Halland skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Halland skule, også kjend som Kyrkjelydshuset og Klokkargarden, ligg på Systrond og var skulehus for Halland krins i Leikanger

Skulehuset

Kring 1872 vart det gjort opptak til å byggja nytt skulehus med lærarbustad på klokkargarden Halland, og godseigarbustaden på Hauglum og Fresvik etter godseigar Hille, vart kjøpt til flytting for 650 spesidalar. Huset stod ferdig til bruk kort tid etter.

Det nye skulehuset med klokkarbustad vart taksert og branntrygda 28. desember 1874. Det var 25 alner (15,5 m) langt, 13 alner (8 m) breitt, oppført av tømmer med teglsteinstak, stod på grunnmur med kjellar, var kledd med bord som var oljemåla. Der var og ei steintrapp frå nedsida opptil inngangen.

Sjølve skulestova befant seg i den vestvendte delen av huset, og resten av huset var bustad for klokkaren med familie. Skulestova hadde kateter, 12 skulebord med 12 benkar, to bokhyller og ein 9-etasjes kakkelomn. Rommet hadde fire dobbel-fag vindauga. I fyrste høgda var det også bustadrom, og det var to rom på loftet.

Heile perioden frå krinsen blir oppretta og fram til århundreskifte står det tidvis oppført i protokollane at skulen blei halden på "Halland skulehus" eller "Bankhuset på Halland". På midten av 1890-talet kan ein lese følgande om skulen i femårsmeldinga: "Hallands skolehus. Et skoleværelse (ber. paa 35 børn) og lærerbolig bestaaende af stue, kammer, 2 loftsværelser, kjøkken, gang og kjælder."

Huset var i bruk som skule frå 1873 fram til ca 1900.

Andre bruksområde

Bygningen vart brukt som skule og klokkarbustad til kring 1900, seinare som bustad fram til om lag 1980. Etter dette hadde både lensmannen og skulesjefen kontor i huset før ei nemnd frå soknerådet overtok bygningen. I 1986 starta arbeidet med å bygge om huset til eit kyrkjelydshus. Arkiteketen var Vidar Åm, og heile prosjektet vart finansiert ved gåver, lån og dugnad.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Aass, Sverre (1994) . Innsyn i den eldste skulesoga i Leikanger. Systrendingen, nr. 2, s. 5.
  • Beretning om Leikangers folkeskoler for 5-året 1891-1895. J.D. Beyers bog- &accidentstrykkeri 1896

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder