster til Rannei.

Guttorm tok på hausttinget 16. november 1735 opp eit tingsvitne som er ei viktig kjelde til øydeleggingane som den framrykkande Nigardsbreen valda. Her vitnar allmugen at både den "fattige Mand" Guttorm og forgjengarane hans på garden årleg har måtte tigge både brød og såkorn, og at dei heller ikkje har vore god for å betale landskyld til eigaren Christopher Munthe på årevis. Grunnen er at Nigardsbreen har øydelagt mest all beite- og slåttemark, og at avlingane på resten av garden hadde svikta på grunn av kulden frå breen. Breen låg på dette tidspunktet berre "et steen kast" frå gardshusa.[1]

Det skulle ikkje gå lang tid før det ikkje var buande i Nigard. I 1742 heiter det at garden vart fråflytt fire år tidlegare (1738),[2] og det er uvisst kvar Guttorm og Rannei budde dei siste tre åra Guttorm levde. Ranneig skal ha vore innerst i Li nokre år før ho i 1746 flytte frå Jostedalen.

Ranneig hadde eitt born med ein ukjend Ole før ho gifte seg:

  • Finn Olson (1725-1771), som vart gardbrukar i Leirholen i Hafslo

Guttorm og Rannei fekk tre born, og to voks opp:

  • Anna Guttormsdotter (ca 1728-?), som fekk dødsstraff for å ha fødd i dølgsmål, men vart benåda og kanskje send til tukthuset i Bergen. Ho levde framleis i 1771.
  • Rasmus Guttormson (ca 1731-?), som flytte til Nordmøre der han framleis levde i 1771.

Notar

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 614. (Digital utgåve, NBdigital)