Hendingar i Lesja 9. april - 2. mai 1940

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Kart over delar av fallskjermangrepet Lora - Lesja, utført av Lars Hofseth i 1947.

Hendingar i Lesja 9. april - 2. mai 1940 er eit oversyn over hendingar i bygda i perioden frå andre verdskrigen braut ut til dei norske styrkane i Sør-Noreg kapitulerte. Informasjonen skal helst ha kjeldetilvisingar.

Desse knapt tre vekene var relativt dramatiske i Lesja. Nokre dagar etter krigsutbrotet vart mange hundre soldatar frå Møre transportert gjennom bygda med tog og kom i kamp med tyske elitesoldatar som vart sleppt i fallskjerm to stader i bygda. Etter kvart begynte tyske fly å sleppe bomber langs riksvegen og jernbanen, meir og meir intensivt. Engelske troppestyrkar vart sendt igjennom bygda sørover mot fronten på Hedemarken og i Gudbrandsdalen. På Lesjaskogsvatnet vart ein heil flyplass rydda for engelske jagarfly, men nesten alle flya vart øydelagde. Kongen, kronprinsen og regjeringa flykta gjennom bygda mot Romsdalen og etter kvart gjorde òg tusenvis av norske og engelske soldatar det same under stadige flybombing fram til det heile stilna av kring 1. mai og dei tyske soldatane hadde full kontroll.

Innhold

Nokre omgrep og forkortingar som en nytta / kan nyttast:

  • HOK: Hærens Overkommando
  • div: divisjon, der 2. div. hadde ansvaret for heile Austlandet medrekna Lesja, og 5. div. for Romsdalen.
  • IR: infanteriregiment, der nummeret viser til kva region soldatane kom frå: IR 11: Romsdalen og Sunnmøre, IR 5: Austoppland, IR 12 Sør-Trøndelag og Nordmøre. IR 11 hadde i store delar av perioden ansvaret for vakthald og sikring i Lesja.
  • Bn: bataljon / feltbataljon, normalt med tre geværkompani, mitraljøsekompani og stabskompani med samband, bombekastar og tren.
  • Kp: kompani, normalt med 3 eller 4 tropper.
  • Lv: landvern, eldre årsklasser og gjerne eldre utstyr, elles var avdelingar like feltavdelingane.

Torsdag 9. april: krigsutbrot, dei første mobiliserer

Kaptein og ordførar John Botheim, kompanisjef i IR 5, drog til mobiliseringsstaden sin, Terningmoen ved Elverum.[1]

Fredag 10. april: fleire mobiliserer

Fleire lesjingar mobiliserte, m.a. Jonas Skotte, Sigurd Skarphol, Gunnar J. Bøe, Ola S. Bøe, Kristian Bøe, Tor Selsjord, Otto Sveen, Johan Bjøkne, John Sørumgård og Reidar Mølmen. På Lesjaskog gjekk 10-15 mann bruvakter. Dei tok buss ned til Setnesmoen for å få våpen og ammunisjon. Dei fekk gamle Krag-Jørgensengevær og 30 skott kvar.[2]

Laurdag 13. april: dei første møresoldatane passerer Lesja, regjeringa til Lesjaverk

Andre feltbataljon av IR 11 (Navelsaker) passerte Lesja på veg mot Dombås seint om kvelden (kom til Dombås kl 23.00).

Statsminister Johan Nygaardsvold og ein del av regjeringa kom frå HOK i Øyer til Lesjaverk om kvelden og overnatta på Verket.[3]

Søndag 14. april: tysk fallskjermangrep, møresoldatar rykker inn i bygda

Statsminister Johan Nygaardsvold og delar av regjeringa returnerte frå Lesjaverk til Otta og passerte Dombås berre fem timar før det tyske fallskjermangrepet mot Dombås om kvelden mellom kl 18.00 og 19.00.[4]

Ei gruppe av dei tyske fallskjermsoldatane landa på Hosetmoen og ei ved Slådalsvegen. Begge desse gruppene var på 24 mann iflg. rapportane frå felttoget. Ein styrke på ca 40 soldatar frå IR 11 på Dombås under kommando av fenrik Lars Hofseth frå Vestnes rykte ut for å nedkjempe desse da mørkret var i ferd med å falle på. Ved Bottheim stasjon møtte dei bygdefolk som fortalde om tyskarane på sørsida av dalen, og Hofseth sette da att halvparten for å oppklare mot desse. Sjølv heldt han fram med 17 mann mot den andre gruppa og kom i eldkamp med dei kring midnatt. Ein tysk obergefreiter vart drepen her.[5]

Bn 1 av IR 11 var ferdig oppsett på Setnesmoen frå kl 1400 og utover. Total styrke var 811 mann. Dei fekk ca kl 2100 melding om det tyske fallskjermangrepet på Dombås, og kp 2 under kaptein Andreas Hagaas vart sendt oppover til Bjorli og Lesjaverk seint om kvelden.[6]

Måndag 15. april: fallskjermsoldatane blir overvåka, styrkar frå IR 11 etablerer seg

Hofseth og resten av styrken vart liggande i stilling til kl 03.00 da han gjekk ned og fekk kontakt med to karar frå skyttarlaget som fortalde at tyskarane hadde trekt seg ned på ein gard. Hofseth fekk da karane sine i hus, og fekk kort tid etter ein geværtropp og ein mitraljøsetropp frå bataljonen på Dombås som forsterking. Dei oppdaga da at tyskarane hadde trekt over på sørsida av dalen og var på veg mot Dombås, og heldt seg på avstand medan dei observerte.[7]

Kl 0800 hadde bn 1 under kaptein Juel etablert kommandoplass på Stuguflotten, og kp 1 under kaptein Jens Amundsen fekk ansvaret for området Stuguflotten - Bjorli mens kp 2 lå i området Mølmen - Lesjaskog.[8]

Tysdag 16. april, dei fleste fallskjermsoldatane blir fanga, bn 1 IR 11 utplassert

Kl 11.00 om formiddagen fekk fenr. Hofseth melding frå Lesja sentrum om at tyskarane var komne dit. Han rykka da dit og tok gruppa - 23 mann - til fange. Deretter drog styrken til Bottheim stasjon og gjekk saman med den gruppa som var der. Dei opna eld mot dei tyskarane som var på sørsida av dalen, og dei overgav seg raskt. Det var 24 mann.[9]

Vest i bygda fekk bn 1 / IR 11 utvida ansvarsområde. Kp 2 fekk kl 0600 øyeblikkelig ordre om å sende 1 1/2 tropp austover og laste av ein halv tropp på kvar av stasjonane Lesjaverk, Lora og Lesja.[10]

Kp 3 / IR 11 sendt frå Verma til Lesja. 3. tropp vart utlasta på Lora, resten drog til Lesja stasjon og var budd på kamp med den gruppa av tyskarar som landa på Hosetmoen, men vart ikkje involvert. Kp. staben og 1. tropp lasta av på Lesja st., 2. tropp på ein av Hole-gardane. Kompaniet etablerte kommandoplass «hos handelsmann Stueflåten».[11] Det må ha vore i det huset som er kjent som Lesja gjestgiveri.[12]

Onsdag 17. april, skotveksling på Systugu Sønstebø, bn 1 / IR 11 sender forsterkingar til Dombås

Ca kl 0700 kom tre slitne og svoltne tyske fallskjermsoldatar inn hos Ole Sønstebø på Systugu. Telefonsentralen på Nistugu Tjuk fekk beskjed, og varslinga gjekk vidare til bn 2 / IR 11 på Dombås. Meldinga inneheldt ein fatal feil; bataljonssjef Ivar Navelsaker hadde oppfatta at tyskarane ville overgje seg, og han sendte da sersjant Helge Andreassen Qvale frå stabskompaniet med nokre frivuljuge til Sønstebø med feil beskjed. Der sette tyskarane seg nemleg til motverge, og Qvale vart dødeleg såra. Han døydde dagen etter på veg til feltsjukehuset på Lesjaskog.[13]

I lista over falne i Munthe-Kaas 1955 s. 331 er det under merknader til dette dødsfallet oppgjeve at dei tyske soldatane hadde ringt for å overgje seg. Same forfattar har likevel i eit PM dat. 8. september 1954, bygd på innhenta vitneutsegner frå Navelsaker og minst seks andre som var involvert, konkludert med at Qvale «falt i en patruljekamp, hvori han var handicapped ved feilaktig forhåndsinntrykk han hadde om tyskernes angivelige ønske om å overgi seg». Tyskarane hadde altså ikkje brote folkeretten.[14]

Ein styrke på eitt geværkompani, to mitraljøsetroppar ein og bombekastartropp frå IR 11 vart sendt frå Verma - Lesjaskog-omådet til forsterking av bn 2 i kampane mot tyskarane på Dovre.

Sokneprest Reidar T. Lund vart beordra av biskop Georg Hille på Hamar som feltprest for IR 11.[15]

Torsdag 18. april, ryddinga av flyplassen på Lesjaskogvatnet startar

Kl 14 kom det melding frå lensmannen til Lesjaskog om at alle arbeidsføre mannfolk skulle stille opp for å måke opp flyplass på isen på Lesjaskogvatnet. Nokre offiserar stakk opp rullebanen, og lastebil- og hestekøyrarar arbeidde til om ettermiddagen laurdag 20. april.[16]

Fredag 19. april, delar av bn 1 attende frå Lindse, bombing bortover bygda

Avdelingane av bn 1 / IR 11 under kommando av kaptein Hovden returnerer frå Dombås til sine ansvarområdet etter at dei siste delane av det tyske fallskjermkompaniet var nedkjempa ved Lindse ca kl 1130.

Kraftig bombing og miltraljøsebeskyting frå tyske fly mot kp 3 / IR 11 ved Lesja stasjon og på Lora.[17]

Laurdag 20. april, regjeringa til Stuguflotten, flyplassen på Lesjaskogsvatnet klar, IR 11 sender mitraljøsetroppar til vakt

Stuguflotten i 1963.
Foto: Widerøe's Flyveselskap

Regjeringa kom til Stuguflotten og innlosjerte seg på hotellet.[18] På bildet ser ein hotellet bak våningshuset og driftsbygninga.

Arbeidet med rydding av flyplassen på Lesjaskogsvatnet vart fullført. Same dag landa nokre norske Fokkerfly på banen, som da var 750 meter lang og 70 meter brei.[19]

Mitraljøsetropp nr 1 av kp 4 / IR 11 under fenrik Kristen Aasen vart sendt til vatnet som luftvern, og mitr.tropp 2 under fenrik Tore Berdal til Stuguflotten som luftvern der.[20]

Søndag 21. april, kongen og kronprinsen til Verket, Bjorli st. bomba

Kongen og kronprinsen reiste frå Sandbu i Vågå til Verket (Lesjaverk gard).[21]

Bjorli stasjon bomba, den store jernbanerestauranten nedbrent.[22]

Bjorli jernbanerestaurant

Måndag 22. april, kongen til Stuguflotten, Nortraship vedteke

Kongen og kronprinsen reiste frå Verket (Lesjaverk gard) til Stuguflotten. Kongen og regjeringa heldt statsråd og vedtok å stille den norske handelsflåta (registrerte skip over 500 bruttotonn) til disposisjon for regjeringa og dei allierte. Same kveld reiste kongen og kronprinsen vidare til Molde. Regjeringa følgde etter neste morgon.[23]

Kraftig bombing og beskytning frå tyske fly over Lesja. Ei stor bombe landa i sentrum, eit hus på eine sida av riksvegen vart «totalt ramponert» og «handelsmann Stueflåtens hus, hvor kompaniets ko. var, på den annen side av veikanten ble stygt flenget fra kjeller til tak. Dører og vinduer knustes». Sjefen for kp 3 / IR 11 var skada ved det høvet.[24]

Tysdag 23. april, flyplassen blir klargjort

Britiske bakkemannskapar kom til flyplassen på Lesjaskogvatnet med drivstoff og flyammunisjon. Ca 100 mann vart innkvartert på Slettomgardane og Bryggja. To luftvernkanonar vart sett opp noko vest for vestenden av vatnet.[25]

Lvbn sendte luftvernmitraljøsetroppen til flyplassen. Dei fekk kvarter på Åheim og vart underlagt lvkp 2.[26]

Bygdefolk vart utkommandert til å møte på Lesjaskog stasjon for å laste av vogner med flybensin. Dei observert at britar òg vart innkvartert på Lesjaskog skule. Bensintoget vart køyrd lenger aust nærare flystripa for å lette transporten, og avlasta der.[27]

Onsdag 24. april, britiske fly til flyplassen på Lesjaskogsvatnet

To av mitraljøsetroppane til landvernkp 4 vart sendt frå Verma til luftvern på flyplassen på Lesjaskogsvatnet. Dei vart underlagt lvkp 2 / IR 11, sette opp mitraljøsestillingar rundt vatnet og og fekk forlegningar på Åheim og Bjølverudgardane.[28]

Kl 1700-1730 letta den britiske 263. skvadronen med 18 Gladatorfly frå hangarskipet Glorius, som låg 150 nautiske mil utanfor Mørekysten. ca kl 1900 landa flya på vatnet. Starks etter vart nokre av flya sendt på rekognosering ned til fronten i Gudbrandsdalen. Under rekognoseringa registrerte britane at veg og jernbane hadde vore kraftig bomba, og risikoen for tyske angrep vart derfor vurdert som høg. Alle flya fekk etterfylt drivstoff og ammunisjon, og frå kl 2200 stod fire fly i alarmberedskap på startbanen. Dei 14 andre flya vart sett inn mot land og kamuflert, noko norske spesialistar som var til stades advarte mot, fordi det stod 30-40 cm snøsørpe over isen i det området. Denne sørpa fraus om natta, slik at det vart eit vanskeleg arbeid å få flya laus.[29]

Feltbataljon 3 / IR 11 (Kjøs) vart sendt gjennom bygda med tog til Dombås og seinare Hjerkinn / Ulsberg.

Restaurert Gloster Gladiator frå Lesjaskogvatnet, på Norsk Luftfartsmuseum.
Foto: Arnfinn Kjelland

Torsdag 25. april, dei fleste britiske flya blir øydelagt

Ein seksjon (3 fly) på Lesjaskogvatnet skulle ta av kl 0300 og patruljere, og dei skulle avløysast annankvar time. Men da dei skulle starte, svikta startbatteria, og forgassarane var frose. Norske bilbatteri måtte brukast, og etter nesten to timar fekk britane to av flya opp. Dei kom i lufta akkurat tidsnok til å skyte ned eit tysk fly (HE115). Om lag samstundes kom to andre tyske fly og sleppte bomber mot flyplassen, rett nok utan å gjere skade. Men knapt tre timar seinare, ca kl 0745, kom fleire tyske fly og angrepa held fram heile dagen. Fire av Gladiatorflya vart øydelagt straks, men etter hardt arbeid klarte britane å få opp sju fly i nitida. Desse flya skulle dels patruljere over plassen, dels fly mot fronten for å hindre tyske observasjonsfly. Men bombinga av plassen heldt fram, og ca kl 1230 var 10 av dei britiske flya øydelagt. Eitt fly til var så skada at det ikkje kunne brukast meir etter at det landa. Fem av flya drog no ned til ein provisorisk flyplass ved Setnesmoen, og dei to siste på vatnet var så sterkt skada at dei vart brent av britane.[30]

Fredag 26. april, norske styrkar dreg seg attende frå Gudbrandsdalen til Lesja, fortsatt bombing

Bombekrater ved Lesjaverk er godt synleg ennå i 2010.
Foto: Arnfinn Kjelland

Gjenverande avdelingar av Dragonregiment 2, to eskadronar og ein bombekastartropp, braut opp frå kvilestilling ved Nord-Sel om kvelden 25. og kom til området Lesja - Lora om morgonen 26. april.[31]

Luftvernkommandoen, Dombås luftvern, hadde kommandoplass i Kjørmsgrende inn til 26. april, da dei flytta til Tråsådalen på sørsida av Lågen.[32]

Eit pionerkompani på 157 mann vart sett opp 26. april av einingar frå sambandkompaniet ved 2. div. og øvingsavdelinga til Ingeniørregimentet. Kompaniet fekk kvarterer på Lesjaskog og deltok i oppryddingsarbeid på riksvegen og jernbanen etter den kontinuerlege tyske bombinga.[33]

Eit sanitetstog, først oppsett på Lillehammer, vart 26. april sendt frå Otta med hardt såra personell frå Otta sanitetsforenings hjelpestasjon på Dale gamleheim, ein britisk hjelpestasjon ved gamleheimen og feltsjukehuset på Vågåmo. Toget var merkt med raudt kors, men fekk likevel bomber og mitraljøseeld på seg frå tyske fly slik at dei måtte laste av alle såra på feltsjukehuset som var innreidd på Flatmark hotell i Romsdalen.[34]

Generalfelttøymesteren fekk 25. april ordre frå HOK om å flytte alle lagra av ammunisjon og bensin sør for Dombås til Bjorli og Verma. Han kom til Bjorli 26. april.[35]

På Bjorli vart tre jernbanevogner med ammunisjon treft av bomber og eksploderte. Utflytting frå feltsjukehuset på kommunehuset på Lesjaskog. Ein bombe traff Lesjaverk stasjon og gjekk igjennom huset heilt ned i kjellaren utan å eksplodere.[36]

Laurdag 27. april, fleire norske avdelingar til Lesja, lvbn / IR 11 mot Dombås

Divisjonsintendanten var på Sel da han 26. april fekk ordre om å flytte alle magasina til Lesja. Desse vart sendt til Bottem og Øygarden på Lesjaskog. Intendanten etablerte kvarter på Systugu Einbu. Dit kom òg divisjonsstaben kr 0430.[37]

Landvernbataljonen / IR 11 fekk ordre om å dra til Dombås og vidare til Ulsberg for å støtte bn 3 (Kjøs) og dei andre norske avdelingane ved Nåverdalen.[38]

Søndag 28. april, HOK og 2. divisjon til Lesja, lvbn attende

Om kvelden flytta HOK frå Plassen, ca 2 km nord for Brennhaug stasjon.[39] General Otto Ruge med sin næraste stab reiste til Sygard Sør-Hole og etablerte seg der, medan resten av HOK drog vidare til Nordmøre. Grunnen til at Ruge vart att på Lesja, var at han ville vere i nærleiken av dei britiske styrkane så lenge dei kjempa lenger nede i dalen.[40]

Ordren til lvbn / IR 11 om å dra til Ulsberg vart annulert, og bn gjekk attende til vaktoppdraga.[41]

Måndag 29. april, dei norske avdelingane trekker seg ut av bygda

Generalfelttøymesteren med stab reiste frå Bjorli til Isfjorden.[42]

Luftvernkommandoen, Dombås luftvern, som sidan 26. april hadde lege ved Tråsådalen, fekk ordre om å klargjere for tilbaketrekking til Romsdalen og å sikre Slådalsvegen. Avdelinga drog i 22-tida om kvelden og kom neste dag til Eidsbygda.[43]

Lvbn / IR 11 fekk kl 0900 ordre om raskast muleg å trekke seg ned Romsdalen. Bataljonen var spreidd frå Marstein i Romsdalen til Bottem i Lesja, og starta tilbaketrekkinga dels til fots, dels pr bilar.[44]

Tysdag 30. april, bombinga held fram verre enn før

«...særleg over Lesjaskog sentrum der ei sanitetsavdeling måtte stoppe bilane og rømme til skogs nord for Lesjaskog kyrkje. Ei bombe datt i kyrkjegardsmuren og alle glasa i kyrkja vart slege ut. [...] Svart røyksteig nå opp frå Lesjaskog og Bjorli, Søre Morke, Lesjaverk, Sørslette og Håmår'n, Lesjaskog vart totalskadd av brann, likeså Lesjaskog handelsforening sterkt skadd av ei bombe som datt ned i riksvegen like ved. Ein norsk militær vart drepen inne i kjellaren.»[45]

Onsdag 1. mai, togulykka ved Knipstugu, dei siste britiske avdelingane forlet Lesja

Minnesmerke over togulykka
Foto: Arnfinn Kjelland
Minnesmerke over togulykka
Foto: Arnfinn Kjelland

Toget med dei siste britiske avdelingane frå Dombås plukka opp ca 350 norske soldatar på Lesja, og held fram nordover forbi Lesjaverk. Ein dressin køyrde i forvegen for å sjekke skinnegangen. Men denne natta held tyskarane heilt uventa fram med bombing av kommunikasjonslinene, og ei bombe trefte skinnegangen mellom dressinen og toget, som spora av kl 01.15. Det braut ut brann, og 11 soldatar, 4 norske og 7 britiske, omkom.[46]

Britane avmarsjerte til fots, men fekk etter kvart biltransport og nådde den øvre jernbanetunnelen på Verma kl 0900. Ein mindre styrke marinesoldatar vart sendt attende til Knipstugu og gjekk i stilling der ca kl 05.30. Oppdraget var å halde att tyskarane såpass lenge at britane kunne etablere ei stilling øvst i Romsdalen som kunne halde til natta slik at den britiske hovudstyrken kunne transporterast med tog ned til Åndalsnes. Det kom ikkje til kamp ved Knipstugu, styrken trakk seg attende til stillinga i Romsdalen. Dit kom tyskarane i 1600-tida og det vart kamp, utan at britane vart hindra i uttrekkinga.[47]

Dei norske soldatane på toget høyrde hovudsakleg til Gudbrandsdalens øvingsavdeling. Dei sette i marsj til Lesjaskog stasjon og gjekk i kvarter der. Der vart dei avvæpna av dei fremste tyske avdelingane da dei nådde området om ettermiddagen.[48]

«Fly- og bombeaktiviteten stilna av utover dagen, og det trongst både for dei dødstrøytte militære og forskremte bygdafolk.»[49]

Torsdag 2. mai: denne fasen av krigen er slutt

Tyske soldatar hadde full kontroll, og arbeidde med å finne og avvæpne norske og britiske soldatar som var kome bort frå avdelingane sine og hadde søkt inn hos bygdefolket.

Kjelder og litteratur

  • Amundgård, Arne (red.) u.å. (eige eks. dat. 1993): Nogo um krigen i Lesja og Lesjaskog 1940–1945. Andre utgåve.
  • Bjølverud, Bjarne: Dagbok frå 1940. I Amundgård u.å. s. 20–24.
  • Kjelland, Arnfinn 2010: Militære operasjonar i Lesja i aprildagane 1940. Årbok for Lesja historielag s. 92-108.
  • Lund, Reidar T. 1946: Opplysninger som svar på spørreskjema fra Kirkekampens Sentralarkiv av 8. januar 1946. I Årsskrift for Lesja historielag 1995 s. 26-36.
  • Munthe-Kaas, O. 1955: Krigen i Norge 1940. Bind II. Operasjonene gjennom Romerike-Hedemarken-Gudbrandsdalen-Romsdalen. Utgitt ved den krigshistoriske avdeling. Gyldendal Norsk Forlag.
  • Årflot, Odd 1985: Soldat, april 1940. Det Norske Samlaget.

Rapportar etter felttoget i Riksarkivet

FKH Andre utskilte arkivdeler – Krigen i Norge 1940-1945 Hæren II-C-11-512 – 5. Divisjon. Arkivenhet: RA/RAFA-2017/Y/Yb/L0113 og L0114 frå felttoget, av:

  • Gausemel, Johannes Nilsson, kaptein / sjef kp 3 / IR 11, dat. 25. februar 1941.
  • Gran, Olav Bekka, kaptein / sjef lvkp 2 / IR 11, dat. 26. juli 1940.
  • Hagaas, Andreas, kaptein / sjef kp 2 / IR 11, dat. 18. juni 1940.
  • Hofseth, Lars, fenrik / NK kp 7 / IR 11, dat. 25. april 1946.
  • Hovden, Hroar, kaptein / sjef kp 4 / IR 11, dat. 15. september 1940.
  • Juel, Gunnar, kaptein / sjef bn 1 / IR 11, dat. 2. februar 1941.
  • Misund, Peder H., lagførar lvkp 2 / IR 11, følgeskriv frå kpsjef Olav Gran datert 14.1.1946.
  • Thue, David, oberst / sjef IR 11, dat. 13. februar 1941 (fotokopi finst òg ved biblioteket, Høgskulen i Volda)
  • Uri, Einvald, major / sjef lvbn / IR 11, dat.25. april 1941.

Referansar

  1. Amundgård s. 1
  2. Amundgård s. 1, Årsskrift for Lesja historielag 1990 s. 22-33, Årbok for Gudbrandsdalen 1995 s. 14.
  3. Munthe-Kaas s. 25ff.
  4. Munthe-Kaas s. 25ff.
  5. Hofseth s. 1f.
  6. Juel s. 2.
  7. Hofseth s. 2.
  8. Juel s. 2.
  9. Hofseth s. 2.
  10. Juel s. 3. Hagaas har i sin rapport at ordren vart motteke kl 0735.
  11. Gausemel s. 3-5
  12. Bygdebok for Lesja bd 3 s. 149 og 159 under Haugland.
  13. Munthe-Kaas s. 331.
  14. PM dat. 8. september 1954 med 8 vedlegg i Riksarkivet, boks L0113
  15. Lund s. 27
  16. Bjølverud 1940 s. 20f. Munthe-Kaas opplyser s. 232f at arbeidet vart gjennomført laurdagen, men det er neppe rett.
  17. Gausemel s. 6.
  18. Munthe-Kaas s. 70.
  19. Munthe-Kaas s. 232f.
  20. Juel s. 4, Hovden s. 8.
  21. Munthe-Kaas s. 70.
  22. Juel s. 4.
  23. Munthe-Kaas s. 70.
  24. Gausemel s. 7.
  25. Munthe-Kaas s. 233.
  26. Dagbok for lvbn 11.-26. april, ført av lt. Chr. Rønneberg, Riksarkivet
  27. Bjølverud s. 21.
  28. Munthe-Kaas s. 233.
  29. Munthe-Kaas s. 233f.
  30. Munthe-Kaas s. 234ff.
  31. Munthe-Kaas s. 243.
  32. Munthe-Kaas s. 247.
  33. Munthe-Kaas s. 245.
  34. Munthe-Kaas s. 245f.
  35. Munthe-Kaas s. 246f.
  36. Gran s. 5.
  37. Munthe-Kaas s. 246. Thues rapport s. 38 har avskrift av eit skriv frå divisjonssjefen dat. 27/4 der det går fram at divisjonskommandoplassen var hos Harald Einbu, og det må ha vore Systugu, jfr Bygdebok for Lesja bd 1 s. 202.
  38. Uri s. 5ff, Gran s. 6.
  39. Munthe-Kaas s. 218
  40. Munthe-Kaas s. 265f. Om at det var Sygard Hole Ruge var på, sjå Amundgard s. 2.
  41. Uri s. 8.
  42. Munthe-Kaas s. 247.
  43. Munthe-Kaas s. 247.
  44. Uri s. 8f.
  45. Bjølverud s. 23.
  46. Munthe-Kaas s. 282f.
  47. Same stad.
  48. Same stad.
  49. Bjølverud s. 24.