Jernvegen 2-4-6-8 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jernvegen 2-4-6-8
Utskilt: 1955
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 648
Type: Bustadseigedom

Jernvegen 2-4-6-8 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette er ein firemannsbustad som vart oppført av Erling Dåsvatn og Johan Henriksen i 1993/94. Huset ligg nedst i Austmannlifeltet, like ovanfor Stussfutjønni.

Det er seksjonert, og dei som bur her eig kvar sin fjerdepart.

Nr 2

Ekteparet Knut Inge og Heidi Irene Ramsland budde her i åra 2003-2006. I det sistnemnde året ferdigstilde dei det nye huset sitt tvers over vegen, Jernvegen 16, og flutte dit. Det står litt meir om dei i avsnittet om den heimen. Husveret sitt her selde dei til eit dansk ektepar som ikkje har flutt hit, og som me ikkje har namnet på.

Nr 4
  • Johan Henriksen, f 1958
g hv m Signe Gunn Vesterdal, f 1959, busett Vrådal. Born:
  • Daniel, f 1982

Johan er opphavleg frå Herning, Danmark, og son åt Per og Synnøve Henriksen. Han kom til Hovden til jul 1987, og dreiv restauranten Loptet og sidan restauranten Vertshuset til 1996. I det sistnemnde året starta han firmaet Hovden Furumo A/S saman med Erling Dåsvatn. Dei driv Furumo kafe og Hovden Rengjøring. Sonen Daniel arbeider ved Hovden Skisenter.

Nr 6
  • Anne Brit Arnestad, f 1947
g hv m Terje Ekroll, f 1949, 2004 busett Kristiansand. Born:
  • Trude, f 1974, g m Espen Wolles Mikkelsen, sjå Jernvegen 43, bnr 838
  • Gry, f 1976, flyplassekspeditør, g m Mats Andreas Andersen, busett Bergen

Anne Brit er frå Gloppen og dotter åt Ingrid og Kåre Arnestad. Ho kom til Hovden i 1979. Husværet her kaupte ho våren 2004. I yrkeslivet er ho for tida (haust 2004) barnehageassistent.

Nr 8
Linda Haugen ca 1990. Bilete frå kommunearkivet.
  • Odd Breivegen, f 1981
sb m Linda Haugen, f 1983

Odd er frå Hovden, og son åt Liv og Per Breivegen, sjå bnr 343, Malmvegen 22. Han arbeider som snikkar. Linda er frå Bykle, og dotter åt Jon Torfinn og Solveig Haugen, sjå Furuheim, gnr 15, bnr 53. Ho arbeider som tannlegesekretær.


0941 Bykle komm.png Jernvegen 2-4-6-8 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Jernvegen 38 • Neste bolk: Jernvegen 27

Koordinater: 59.55441° N 7.36502° Ø