Hjartdal kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjartdal kyrkje (2011)
Foto: Siri Iversen

Hjartdal kyrkje er ei korskyrkje i tre, bygd i 1809, innvendig i 1812. Kyrkja ligg i bygda Hjartdal i Telemark.

Kyrkja vart restaurert i 1888 og 1941. Den har 220 sitjeplassar.

Sagnet seier at risen i Mælefjellet kasta ein stein etter stavkyrkja då ho stod ferdig. Steinen traff ikkje kyrkja, men datt ned på Risvoll. I ergrelse fall risen og slo ei kløft i fjellet. Denne kløfta heiter i dag Gunnegrov.

Under bondeopprøret i 1540 vart 5 bønder henretta på jordet attmed kyrkjegarden. Jordstykket heiter framleis Bråråker, som tyder blodåkeren.

Vidare lesning

Kjelder

Hjartdal kyrkje (1939-1949)
Foto: Ukjend / "Hjartdal kirke"
Nasjonalbiblioteket


Koordinater: 59.60398° N 8.63960° Ø