Hovdeplassen (Bykle gnr 2/8)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovdeplassen
Hovden 38.jpg
Hovdeplassen 1963.
Foto: Gerd Fosse Hovden
Alt. namn: Austigard;
Hovden Austigard;
Der uppe
Rydda: 1840-åra
Utskilt: 1937
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 8
Type: Gardsbruk

Hovdeplassen, også kalla Hovden Austigard og truleg Der uppe, er bruksnummer 8 på Hovden i Bykle kommune. Når ein køyrer vestetter mot Breive frå Hovden sentrum, er dette bruket det fyrste ein kjem til. Det vart matrikulert som eiga eining så seint som i 1937, men då hadde det funnist til i bortimot 100 år.

I den gamle gards- og ættesoga (201f) les me at Bjørgulv Jonsson var den fyrste kjende oppsitjaren her, medan Sigbjørn Knutsson Breive sat på eit fjerde Hovden-bruk, som heitte Der uppe. Nå veit me at Bjørgulv budde i Der sø, men det er rett at Sigbjørn hadde Der uppe. Men ettersom me aldri har sett meir enn tre gardsbruk i senn på Hovden, vil me meine at det her må vera tale om eit namnebyte. Med andre ord meiner me at det må ha vore dette bruket som til å byrje med vart kalla Der Uppe. På den tid då det fekk namnet sitt hadde det tunet sitt oppe i jordet på Der nor, og samstundes gjekk dei over til å kalle det som hadde vore Der nor for Der nede. Dette må ha vore ein gong på 1840-talet.

Kva tid husa vart flutte til den staden der Hovdeplassen nå har tunet sitt, er litt uvisst, men me trur at det må ha vore Knut Sigbørnsson som som sto for tunflytjinga, og at ho gjekk fyre seg i andre halvparten av 1870-talet. Vidare meiner me at grunnen til at han laut skaffe seg nytt tun var at Bjørgulv Jonsson i Der sø og Tarjei Knutsson i Der nede hadde endra deildelinene mellom eigedomane då dei kaupte ut Knut Sigbjørnsson frå parten hans i 1876. Etter dette lyt då Knut nokre år ha vore plassmann under Bjørgulv og Tarjei.

Etter folketeljinga frå 1875 er det iallfall heilt klårt at Bjørgulv Jonsson det året var på lnr 3b, det som sidan vart bnr 2, medan Sigbjørn Knutsson hadde lnr 3c, som sidan vart bnr 8. Fylgjeleg set me han opp her.

Sigbjørn Knutsson Breive, f 1797, d 1876

g 1840 m Hæge Jonsdtr. Felland, f 1807, d ca 1875. Born:
  • Knut, f 1842, d 1898, ug, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1845, d 1854
  • Ingjerd, f 1849, d ca 1883, ug, sjå nedanfor

Sigbjørn var frå Breive Der inne, og son åt Knut Bjørgulvsson og kona, Ingebjørg Såvesdotter, fødd Vatnedalen. Hæge var frå Nordre Felland i Mo kommune, og dotter åt Jon Ånundsson og kona, Hæge Homsdotter. Desse var innflutte til Mo, og Hæge Homsdotter var frå LofthusRauland, men kvar Jon kom ifrå er ikkje kjent (jfr. Mo bygdebok I, 484).

I 1875 sat Sigbjørn og Hæge med hest, 5 kyr og 1 kalv, 2 sauer og 4 geiter. Sånaden på bruket var 1 1/2 tunner bygg og 2 tunner jordeple.

Sigbjørn kaupte bruket hjå Olav Underbakka i 1848, og budde her til han døydde i 1876, men sleit med gjeld og utpantingar. Me har ikkje funne dødsfalla åt korkje Hæge eller dottera Ingjerd i kyrkjeboka, og trur helst at dei båe kan ha vorte gravlagde i Mo. Årstala for desse dødsfalla her ovanfor er henta frå skiftet etter Ingjerd, som vart halde i 1883.

Ingjerd Sigbjørnsdotter fekk i 1872 sonen Jon, faren var Knut Hallvardsson Breive. Jon Knutsson fekk i 1893 presteattest for å flytje til Mo, og seinare budde han der. I 1900 finn me han som tenestedreng på Åse i Mo, og i 1906 gifte han seg med Margit Olavsdotter Ringestoga, fødd 1857. Margit åtte bruket Tjønnestøyl Ringestoga, gnr 16, bnr 3, og ho og Jon budde der ilag til han døydde i 1924. Det ser ikkje ut til at det var born i ekteskapet deira (jfr. Mo bygdebok I, 268).

I ei tinglysing frå 1880 ser me at Olav og Tarjei Knutsson i Der nede og Bjørgulv Jonsson i Der sø det året åtte 3/5 og 2/5 av Hovden, til saman altså heile garden. Dei lyt då ha delast om å kaupe den fjerdeparten Sigbjørn hadde sete med, men Knut Sigbjørnsson vart buande, skjønar me, for i 1882 står det at han sat på bruket her, og åtte 1/5 av garden, medan parten åt Bjørgulv var redusert til 1/5, så då hadde Knut kaupt attende halvparten av eigedomen hans. Men han fekk tydelegvis ikkje økonomien på parten sin til å strekkje til, for kring 1890 selde han og flutte til Mo, der han døydde 8 år seinare (jfr. Mo bygdebok II, 534).

Kauparane var Olav og Tarjei Knutssøner i Der nede, som omlag samstundes også kaupte parten etter Bjørgulv Jonsson hjå Margit Kjetilsdotter, enka hans. Den eine av knutssønene, anten Olav eller Tarjei, tykkjest då ha budd på bruket her nokre år, frå 1890 til 1895, men som me har sagt i bolken om Der sø, veit me ikkje kven av dei det var.

Nokre år seinare sat Tarjei Knutsson derimot heilt sikkert i Der sø, og då veit me at Knut Hallvardsson Breive budde her på bruket. Me reknar med at han kom hit etter at Tarjei hadde selt Der nede til Svein Knutsson i 1896, og det var dei to saman som sette bort eigedomen her til Knut. Vidare er det grunn til å tru at det må vera frå denne tida namnet Hovdeplassen kom i bruk, ettersom bruket frå dette tidspunktet og frametter vart rekna som plass under Der nede og Der sø i fellesskap.

Den nye brukaren var frå Nordgarden Breive, og son åt Hallvard Hallvardsson Ørnefjødd og kona Åsne Knutsdotter.

Torbjørg B. Hovden og sonen Bjørgulv Knutsson. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Knut Hallvardsson Breive, f 1853, d 1903

g 1889 m Torbjørg Bjørgulvsdtr. Hovden, f 1865, d 1951. Born:
  • Halvor, f 1890, g m Jorunn Pålsdtr. Tveiten, sjå nedanfor
  • Bjørgulv, f 1893, d 1924, ug
  • Åsne, f 1893, d 1900
  • Åsne, f 1900, d 1901

Torbjørg var frå Hovden Der sø, og dotter åt Bjørgulv Jonsson Gunvaldjord og kona Margit Kjetilsdotter. Margit budde elles hjå Torbjørg og Knut frå 1896 og til ho døydde i 1912.

I 1906 skaffa Torbjørg seg ny brukskontrakt med A/S Sætersdalen. Leiga vart sett til kr 25 pr år. Ein merkar seg at bruket vert omtala som Hovdeplassen i dette dokumentet, så på denne tid må den nemninga ha vore godt innarbeidd. Torbjørg dreiv då eigedomen vidare i medhald av den nemnde kontrakta heilt til 1938, då sonen Halvor fekk kaupe han hjå A/S Sætersdalen etter å ha vunne fram med ei oreigningssak. Prisen ved overdraginga var 7.200 kr. Nå fekk bruket nye deilder, vart matrikulert og fekk bnr 8. Landskylda var sett til 30 øre, den eine halvparten gjekk ut frå bnr 1 og den andre frå bnr 2. Ved matrikuleringa vart bruksnamnet endra frå Hovdeplassen til Austigard. Dette var rimelegvis ei markering av at bruket ikkje lenger var plass, men sjølveigarbruk godt som noko. Men det er rart med innarbeidde namn, dei vert gjerne hangande i dagleg bruk, jamvel om eit eigarskifte fører til formelt namnebyte.

Dermed går over til me til den nye eigaren frå 1938.

Halvor Hovden. Frå Ingebjørg Vegestog.
Jorunn Hovden. Frå Ingebjørg Vegestog.

Halvor Knutsson Hovden, f 1890, d 1942

g 1934 m Jorunn Pålsdtr. Tveiten, f 1913, d 1979. Born:
  • Torbjørg, f 1935, d 1941
  • Knut, f 1937, anl.arb., d 1964, arbeidsulukke, ug
  • Paul, f 1938, sjå nedanfor
  • Bjørgulv, f 1940, g 1967 m Gerd Fosse, sjå Unheim, bnr 215
  • Hallvard, f 1942, d 1995, g m Gunda Haaland, sjå Solheim, bnr 120,
Den lisle Torbjørg H. Hovden (1935-1941) med ein folunge. Dette biletet er teke i 1940. Frå Gerd Fosse Hovden si samling.
Jorunn Hovden mellom dei 4 vaksne sønene sine. Frå v: Bjørgulv, Hallvard, Knut og Paul. Knut er i uniform, har truleg vore heime på permisjon, og står på farten til ein ny periode i det militære. Dette biletet lyt vera teke i 1957 eller 1958. Til bygdeboka via Ingebjørg Vegestog.

Jorunn Pålsdotter var frå Ryningen, og dotter åt Pål Åsmundsson Tveiten og kona Birgit Olavsdotter, fødd Trydal. I 1934 overtok Halvor Nordgarden Breive frå farbroren Halvor H. Breive. Frå 1941 sette han bort det bruket til Olav Pålsson Tveiten, bror åt Jorunn, og familien hans. I 1947 selde Jorunn det til dei. I 1945 bygde ho innåt stoga på bruket her, og to år seinare bygde ho nytt uthus. I dette vart det i 1953 registrert 1 kyr med kalv, 12 sauer og 2 griser.

I 1981 overtok sonen eigedomen.

Paul Hallvardsson Hovden, f 1938, ug

Han har arbeidd som lastebilsjåfør og som vaktmeister på høgfjellshotellet. Han har selt ein del tomter frå eigedomen, men sett bort langt fleire. Pr våren 2003 er det registrert omlag 60 festetomter. Paul har sett seg opp nytt bustadhus på bruket. Eigedomen vert oppgjeven til å vera på ca 17.000 mål.


0941 Bykle komm.png Hovdeplassen (Bykle gnr 2/8) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Der sø • Neste bolk: Hovden høyfjellshotell