Johan Halvorsen Nerbøvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Johan Halvorsen Nerbøvik (fødd 27. juni 1859Aukra, død 2. februar 1924Volda) var fotograf frå 1898 til sin død.

Han var gift med Martha Johanne Larsdatter Vartdal (f. 1865). Lærte fotografering i USA og drev eiga forretning der i åtte år. Vende heim til Noreg i 1892 og reiste då rundt på bygda med utstyret på ryggen. Starta firma i Volda i 1898, der han bygde eit lite atelier. I 25 år var han fotograf i Volda. Drog til Ålesund etter brannen i 1904 og fotograferte byen mens det ennå var røyk frå brannruinane. Fotograferte i Molde under kroningsferda i 1906. I 1924 ble atelieret overteke av sonen Johan Magnus Nerbøvik.

Arkivet hans gjekk tapt i ein flom, men mykje av det eldste atelierinventaret oppbevarast av sonesonen Jostein Nerbøvik.

Jostein Nerbøvik gav i 2001 ut boka Løyndom og røyndom. To fotografar i Volda 1898-1979, ei bok om sin far og farfar sin verksemd som bygdefotografr i Voldasamfunnet. Boka inneheld om lag 500 bilete av far og son Nerbøvik og utgjer bind 3 i serien Volda-soga 1800-1945.

Kjelder

  • Johan Halvorsen Nerbøvik i Historisk befolkningsregister.
  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Johan Halvorsen Nerbøvik på Digitalt museum.
  • Johan Halvorsen Nerbøvik på KulturNav
  • Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Møre, Volda 14.09.1989
  • Nerbøvik, Jostein: «Portrett av ein bygdefotograf. Johan H. Nerbøvik (1859-1924)», i Bildet lever, 5, 1989
  • Nerbøvik, Jostein: «Fotograf Johan H. Nerbøvik. Romsdaling, amerikafarar og volding», Årsskrift for Romsdal sogelag, 1986
  • Nerbøvik, Jostein: Løyndom og røyndom. To fotografar i Volda 1898-1979, 2001
  • Skorgevik, Kjell: Fotografer i Ålesund i glassplatenes tid, 1985
  • FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal. Eldre fotografer i Møre og Romsdal. [Database]. 2009


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Johan Halvorsen Nerbøvik er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!