Hemne kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Hemne»)
Hopp til navigering Hopp til søk

:Denne artikkelen handlar om Hemne i Trøndelag fylke. For kommunen med liknande namn i Nordland fylke, sjå Hemnes kommune.


Hemne kommune
1612 Hemne komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1612
Fylke Trøndelag
Kommunesenter Kyrksæterøra
Areal i  km²(2020) 669,62 km²
Folketall 2020 4225 (2018)
Grunnlagt 1838
Opphørte 2020
Hemne rådhus på Kyrksæterøra.
Foto: Olve Utne (2009).

Hemne kommune er ein tidligare kommune sør i det tidligare Fosen futedømme i Trøndelag fylke. Han grensa til Snillfjord og Orkdal i aust, Rindal og Surnadal i sør og Halsa og Aure i vest. Nord for Trondheimsleia ligg Hitra. Hemne ligg sidan 01.01.2020 i Heim kommune.

Hemne prestegjeld (inntil 1918 skrive Hevne) vart oppretta som eit formannsskapsdistrikt den 1. januar 1838. Annekssoknet Vinje hørte til Romsdals Amt, medan resten av prestegjeldet hørte til Søndre Trondhjems Amt. Det skulle derfor i utgangspunktet ha vorte oppretta som ein eigen kommune, sidan ein kommune ikkje kunne høre til to ulike fylke. Løysinga vart at dei flytta amtsgrensa sørvestover til sin noverande posisjon. (For same problemet, sjå Bakke, Bindal, Birkenes, Røldal, Strømm og Åseral.)

Geografi

Høgaste fjellet er Ruten med sine 1039 meter over havet på grensa mot Rindal kommune. Største øya er Røstøya, som er verna som barskogsreservat. Rovatnet, som ligg rett sør for Kyrksæterøra, er største innsjøen.

Kyrkjer

Næringsliv

Kommunen har eit variert næringsliv. Den største industriarbeidsplassen er Fesil Holla Metall som produserer silisiummetall. Andre viktige næringar er landbruk, oppdrett av laksefisk, rogn- og smoltproduksjon, trevareproduksjon, transport og service med blant anna handel og hotell. Nærheita til ilandføringsstad for gass og Statoil sin metanolfabrikkTjeldbergodden i Aure kommune er ein viktig faktor for næringslivet. Kommunen har eige vinmonopol på Kyrksæterøra.

Tusenårsstad

Tusenårsstaden i Hemne er Nerøra, plassen framom rådhuset på Kyrksæterøra. Namnet Nerøra blir lite bruka. Plassen er utforma som ein type torg, og kommunen har òg planta tusenårsstreet sitt her, som er ei eik.

Kjente hemnværingar

Sjå òg

Kjelder

Eksterne lenkjer