Jørgen Gersdorf Jørgensen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jørgen Gersdorf Jørgensen (fødd 20. juni 1850 i Bergen, død 28. februar 1917 i København) var fabrikkeigar i Vadheim i Sogn og Fjordane i 1890-åra.

Foreldra var målarmeister Bernt Julius Jørgensen (1822-1909) frå Bergen og Sigrid Gjermo (1829-1913) frå Voss. Jørgen Jørgensen drog truleg til Liverpool alt i 16-årsalderen og hadde i 1875 opphalde seg der i ni år.

Han gifte seg før 1884 med den 13 år yngre Ingeborg Margrethe (Inga) Christensen (fødd 14. september 1863). Foreldra hennar var handelsmann Andreas Johan Kristensen (f. 1842) og Cathrine Eleonora Christensen (1844), båe frå Bergen. Jørgensen er i 1884 oppført som "handelsfuldmegtig", 1885 som "Contorist" og i 1890 som "Assurancebestyrer" i Bergen.

Våren 1894 kjøpte han sjoddifabrikken i Vadheim i Kyrkjebø kommune i Sogn og Fjordane. Han kjøpte òg fallrettar i Dyrneslielva som gav driftsvatn til fabrikken og bygde kring 1895 det andre elektrisitetsverket i Sogn og Fjordane. Det gav lys til fabrikken. I den lokalhistoriske litteraturen har J. Jørgensen gått for å vere dansk, men det stemmer ikkje. Sjoddifabrikken var før hundreårsskiftet ei av dei største industriverksemdene i det industrifattige Sogn og Fjordane.

Jørgensen overdrog alt 1.1.1901 fabrikken og fallrettane til den engelske kjemikaren Edgar Ashcroft. Kjøpekontraktane vart utferda og tinglyste i juni 1903, og Ashcroft etablerte her i 1906 Vadheim electrochemiske fabriker som produserte natriummetall. Dei fyrste åra etter at Ashcroft kom i kontakt med Jørgensen kring hundreårsskiftet har Jørgensen truleg hjelpt Ashcroft med etableringa. Jørgensen skal ha selt fabrikken til Ashcroft for det tidoble av det han sjølv gav nokre år før og drog frå Vadheim "som ein grunnrik mann" (Søgnen).

Det er uvisst kva han livnærte seg av resten av livet. I 1910 budde Jørgensen med kona og dei to yngste borna på Vossevangen i Hordaland. Han skal ha døydd i København i 1917. Han må ikkje forvekslast med frisøren Jøgen Gersdorf Jørgensen (fødd 1855 i Bergen).

Jørgen og Ingeborg Margrethe Jørgensen fekk desse borna:

  • Arthur Gersdorf Jørgensen (fødd 18.6.1884, død 2.2.1885 i Bergen)
  • Katarine Eleonore Jørgensen (fødd 21.11.1885 i Bergen, død 8.2.1903)
  • Sigurd Gersdorf Jørgensen (fødd 15.9.1887 i Bergen, død 17.1.1910 i Bergen)
  • Gerda Margrethe Jørgensen (fødd 7.6.1890 i Bergen)
  • Dagny Jørgensen (fødd 7.8.1894 i Kyrkjebø)

Kjelder