Kjeldearkiv:Første reinsjakt i Lesjafjella

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Første reinsjakt i Lesjafjella
Kjeldeinformasjon
Navn: Arnfinn Kjelland
Sted: Reinheimen, Lesja kommune
Tidsrom: 1987
Nedtegnet: 11.-13. september 2009
Metode for nedtegning: Eigenforfatta
Beskrivelse: Minne frå den første reinsjakta eg deltok på
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Det var hausten 1987 eg deltok på reinsjakt i Lesjafjella første gongen. Eg hadde flytta til bygda fem år før som tilsett bygdebokforfattar. Eg hugsar at første året eg budde i den bygda stussa eg over kvar det vart av mange av karane når vi kom inn mot 20. august, og at det var vanskeleg å avvikle møte frå den datoen og tre vekers tid utover.

Men det fekk eg raskt kunnskap om: reinsjakta! Eg har mange gonger seinare tenkt på kor mykje som ligg i mor Åses utsegn til Peer om å renne til fjells månadsvis i travle onna – det var nok ikkje noko gamle Ibsen tok ut av fantasien, nei.

Nokre år seinare fann eg så ut eg måtte prøve sjølv. Eg hadde ein god del erfaring med skytevåpen og hadde gått ein del på rypejakt, men aldri jakta på storvilt. Eg laut skyte jegerprøve og betale avgift, men i Lesja var det i alle fall den gongen slik at alle førstegongsjegrar fekk fellingsløyve (jaktkort) på det som var kalla fritt dyr. Det betydde i praksis at du felte den største storbukken du kunne få tak i.

På den tida hadde eg treft ho eg no er gift med. Far hennar, Olav Brøste frå Verma (1924-2011), var ein gjennombarka fjellmann, da framleis i sin beste alder, 63 år. Han hadde vokse opp på ein av dei høgastliggjande gardane i området, Ner-Brøste, og hadde gått i fjellet heile sitt liv på jakt, fiske og gjeting. Han kjente bokstaveleg tala heile denne delen av Reinheimen (fjellområdet mellom Tafjordfjella, Nord-Gudbrandsdalen og Ottadalen) som si eiga bukselomme. Nokre år før hadde han vore kjentmann for kronprins Harald på reinsjakt i same området.

Ein ting var å ha jaktkort og børse med kikkertsikte (som eg fekk låne av svigerfar) – noko anna var å finne reinen i høgfjellet, kome på skothald, felle han, slakte, dele opp slaktet og bere kjøtet attende til sivilisasjonen (der skikken var at kvinnfolka tok over resten av mat-bearbeidinga). Det låg derfor i korta at eg skulle gå i lag med svigerfar, som altså var kjentmann og rutinert jeger; da eg spurte kor mange rein han totalt hadde skote meinte han at det kanskje var kring 200(! – det kan forklarast med at aktive jegrar på 1950-talet fekk kjøpe mange kort kvart år). Han hadde òg funksjon som jaktoppsyn, dvs. han kontrollerte at jakta gjekk forsvarleg for seg og at jegerane skaut dyr av den kategorien dei hadde kort på.

I alle fall: vi skulle gå i lag første jaktdagen. Møt opp i Rånå kl. 7 var ordren eg fekk. Der starta vi på ca 700 moh og gjekk raskt opp ei bra lang fjellside opp på Rånåflya, ca 1100 moh. Der kunne vi begynne å sjå etter rein. Vi gjekk innover, stoppa og «kikra» (speida med kikkerten) og gjekk vidare att ei tid. Plutseleg sa svigerfar (utan å bruke kikkert): Der er det rein!. Eg treiv min eigen kikkert, men kunne ikkje sjå noko før svigerfar forklarte kvar eg skulle sjå. Og der stod det ein liten flokk med store bukkar, eit par kilometer unna. Der var det sikkert eit godt bytte, så svigerfar la i veg i høgt marsjtempo. Eg hadde nok med å halde følgje.

Men dei store reinsbukkane er vare på denne tida (det er vel derfor dei har overlevd og blitt store), så sjølv om svigerfar passa nøye på vindretninga trekte flokken unna lenge før vi var på skothald. Vi følgde etter, men bukkane trakk seg unna. Eit par gonger kom vi såpass på hald at vi kunne «stille» (legge oss til med geværet), men før eg kunne skyte hadde dei trekt unna att. Ein stad såg eg elles at eg ikkje var den først som hadde prøvd meg; da reinen forsvann såg eg ned og der låg det ei tomhylse etter ei remingtonpatron, sikkert 100 år gamal.

Slik gjekk dagen fram til ca kl 1700. Da såg det ut til at flokken hadde roa seg. Vi var inne ved Buabergvatnet, ca 17-19 km inne i fjellet sør for Rånå. Vi sneik oss inn på flokken og la oss ned; svigerfar litt høgare opp enn meg og klar med rifla han òg. Akkurat da følte eg meg litt som ein av dei overklassejegerane ein les om i forteljingar frå storviltjakt i Afrika tidleg på 1900-talet; med den profesjonelle jegeren klar til å skyte og drepe byttet dersom kunden ikkje trefte eller skadeskaut. Svigerfar sa frå kva for dyr eg skulle ta, og eg trefte faktisk og bukken datt.

Men da vart det travelt! Og eg skjønte snart kvifor: det å slakte ein storbukk tek si tid, det ville bli tunge sekkar, det var langt til bygda og det blir tidlegare mørkt når ein er kome til slutten av august! Svigerfar gauv laus på bukken, flådde og parterte og gav ordrar: hald her! Skjer der! – og etter eit par timar var dyret grovoppdelt, geviret skore frå og sekkane pakka. Eit raskt måltid og det var berre å sette i marsj. Da oppdaga eg elles at ein på slike dagar treng noko meir niste enn til ein vanleg dag på kontoret, men svigerfar hadde sjølvsagt med litt ekstra.

Eg skjønte etter kvart kvifor svigerfar hadde det travelt: tunge sekkar på grov og ujamn sti i mørket er vanskeleg. Det er fort gjort å snuble eller trakke over, men det gjekk tilnærma bra sjølv om klokka vart 2330 før vi kom ned til parkeringsplassen. Da var det litt uro i familien. Dagen etter gjekk kona og eg attende og henta resten av kjøtet, også det ein dryg tur. Slaktevekta på bukken var 96 kg. Men det vart mange gode middagar den vinteren!