Jostedal barnehage

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostedal barnehage er ein kommunal barnehage i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Frå 1. august 2012 har barnehagen og Jostedal skule gått saman i Jostedal oppvekstsenter.

Hausten 1979 kom det i gang ein kommunal korttidsbarnehage i 1. klasserommet på Jostedal skule med opningstid 9-12 måndag og torsdag. Fyrste hausten gjekk 15 born i alderen 3-6 år i barnehagen. Styrar fram til 1987 var Kari Beheim Karlsen.

Gjennom 1980-åra vart opningstida noko utvida. Då ein del barnefamiliar flytte til Jostedalen i andre halvdel av 1980-åra, kom spørsmålet om heiltidsbarnehage opp. Særleg viktig var eit møte i februar 1988 der foreldra innleidde eit arbeid mot dei politiske organa i kommunen.

Både fleire ungar og auka opningstid gjorde at behovet melde seg for eigne barnehagelokale. Eit alternativ var å ta i bruk eit kommunalt bustadhus i det nye byggjefeltet på Gjerde der fleire av dei nye småbarnsfamiliane budde, men familiane sjølve ynskte at barnehagen vart lagd til området ved Jostedal skule og Jostedal samfunnshus i Krekane.

Dette vart vedteke av kommunestyret i Luster, og 7. oktober 1990 opna den nybygde Jostedal barnehage som eit tilbygg til Jostedal samfunnshus. Barnehagen har dermed både kunna bruke kjøkenet, gymsalen og matsalen i samfunnshuset. Ei tid tidleg i 1990-åra var det over 40 born i barnehagen, og han måtte delast i to avdelingar. Avdelinga med dei største borna heldt då til i matsalen.

Barnehagestyrar sidan 1988 har vore Oddbjørg Ese.

Kjelder

  • Jostedal skule- og bygdeavis, nr 1 (1981/82), nr 1 (1987/88) og nr 1 (1990/91)
  • Tale av styrar Oddbjør Ese på jubileums- og nissefest 7.12.2010

Eksterne ressursar