Lislestog (Bykle gnr 14/39, 62)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Henriksentunet»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lislestog
Byklum 118.jpg
OL-huset i Lislestog.
Foto: Leonhard B. Jansen
Rydda: 1883
Utskilt: 1967 / 1995
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 39, 62 (og 29)
Type: Bygdetun / næringseigedom
Lislestogbui som ho såg ut fyre Torjus Stavenes bygde henne om. Biletet her er eit utsnitt av eit større bilete, som er sikkert tidfest til 1933. Det kjem frå Ingebjørg Vegestog.

Lislestog er eit leigetomtområde under Utistog og Innistog i Bykle. Det ligg rett ovanfor kyrkja på motsett side av vegen. Parsellen, som han nå er, vart utskilt og matrikulert i 1967 og 1995, men her har vore hus og aktivitet mykje lenger. Nå er det bygdetun, men då staden fyrst vart bygd, var det kråmbu. Han som sette i gang med handel her var Ånund Å. Tveiten, den tredje av sønene åt Ånund Hallvardsson i Heimtveiti.

  • Ånund Ånundsson Tveiten, f 1849, d 1912
g 1875 m Sigrid Olavsdtr. Dysje, f 1835, d 1911. Born:
  • dødfødd gut, 1879

Sigrid Olavsdotter var dotter åt Olav Gunnarsson Nesland på Dysje og kona, Tone Tarjeisdotter.

Ånund bruka ein halvpart av Heimtveiti for faren frå 1875 til 1882, og frå 27.1.1881 til 19.6.1882 dreiv han også landhandel på heimebruket. Dette gjekk vel såpass bra at det gav meirsmak, men trafikken vart nok for liten, så i perioden frå juni 1882 til juni 1883 dreiv han handelen sin i Myri Holen. Heller ikkje der kan omsetnaden ha vore tilfredsstillande, ettersom han ynskte seg åt Kyrkjebygdi, og planla flytjing. Hausten 1882 fekk han leige seg ei tomt av Utistog, og våren og fyresumaren 1883 fekk han sett opp hus. Her opna han så den nye butikken sin 1.7.1883.

Då Ånund var borte i 1912, gjekk folk i Kyrkjebygdi ilag om å skipe eit selskap kalla Bykle Handelssamlag. Samlaget overtok Lislestog, og dreiv butikken vidare med skiftande styrarar. Mellom desse skal ha vore Torleiv Mikkelsson Holen, Olav Såvesson Bjåen og Jon Olavsson Haugen. Våren 1920 brann butikken opp, men handelssamlaget sette med det same opp nytt hus på same tomta, og handla vidare. Men i 1928 gjekk det konkurs.

Interessentane let seg likevel ikkje skremme, og starta same dagen oppatt under nytt namn: L/L Bykle Handel. Lutlaget overtok konkursbuet og handla vidare, og utvida jamvel butikken med eit stort tilbygg på nedsida. For å få tomtegrunn til dette leigde dei eit tilleggsareal av Olav Drengsson i Innistog. Dette vart, i motsetnad til den gamle tomta åt Ånund Tveiten, matrikulert med det same. Tilleggsstykket fekk bnr 29.

Men heller ikkje lutlaget fekk forretninga til å løne seg godt nok. Etter 3 års drift hadde det fått nok, så i 1931 selde det bygningen og leigeretten til tomtegrunnen til Torjus K. Stavenes, som dreiv forretning og hotell på motsett side av vegen. Prisen var 3000 kr.

I Kultursoga (1993, 283) les me at handelslaget «sette opp dei husa som nå er anneks til Bykle hotell». Dette er rett (bortsett frå at korkje annekset eller hotellet fanst då den nemnde boka kom ut), men det bør vel leggjast til at me vantar opplysning om butikken utan vidare kunne byggjast om til hotellanneks, eller om han måtte takast ned og setjast oppatt. Det siste virkar likevel mest sannsynleg, iallfall laut det ei monaleg ombyggjing til.

Etter at butikklokala vart hotellanneks var det visst ingen annan aktivtet her på lange tider. Men fyrst på 1960-talet kom målaren Morten Henriksen hit, og fekk sett seg opp atelier like ovanfor hotellannekset.

Kvinna til høgre på biletet er Mette Borchgrevink. Her er ho saman med Tore og Knut Mosdøl i slåtten i Mosdøl sumaren 1950. Foto: Morten Henriksen, frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
  • Morten Henriksen, f 1922, d 2001
g 1. ca 1946 m Mette Borchgrevink, ikkje born.
g 2. 1965 m Mariann Hazeland, f 1945, born:
  • Trygve Hazeland Henriksen, f 1966, elektroing., g m Nanna Aase, busett Oslo
  • Anne Hazeland Bøhmer, f 1969, advokat, g m Bernhard Bøhmer, busett Oslo

Morten Henriksen var ivrig jeger, og kom i utgangspunktet til Bykle for å jakte, det var i 1946. Men som kunstmålar og romantikar vart han snøgt hugteken av bygdemiljøet, og bestemte seg for å verta verande, iallfall sumarstid. Fyrst var han og kona, Mette, i Berg og Tveitvodd. Frå 1948 budde dei i ei hytte i Mosdøl.

Sidan, det var fyrst på 1960-talet, då ekteskapet åt Morten og Mette tok slutt, fekk han seg opp atelier her i Lislestog, det var ei gamal løe frå Nigard Hoslemo. Henriksen var lidenskapeleg samlar, både av antikvariske bygningar og alt anna gamalt, men hadde også andre interesser. Kring midten av 1960-talet opna han brukskunstforretning i ein gamal stall han hadde fått tak i, og dreiv då denne i sumarhalvåret i åra som fylgde. Hovudyrket var framleis måling, men han dreiv også og skipa til målarkurs. Ein av elevane her vart den andre kona hans.

Inntil 1967 hadde Henriksen sete på ei umatrikulert leigetomt, men det året sytte han for å få henne oppmælt ( til 2 mål), frådela og skyldsett. Han fekk også skrive og tinglyst ei 50 års leigekontrakt på tomta si, som nå hadde fått bnr 39, med eigaren av Utistog, som på denne tid var Gunhild T. Rygnestad.

Henriksen og huslyden hans budde frå 1967 i Flateland-stoga i Lislestog, der den eine fløyen hadde moderne innreiding. Då hadde han og kona alt eit par år også drive ei brukskunstforretning på Hovden. Men fremste interessa var nå å samle og setje opp gamle hus, og fylle dei med gamal husbunad. Såleis bygde då Henriksen med tida opp eit heilt friluftsmuseum med i alt 11 gamle tømrer, nokre frå Bykle og andre frå Valle.

I 1983 ynskte Henriksen å overlate ansvaret for samlinga si til andre. Det fekk han til, men saka var ikkje heilt utan komplikasjonar. Dei kjem me litt attende til nedanfor. Etter at han fekk kvitta seg med alle dei gamle husa sine, kasta Henriksen seg over eit nytt fagfelt: afrikansk kunst. Han dreiv då i 10-15 år galleri i Oslo med hovudvekta på dette omkvervet, og bygde opp den kanskje største samlinga med afrikanske kunstverk her i landet.

Flatelands-stoga i Lislestog. Bilete frå kommunearkivet.

Henriksen hadde bode Bykle kommune å overtaka samlinga si til bygdetun for 1,1 mill. kr. Rådmann Arne Trondsen innstilte på å takke ja til dette tilbodet, men fekk ikkje kommunestyret med seg. Men Trondsen meinte at bygdetunet var eit viktig tiltak for bygda, og at det ikkje var forsvarleg å taka sjansen på at samlinga skulle gå i oppløysing. Difor sette han, som privatperson, same kvelden som han hadde lide nederlag i kommunestyret, i gang med å organisere ei privat stifting som skulle eige og drive bygdetunet. For å sikre at pengane ikkje skulle gå tapt for gjevarane, dersom planen ikkje skulle lukkast, vart «Stiftelsen Morten Henriksen Samlingen» organisert i namnet åt Øvre Setesdal Folkeminnelag. Men stiftinga greidde faktisk å reise dei påkravde midlane frå ein kombinasjon av private og offentlege ytarar. Dei siste kr. 300 000 kom som ei løyving frå Bykle kommunestyre, der stemninga etter kvart hadde snudd seg.

Den private stiftinga åtte og dreiv bygdetunet i 4 år. I 1987 hadde kommunen kome til at det måtte vera rett å taka over heile tiltaket, og slik vart det. Overgangen til kommunalt eigarskap skjedde ved at vedtektene i stiftinga vart endra slik at kommunen sidan skulle ha rett til å oppnemne styre. Bortsett frå denne vedtektsendringa er organiseringa av Morten Henriksen Samlinga formelt sett framleis den same som ved oppstarten av stiftinga i 1983. Men stiftinga er i røynda eit underbruk av Bykle kommune, og vert drive og administrert av denne.

Då stiftinga overtok samlingane, overtok ho samstundes Henriksen si leigekontrakt med Utistog. I 1995 utvida kommunen tomtegrunnen med å leige innåt 5,6 mål frå Utistog (bnr 62). Fremste tilskuvet til dette var at kommunen hadde skaffa seg ein stor, fin tømmerbygning i gamal setesdalsstil, som hadde vorte oppført til OL på Lillehammer i 1994, men ein tenkte også på eventuelle seinare utvidingar av bygdetunet.

OL-huset vart nå ei tid kalla Kuftesenteret, og hyste «Stiftinga Lus og Løye», som var eit kompetansesenter for lusekufter, løyesaum og det som elles høyrer setesdalsbunaden til. Her vart det drive med sal, produksjon, kurs- og utstillingsverksemd. Butikken og sylvsmedverkstaden vart drivne på heilsårsbasis, sumarstid kom utstillings- og omvisingsverksemda på bygdetunet i tillegg. Dagleg leiar var sylvsmed Marit Bergland frå Rysstad.

Stiftinga Lus og Løye vart nedlagt i 2003, men bygdetunet er intakt, og har ope sumarstid.


0941 Bykle komm.png Lislestog (Bykle gnr 14/39, 62) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kosi • Neste bolk: Evre Haugen