Haugen (Bykle gnr 3/10)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugen
Rydda: 1918
Utskilt: 1927
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 3
Bnr: 10
Type: Småbruk

Haugen er eit småbruk i Berdalen i Bykle kommune. Gyro Ånundsdotter Hoslemo kaupte denne parten av Myri, bnr 2 i 1918, og i åra som fylgde fekk ho seg opp eit småbruk her. Eigedomen vart matrikulert i 1927, og fekk då bnr 10 under Berdalen og ei landskyld på 1 øre.

Gyro var frå Haugen, Hoslemo, yngste dotter åt Ånund Sigbjørnsson Vatnedalen og kona, Gro Hallvardsdotter, fødd Oddeskar. Sigbjørn Ånundsson hadde overteke Myri i 1899, og det var han som selde Haugen til systera. Prisen var 200 kr.

Gyro Å. Hoslemo, Haugen (1883-1946). Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Gyro Ånundsdtr. Hoslemo, f 1883, d 1946. Born:

  • Gro, f 1904, g m Arne O. Byklum, sjå Lii, gnr 14, bnr 4
  • Hallvard, f 1915, g m Ingrid Oline Amundsen, sjå nedanfor

Far åt Gro var Jacob Torsson Hagen frå Røldal (1879-1961), som budde i Grungedal, Vinje, frå 1904. Far åt Hallvard var Olav K. Nesland (sjå Nistog Byklum, gnr 14, bnr 10).

Gyro bygde stoge i 1918, og budde her frå det året, og i 1924 fekk ho opp ein uthusbygning. Her hadde ho sidan ei kyr og nokre sauer.

Sonen sette opp nytt bustadhus. Då mora døydde i 1946 overtok han bruket:

Hallvard O. Haugen (1915-1991). Bilete frå 1986. Foto: Studio G. A. Reklamefoto, funne i kommunearkivet.

Hallvard O. Haugen, f 1915, d 1991

g 1950 m Ingrid Oline Amundsen, f 1916, d 1999. Born:
  • Gjertrud Alise, f 1950, kjøkenassistent, g m Kay Ottar Vestøl, d 1985, busett Kristiansand, ikkje born
  • Solfrid Elfrida, f 1952, arbeider i ei cateringbedrift, ug, busett Kristiansand, born:
  • Aina Irene, f 1973, arbeider som helsesekretær, ug, busett Vågsbygd.
  • Torhild Sigrunn, f 1954, husmor, g m Øyvind Lund, busett Songdalen, born:
  • Jan Werner, f 1982
  • Helene, f 1984
  • Ole Henning, f 1988
  • Erling Almar, f 1955, tvill., ug, sjå nedanfor
  • Hilmar Otto, f 1955, tvill., g hv m Bente Ludvigsen, sjå nedanfor

Ingrid Oline kom frå Namdalseid. Foreldra heitte Anna Margrethe Olsdatter Eldbrønna og Nicoseus Amundsen.

I januar 1965 brann stogebygningen. Hallvard fekk opp nytt hus om sumaren same året. Han var småbrukar, snikkar, anleggsarbeidar og linjemontør. Elles dreiv han mykje med treskjering, og var noko av ein kunstnar i det faget. M.a. laga han utskorne kubbestolar, tresleiver og børsekolber, skriv Olav G. Holen jr., som vidare fortel at han også var ein god jeger og skyttar (Holen, 3, 217).

Ingrid og Hallvard skilde seg i 1994, og skøytte same året eigedomen over på alle borna som eit sameige. Ingrid budde seinare i Kristiansand. Dei som bur her nå (vår 2004) er tvillingbrørne Erling og Hilmar.

Erling har for det meste vore her på bruket, medan Hilmar budde i Kyrkjebygdi i ei årrekkje, fyrst ei tid i Nedre Sarv, og sidan i Bjårlii.

Erling Almar Haugen, f 1955, ug

sb hv m Marit Hovden ,barn: sjå gnr 2, bnr 492 Plassen.

Erling har drive med ymist arbeid, m.a. som snikkar, men dei siste 20 åra har han mest køyrt drosje og ambulanse for Håkon Breive.

Hilmar Otto Haugen, f 1955

g hv m Bente Anita Ludvigsen, Drammen. Born:
  • Belinda Henny, f 1977, husmor, g m Heljar Hansejordet, busett Hokksund, born;
  • Benita, f 1995
  • Tim f 2005
  • Nina Katrine, f 1980, ekspeditør, busett Songdalen

Hilmar har arbeidd i uteseksjonen i Bykle kommune som fagarbeidar og handverkar sidan 1983. Etter at han og Bente skilde lag i 1993, har han for det meste budd her på bruket.

Eigedomen er ca 10 mål, av dette halvparten dyrka.


0941 Bykle komm.png Haugen (Bykle gnr 3/10) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Maurlii • Neste bolk: Nylund