Jacob Nilsson Kobberstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacob Nilsson Kobberstad gav mellom anna ut ei salmebok, som det vart annnonsert for i Fædrelandet den 2. februar 1881.

Jacob Nilsson Kobberstad (fødd 17. januar 1840 i Breim, død 12. juni 1919Stord) var lærar på fleire skular rundt om i landet. Han var òg tonesetjar, og sette mellom anna melodiar til seks av songane i Ivar Aasens Symra.

Slekt og familie

Jacob Kobberstad var son av gardbrukar Nils Jacobsson Kobberstad og Kristi Stefansdotter Kobberstad.

Han var gift med Eleonore Sofie de Lange (f. 1836 i Bergen). Dei fekk det første av ei rekkje born i 1863.

Liv og virke

Han vart fødd på garden Kobberstad i Breim, som i dag er ein del av Gloppen kommune, der faren var gardbrukar.

Kobberstad tok lærareksamen på Stord seminar i 1859. Etter ei tid som huslærar vart han i 1861 lærar ved Voldens Høiere AlmueskoleVolda. Der budde familien på Rotset.[1] I 1868 kom han over eit gammalt manuskript som hadde hamna på eit bål då ein bonde skulle brenne noko rask. Han såg at det kunne vere av verdi, og sende det til Sophus Bugge som straks såg at det var ein oppskrift på ein ballade frå mellomalderen, Friarferdi til Gjøtland. Manuskriptet frå 1612 er den eldste oppskrifta av ein mellomalderballade i Noreg.

Jacob Kobberstad var ein tid overlærar i Kristiania og budde med familien i overlærarbustaden på Møllergata skole, der Oslo Skolemuseum no held til.
Foto: Ukjend (omkr. 1910).

I 1874 byrja han jobbe på Asker seminar, og i folketeljinga 1875 er familien ført opp med adresse der.[2] Så flytta han til Kristiania, der han i 1880-åra vart overlærar i folkeskulen. I 1885 budde familien i Møllergata 49,[3] som er adressa til Møllergata skole. I overlærarbustaden der ligg no Oslo Skolemuseum. Seinare var han òg lærar ved fleire folkehøgskular, amtsskular og framhaldsskular. I folketeljinga 1910 finn vi han som pensjonert overlærar i drengestua på LangsetEidsvoll; han var då enkemann.[4]

Medan han arbeidde i Volda gav han frå 1869 til 1873 ut bladet Møringen. Han gav òg ut fleire lærebøker og songbøker. Mot slutten av livet skreiv han på ei verdshistorie på landsmål, men denne vart han ikkje ferdig med. Kobberstad skreiv og i Dølen og Ferdamannen, og han var medlem i Vestmannalaget. Frå 1860-åra brevveksla han med Ivar Aasen, og etter at han flytta til Austlandet trefte dei kvarandre jamt. Då Aaasen i 1875 gav ut tredje utgåva av Symra ved det med eit notetillegg som Kobberstad hadde laga, der han som nemnd sjølv hadde tonesett seks av songane.

Referansar

  • Jacob Kobberstad i folketeljinga 1865 for Volda prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • Jacob Kobberstad i folketeljinga 1875 for Asker prestegjeld frå Digitalarkivet
  • Jacob N. Kobberstad i folketeljinga 1885 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet.
  • Jacob Kobberstad i folketeljinga 1910 for Eidsvoll herred frå Digitalarkivet.
  • Litteratur og kjelder