Bruker:Hans P. Hosar

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Hans P. Hosar»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nli-logo-ff4500.png Denne brukeren er tilknyttet
Norsk lokalhistorisk institutt.


Eg er pensjonist frå februar 2023. Siste arbeidsstaden min var Norsk lokalhistorisk institutt., der eg hadde vore tilsett sidan 2000. Før det hadde eg mellom anna vore arkivar i Riksarkivet i nokså mange år. Eg er utdanna historikar med hovudfagseksamen frå Universitetet i Oslo 1981. Hovudoppgåva har tittelen Herre og bønder ved Jens Bjelkes adelsgods kring midten av 1600-talet. Ein studie i føydal utbytting i Noreg. Min lokalhistoriske produksjon omfattar Hobøls historie fram til ca. 1500 (1993) og Skjåk bygdebok band 1-4 (bygdehistoria frå dei eldste tider til 1945). Eg har også skrive Krigsskolens historie (Kunnskap, dannelse og krigens krav - Krigsskolen 1750-2000)

Eg er fødd i 1953 og oppvaksen i Skjåk i Gudbrandsdalen. Frå 1975 til dags dato har eg budd i Oslo og omegn (nå Bærum).

Undersider