Hans B. Osnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans B. Osnes med familie kring 1910.
Foto: Gustav Osnes

Hans Berntsen Osnes (fødd i Ulstein 19. juni 1872, død same stad 14. oktober 1958) var lærar, gardbrukar, forretningsdrivande og pressemann. Han var aktiv i norskdoms- og fråhaldsrørsla og i lokalpolitikken. I ei jubileumsomtale da han runda 85 år, vart han karakterisert som «ein av sentrumsfigurane i bondereisinga i Møre og Romsdal». Han var engasjert i Landmannsforbundet frå 1906 og i Bondepartiet da det vart stifta, og var ei tid redaktør for bondebladet Sunnmøre Tidend. Han var også ein tiltaksmann som sette i gang ei rekkje moderniseringstiltak i heimbygda. I ei omtale frå 1919 blir han av ein sambygding karakterisert slik: «Hans B. Osnes er ein evnerik og energisk mann - full av idear og handlekraft, og det stend javnt eit friskt ver av han.»[1]

Familie

Hans B. Osnes voks opp på garden Osnes i Ulstein, på bruket Fagertun (gnr. 1.9), som foreldra hans hadde bygd opp frå grunnen av frå 1871. Foreldra var Bernt Larsson Osnes (1842-1912) og Anne Marta Johannesdotter f. Nesset (1844-1929), båe frå Ulstein. Det nye gardsbruket Fagertun var resultat av ei garddeling og utskifting der Bernt Larsson og broren fekk kvar sin del av farsgarden. Hans var den eldste av tre sysken, ei syster og ein bror. Broren overtok Fagertun etter foreldra.

Osnes var gift to gonger. Fyrste ekteskapet var med Elise Pedersdotter Vik frå Ulstein (1872-1934). Dei fekk fem born i tidsrommet 1896-1902. Andre ekteskapet var med Marie Torsdotter Bø frå Måløy (fødd 1884). Det var ikkje born i det andre ekteskapet.

Utdanning

Etter folkeskulen gjekk Osnes to kurs ved Sunnmøre amtsskule som da hadde tilhald i Ulstein. Frå 1889-1891 var han ved Stord seminar og tok lærareksamen. Deretter gjekk han mellomskulen i Volda 1891-1892. Etter nokre år i lærarpostar forbetra han lærareksamenen sin som privatelev ved Volda lærarskule i 1898.

Lærargjerninga

Osnes vart tilsett som lærar i Herøy (Skorpa, Moltustranda og Kopperstad krinsar) frå hausten 1892. Frå 1893 til 1895 arbeidde han ved Hatløy, Vattøy og Snipsøyrdalen udelte skular i Ulstein. Deretter var han lærar og klokkar i Nordberg sokn i Skjåk i Gudbrandsdalen til om våren 1898. Han overtok etter den politisk konservative og pietitstiske Ole Lund, og markerte seg med nye metodar og tenkjemåtar i undervisninga. Osnes gjorde mellom anna godt som slutt på at ungane skulle pugge bibelhistoria. Han la heller vekt på at dei skulle kunne forstå og gjenfortelje innhaldet i bibel og verdsleg litteratur. Han innførte også heimstadlære, om dette enno ikkje hadde fått status som eige fag. Ein som hadde gått hjå han, minnest om dette: «Bl.a. så hadde vi hele timer med at fortelle hva vi visste om bygda, arbeid, skikke, grender og grendelag.»[2]

Etter tida ved Volda lærarskule vart Osnes frå nyttår 1899 tilsett som lærar og klokkar i Fiksdal i Vestnes, der han budde til 1906. På grunn av helseproblem slutta han som lærar og tok til som gardbrukar i Ulstein. På 1920-talet arbeidde han igjen fire år som lærar i Hatløy og Vattøy ved sida av gardsarbeidet, til dei to krinsane vart nedlagde i 1926.

Bonde og forretningsmann

Da han slutta som lærar i 1906 kjøpte han den gamle handelsstaden i Ulstein, Borgarøya eller Litle Hatlø (gnr. 36.1). Der dreiv dei gardsbruk, og ved sida av dette sette Osnes i gang med handel med sild, fisk og tran. Osnes vart også skipsreiar, da han i 1914 saman med nokre andre kjøpte fiskedampskipet «Mjølner», som Osnes var disponent for. I 1916 kjøpte han aleinme D/S «Borgarøy», men det forliste ved Haugesund to år seinare. I 1917 kjøpte Osnes motorkutteren «Glitner».

Denne verksemda måtte han innstille på grunn av den økonomiske krisa i åra etter fyrste verdskrigen.

Politikk, bygdeutvikling og presseverksemd

I 1910 vart Osnes vald inn i kommunestyret i Ulstein. Da hadde han bak seg ein innsats for å få utbygd telefon i bygda. I 1914 vart han ordførar, og var det heilt til 1922. Mellom anna stilte han seg da i spissen for å få elektrisk straum til bygda. Ulstein kommunale elektristetsverk stod ferdig til bruk i 1917. Andre moderniserande tiltak som han gjekk i bresjen for var Ulstein dampskipslag, Ulstein Landmandsbank, ei grynmølle og meir til.

Bonderørsla vart eit utgangspunkt for det politiske engasjementet frå 1906, da han vart med i Landmandsforbundet. Han stilte som stortingskadidat for fylket for forbundet i 1918. Da Bondepartiet vart skipa i 1920, gjekk han heilhuga med i dette. Han var mellom anna fylkessekretær for partiet, og han arbeidde for å byggje opp bondepressa, fyrst og fremst Sunnmøre Tidend, der han var redaktør ei tid, og seinare som medarbeidar i avisa Fylket.

Organisasjonsarbeid

Frå ungdomen av engasjerte Hans Osnes seg sterkt for ymse idealistiske føremål som ungdomsarbeid, fråhaldssak og norskdom. Medan han hadde fyrste lærarposten sin i Herøy, fekk han i gang musikklaget Ulf. I Skjåk blir han rekna som den fyrste typiske ”vestlandslæraren” i bygda. Han innførte nye måtar å drive undervisning på. Han vart ei drivande kraft i det frilynde ungdomslaget i Nordberg., og han var etter alt å dømme den fyrste i Skjåk som for alvor tok opp fråhaldsarbeidet. Han vart også ein føregangsmann for landsmålet i bygda.

Det vart fråhaldssaka som skulle bli det viktigaste arbeidsfeltet for Osnes innan den idealistiske verksemda i åra som kom. Da han tok til som bonde, brukte han samstundes haustane og vintrane til å reise som talar og organisator for IOGT. Reisene gjekk over store delar av landet, særleg Trøndelags-fylka, Gudbrandsdalen, Agder og Rogaland forutan «nærområdet» på Nordvestlandet.

Osnes var også sterkt interessert i bygdesoga, og han samla og bearbeidde mykje lokalhistorisk stoff.

Referansar

  1. Bygdebok for Ulstein og Hareid, band IV, side 563-564, siterer G. Osnes i heftet om Romsdals amt, Ulstein herad, i serien Norges næringsveie (1919).
  2. Skjåk bygdebok bd. 3 side 369, siterer Mathias Bruheims livsminne.

Kjelder og litteratur

  • Hans Berntsen Osnæs i folketeljinga 1900 for Vestnes herred frå Digitalarkivet.
  • Hans B. Osnes i folketeljinga 1910 for Ulstein herred frå Digitalarkivet.
  • Fylket 15.6.1957: 85-årsjubileumsomtale av H.B.Osnes
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok band 3, Skjåk 1998.
  • Vikebladet 13.6.1957: 85-årsjubileumsomtale av H.B.Osnes
  • Waage, Asbjørn: Bygdebok for Ulstein og Hareid, band III. Gardar og folk, 1982, side 297
  • Waage, Asbjørn: Bygdebok for Ulstein og Hareid, band IV. Gardar og folk, 1982, side 563-564 og 570-571

Eksterne lenker