Jærhus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jærhus på Garborg i Time kommune. Barndomsheimen til forfattaren Arne Garborg. Foto: Gunleiv Hadland

Jærhus er ein type hus som er rekna som typisk for Jæren i Rogaland fylke. Hustypen vart mykje bruka fram mot byrjinga på 1900-talet. Etter kvart vart hustypen rekna som gamaldags, og mange slike hus vart rivne for å gje rom for meir moderne typar. Det finst truleg berre noko over 100 jærhus att. Få av desse er frå tida før 1800, og få er tekne vare på i opphavleg stil.

Husa vart bygde der landskapet kunne gje ly for vinden. Husa vart helst plasserte slik at vinden frå nordvest trefte gavlen, der skutar av stein tok av for det verste. Ein skut er eit utbygg på kvar side av huset. Ein skut har gjerne skråtak og kunne verta nytta som lagringsplass for torv vinterstid. Slik fekk ein ekstra isolering mot naturkreftene. Sjølve huset er gjerne bygd av tre, men med delar kledd med stein. Bordkledinga er gjerne liggjande panel, såkalla vestlandspanel. Slik var det lettare å skifta ut trebord som lett rotna nede ved bakken i det våte klimaet. I eldre tider vart gjerne bordkledinga tjørebreidd. Seinare tok ein til å måla med brun eller mørkeraud husmåling. Frå kring 1830 vart husa kvitmåla. Kvitmåling var dyrt, slik at mange måla berre fasaden. Taket vart tekt med halm eller gras, og seinare gjerne tegl eller skifer. Dei fleste jærhusa er korte og låge, med ein og ein halv etasje i høgda. I tillegg til skutar har eit typisk jærhus sâltak, inngangsdør med bislag i tillegg til bakdør nokolunde midt på huset. Det er gjerne to vindauge på kvar side av inngangsdøra.

Omgrepet jærhus vart fyrst nytta av samfunnsforskaren Eilert Sundt i 1862.

Bakgrunnsstoff

Litteratur


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Jærhus» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.