Hauggrend

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hauggrend med Foldsæ Landbruksskule.

Hauggrend er den nordlegaste grenda i Fyresdal kommune. Gardane ligg i ei vestvendt lid som strekker seg frå litt høgt oppe i åskanten og ned til strendene ved Skredvatn. Jordsmonet er lett og staden prega av varmekjære tre som ask og hassel. Det er grunnlendt, frå gamalt av mykje stein i jorda og berggrunnen prega av skuring av isen i istida langsetter dalen.

Namn

Namnet Hauggrend kjem av namnet til den eldste garden i grenda som er Haugane. Haugann eller haugane er fleirtal av haug. Vatnet her i grenda heitte før Foldsæ, det tyder vatnet som breier seg ut/det breie vatnet. Det heitte det i 1595 då Biskop Nilssøn på visitasferd skreiv Faansøe/Fonsøe. I eit skøyte frå 1831 står det så Skræevand og dette vert nytta sidan, skrive varierande som Skræi-vatnet og Skrede-vatn mellom anna. Folk i grenda nyttar nemninga Skredevatn med stum d. Mellom 1595 og 1831 har ein altså gått burt frå det gamle namnet Foldsæ og gjeve vatnet namn i samsvar med gardane på vestsida av vatnet, Skræi/Skrede, meir i samsvar med den tids tankegang. Elva som renn ut av Skredevatn og ned i Vråvatn heiter framleis i 2017 Foldsæ elv og brua over denne heiter Folseth bru. Ei skrede er statisk, resultat av eit skred, der er det ofte rydda gardar på grunn av god jord. Eit skred er dynamisk, eit buldrande ras. Å kalle dette rolege vatnet for Skredvatn slik det i 2017 vert gjort av kartverket er historielaust mildast talt.

Garden Foldsæ ligg høgt oppe i lia, har ingen tilknyting til vatnet. I matrikkelen 1838 vart namnet skrive Folsæt. Den ligg på eit stort relativt flatt område i ei elles bratt li, eit sete, altså eit namn i samsvar med staden når det vert skrive slik. John Aadnesen Folsæth skreiv som eigar av garden namnet med -sæth. Garden har hatt mange ulike eigarar i meir eller mindre vanskelege periodar, og namnet vart etter kvart forenkla/forvanska og berre skrive som Folsæ. Utan -th på slutten vart det lett eit namn satt i samband med namnet Folsæ på vatnet, - det breie vatnet, når ein ikkje kjenner soga for båe. Namnet på garden er altså etter dette eigentleg Folsæ med stum/manglande -th og har ikkje noko med vatnet å gjere.

Tidleg soge

Frå byrjinga av var det berre ein gard her med busetnad, denne låg om lag der Øvre Haugane (Fyresdal gnr. 95/2) er no. Det er funne brynje og sverd i området og ei øks frå yngre jernalder. I skogen er ei rekke fangstgraver for elg.

Busetnad

Haugane var heilt sikkert i drift under perioden med maksimum busetnad, før 1350, og i perioden med minimum busetnad, ca. 1550. Haugane har altså ikkje vore øydegard. Syd for Haugane ligg Midtgarden. Dette var lenge eit underbruk, og nemninga er ofte å sjå som «Haugane med Hammershus», slik det var 1688. Hammershus er det gamle namnet på det som vart Midtgarden, og garden var ein del av «matrikkelgarden Haugane med Hammershus» fram til den nye matrikkelen av 1838. I 1801 vart Midtgarden dela i eit øvre og eit nedre bruk. I 1831 vart sjølve Haugane også dela i Øvre Haugane (Fyresdal gnr. 95/2) og Nedre Haugan (Fyresdal gnr. 95/1). Frå gamalt av fanst også gardane Tveiten Austre (Fyresdal gnr. 94/2), som vi fyrst i 1602 finn i skattelistene, og Foldsæ (Fyresdal gnr. 93/1), som i alle høve låg aude på 1500-talet og der er ikkje ført brukarar i skattelista 1593. I grenda var det elles mange husmannsplassar, og etter kvart vart det delt frå ei rekke mindre bruk, og bustadtomter.

Samferdsel

Det har alltid vore ein ferdaveg gjennom Hauggrend. Den eldste var ein rideveg som kom frå Bandaksli og gjekk gjennom tunet på Haugane og vidare til Veum i syd. Frå Haugane gjekk det og ein rideveg over heia og ned til Vråliosen. Det er desse vegane biskop Nilssøn fortel så detaljera om frå si visitasferd i 1595. Haugane var då eit knutepunkt, og her var i 1679 den eldste skysskaffarstasjonen i Hauggrend. I 1831 gjekk ikkje vegen oppom den gamle garden, men var lagt lågare ned i bakken slik at ein slapp ein del bakkar. Då var garden Nedre Haugane kome til og der var ei stund skysshaldarstasjon. Båe desse gamle vegane er tydeleg å sjå i 2017. Omkring 1905 vart det laga ein enno meir «brukarvenleg» veg enno litt lågare i lendet, og det er om lag den traseen som no er fylkesveg. I denne samanhengen vart det bygd to praktfulle steinkvelvbruer i grenda; Berge Bru og Leirfall Bru. Då vart det skipa til ein skysshaldarstasjon på Rindebakken. Til å brønne hestane vart det satt opp eit drikkekar i tilhoggen stein ved Grjotbekk/Sagåa like nord for sjølve grenda. Båe bruene er på plass i 2017, brønnbalet ved Sagåa vart flytta til Fyresdal Bygdemuseum på grunn av utviding av fylkesvegen. Avstandsmerker vart det satt opp ein del stader, mellom anna her i Hauggrend. Så lenge båttrafikken på Telemarkskanalen var i drift gjekk så og seie all transport av post, varer og personar på denne vegen til og frå Bandaksli. Fyresdal Automobillag, som vart etablert allereie i 1909, køyrde lenge den einaste ruta si frå Folkestadbyen til Bandaksli. Her i grenda var det lenge tale om Nyveg eller og om Postvegen men framom alt var Bandakslivegen eit begrep som heldt seg lenge etter at trafikken til og frå Bandaksli opphørte.

Skulesoge

Foldsæ Landbruksskule i 1930-åra.
Foto: Usikker

Hauggrend skule heldt i byrjinga til i eit leigd rom på ein av gardane Fossum, Midtgarden Nedre eller Midtgarden Øvre. I 1900 vart det bygd skulehus i Hauggrend; ein typisk tømra bygning med skulestove og to små rom i enden, det eine til bustad for læraren. Bislag framom dørene. Skulestaden heiter Ystehaug, yst er dialekt for ytst eller yttarst. Dette er den yttarste haugen mot sør på Haugane/Midtgarden før ein kjem til nabobruket, Ystehaughallet er i mellom. Skulen vart nedlagd i 1993 og etter kvart vart skulehuset med uthus og tilhøyrande tomt vederlagsfritt førd over til Hauggrend grendelag og fungerer i 2017 som eit godt drive og vedlikehalde grendehus.

Foldsæ vart i 1897 kjøpt av Fyresdal kommune og nytta til fattiggard og gamleheim fram til 1922. Frå 1923 var der landbruksskule, fyrst i privat regi og så fylkeskommunal, fram til 1989 då landbruksskulen vart nedlagd. Då vart Sørnorsk Økosenter Foldsæ A/S, senter for fleirsidig naturbruk, skipa til på staden og var i aktivitet fram til 2002 då drifta av mange grunnar vart avslutta. Då kom Hurum Vidaregåande Steinerskule inn i biletet. Steinerskulen var i drift fram til 2010 då to private eigarar tok over det heile og med det er det førebels slutt på drift som skulestad.

Verksemder

Fina bensinstasjon og Roankroa.
Foto: Selseng. / Prospektkort Den Norske Vimpelfabrikk.
  1. Fina bensinstasjon og Roankroa vart grunnlagd og drive av Halvdan og Anna Veum. Dei dreiv også Roan Camping i Veumosen. Dette er i 2017 førd vidare som Telemark Camping & Inn av dottersonen med familie.
  2. Fossumsanden Camping vart grunnlagd og drive av Einar og Aslaug Lie og er i 2017 førd vidare som Fossum Kurs- og Feriesenter/Fossumsanden Camping.
  3. Forretningar: Bergesbua ligg like nord for Berge bru. Det vart i 1927 leigd ei byggetomt av Berge (Fyresdal gnr. 93/5) for ei handelsbu. Der hadde Handelslaget, seinare Samvirkelaget på Øyane, filial. I 1970-åra vart fylkesvegen lagd om slik at den ikkje lenger gjekk framom Bergesbua/Filialen, men lenger vest. Då bruk av filial ikkje lenger var aktuelt bygde Hans og Agnes Kittilsen bustadhus med butikk og postopneri på Haugland (Fyresdal gnr. 92/9). Då denne brann vart det etter ei stund bygd eit forretningsbygg og starta ny forretning like nord for Roankroa, Hauggrend Landhandel. Denne var i drift ein del år på ulik vis, men så vart dette og avslutta og Hauggrend er i 2017 utan daglegvareforretning.
  4. Rindebakken skysstasjonRindebakken var i drift omkring år 1900. Dette vart etter kvart ikkje aktuelt, garden vart drive på tradisjonell vis og hovudbygningen vart forlenga. Med nye eigarar vart anlegget grundig rehabilitera/restaurera og vert i 2017 drive på utleigebasis saman med eit hus på Nedre Haugane.
  5. Halvards Verkstad Etter ein periode med nye drivarar vart drifta av Roankroa avslutta og Fina bensinstasjon administrera av Hauggrend Landhandel. Så vart heile anlegget seld til Halvard K. Grythe som grunnla og dreiv ein mekanisk verkstad i eit større nybygg mot nord, og i det tidlegare kafelokalet var der forretning med landbruksutstyr. Roankroa vart kjøpt 1987 og 1988 var nybygginga ferdig og drifta tok til. Denne vart så avslutta i 2014 og anlegget seld til vidare drift som Telemark Camping.

Personar frå Hauggrend

  1. Saamund Bergland (1881-1978) Politikar, stortingsmann og riksrevisor.
  2. Torgeir Wraa (1868-1934) Avismann og stortingsmann. Drammen.
  3. Olav Knutson Bergland (1888-1966) Småbrukar og sagmeister på Skreosen.
  4. Jon Ånison Folsæ(th) (1824-1882) Gardbrukar og predikant
  5. Torleiv Gunnarson Midtgarden (1914-1997) Gardbrukar og framhaldskulelærar.
  6. Olav Momrak (1868-1944) Gardbrukar og predikant.
  7. Olav Lid (1913-1973) Skulestyrar på Foldsæ Landbruksskule.
  8. Jon Tveiten (1903-1979) Gardbrukar og politikar.
  9. Erling O. Momrak Haugann (1901-1971) Teolog og sokneprest, lengst tid i Bø.
  10. Arne O. Momrak (1903-1989) Teolog og sokneprest, lengst tid i Lærdal.
  11. Margit Gjermundtr. Haugane, f, Haugen (1830-) Vidgjeten hagebrukar på N. Haugane.
  12. Såmund E. Solli (1887-1953) Gardbrukar og pinsevennforstandar i Lårdal.
  13. Andreas Lie Berge (1875-1970) Lærar, lensmann og ordførar.
  14. Dagne Tveiten (1907-1988) Oppsynskvinne Norsk Folkemuseum og tradisjonsformidlar.
  15. Signe Tveiten (1906-1995) Tradisjonsformidlar og utviklar i veving.
  16. Signe Kjetilsdotter Berge (1891-1969) Husmor på Foldsæ Landbruksskule.
  17. Olav Pålsson Vollen Søberg (1840-1927) Husmann.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjuping

  • Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992.
  • Biskop Jens Nilssøns Visitasbøger og reiseoptegnelser 1574-1597. Ei utskrift datera Kristiania 1885.
  • Taraldlien, Bendik. Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.
  • Foldsæ – gnr.93 bnr. 1 i Fyresdal kommune. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2005
  • Aasen, Ivar. Ordbog over det norske Folkesprog. Ny utgåve: Det Norske Samlaget. Oslo 2000
  • Hansen, Lars Ivar. Markebol og ødegårder 1980