Holti (Bykle gnr 14/12)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Holti
Rydda: 1866
Utskilt: 1912
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 12
Type: Småbruk

Holti i Bykle låg rett ovanfor der tunet i Utistog Byklum er nå, men høyrde i eldre tid til Austistog.

Parsellen tykkjest på eit vis ha vorte utskilt alt i 1863, då Odd Pålsson Byklum kaupte att ein halvpart av Austistog hjå Olav T. Bjørnarå (Stavenes). Iallfall fekk Odd då særskilt skøyte på Holti ved sidan av skøytet på halve Austistog, ser me, men kva som var grunnen til dette veit me ikkje, det er ikkje likt til at det hadde budd nokon her tidlegare. Me kan berre gjeta på at det var meininga at einkvan skulle ha dette stykket som husmannsplass, men at det av ein eller annan grunn ikkje vart noko av.

Den fyrste me veit budde her var Pål Oddsson, den tredje av sønene åt Odd Pålsson. Han hadde fyrst ått Austistog saman med den eldre broren, Olav, frå ein gong mellom 1886 og 1891, men sidan har Olav tydelegvis kaupt han ut, utan at me har sett noko dokument som kan vise oss nett kva tid dette var.

Frå Pål Oddsson gifte seg fyrste venda i 1899 og nokre år frametter budde han nok saman med broren i Austistog, men i 1906 eller 1907 overtok han Holti til eit småbruk for seg, og bygde då hus her. I 1912 vart bruket skyldsett til 10 øre og tildela bnr 12 under Byklum.

  • Pål Oddsson Byklum, f 1871, d 1955
g 1. 1899 m Gro Arnesdtr. Byklum, f 1879, d 1900, ikkje born.
g 2. 1901 m Birgit Jonsdtr. Hoslemo, f 1860, d 1933. Born:
  • Odd, f 1905, g 1945 m Angjerd Olsdtr. Rygnestad, sjå nedanfor

Gro, fyrste kona åt Odd, var frå Lii, og dotter åt Arne Knutsson Byklum og kona, Margit Olavsdotter. Birgit, kone nr 2, var dotter åt Jon Olsson Hoslemo i Øystre Haugen og kona, Torbjørg Auversdotter.

Når me ovanfor har sagt at Pål overtok bruket her i 1906 eller 1907, er det avdi han vart oppskriven som «tømmerhugger», ikkje som «selveier», då han døypte sonen i 1905, og stoga som han sette opp sto ferdig i 1907. Denne hadde ei grunnflate på 60 m² i halvanna høgde. Etter dette drygde det noko fyrr han hadde råd med å få opp fleire hus, men i 1912 hadde han eit lite uthus med fjos og løe ferdig. I 1939 reiv han fjoset og fekk opp eit nytt.

Buskapen i 1953 var ei kyr og ei handfull sauer, ser me i Norges Bebyggelse. Bruket var altså for lite til å liva av. Både Pål og Odd, sonen, tok difor på seg arbeid utanom bruket. Pål dreiv med skogs- og gardsarbeid, medan Odd var vegarbeidar.

Odd overtok eigedomen då faren døydde i 1955.

Angjerd Rygnestad og Odd Byklum då dei gifte seg 8. mai 1945. Forlovarane, som flankerer brureparet på biletet, er Mikkel T. Haugen og Gyro T. Homme, gift Sollid. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
  • Odd Pålsson Byklum, f 1905, d 1977
g 1945 m Angjerd Olsdtr Rygnestad, f 1904, d 1982, ikkje born.

Angjerd Olsdtr. var frå Heimre Åreholti i Rygnestad, gnr 23, bnr 10. Foreldra hennes var Olav Olsson Rygnestad og kona, Jorunn Knutsdotter, fødd Tveiten (Valle). Angjerd hadde 3 systrer som hamna i Bykle. Det var Ingebjørg, som var gift med Olav Gunnarsson i Myri Holen, Gyro (e.), som var gift med Bjørgulv Folkesson i Viki Nesland, og Gyro (y.), som var gift med Mikkel Olavsson i Holen Der uppe.

Angjerd og Odd vigde i Valle kyrkje 8. mai 1945. Etter vigjinga køyrde dei oppetter Dalen mot Rygnestad, og då flagga folk i kvart huset. Dei visste sjølvsagt kvifor det vart flagga, men det skapte likevel ei heilt særskild ramme kring brudlaupet deira, tykte dei.

Me hermer ein (noko omskipa) passasje om Odd og Angjerd etter Olav G. Holen (Holen 3, 66):

Odd var lettliva og folkekjær, og lika å vera saman med folk. I dansen var han meisteren i Bykle, (...) lett og spenstig, som han var, og med ein særs god rytme.

Han var og rapptunga og god til å prate for seg [...] Angjerd hadde nedervd talegåvone ifrå «Gråmennan», og så lo ho så godt, når Odd fortalde historiar, og så lo dei saman, og kosa seg, og var så sers gode vener. Odd livde godt i Holti, og dessutan hadde han fast jobb for vegstellet, og stod seg godt...

Angjerd fekk liva lenger enn Odd. På slutten budde ho på Bykle bygdeheim. Etter at ho var død i 1982 overtok Bykle kommune eigedomen til tomtefyremål. I samband med overtakinga vart bruket oppmælt, og vart då funne å vera på 5 mål dyrka mark og 62 mål skog.


0941 Bykle komm.png Holti (Bykle gnr 14/12) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Solhaug (Bykle hotell) • Neste bolk: Fådapen

Koordinater: 59.3536937° N 7.3471489° Ø