Kjeldearkiv:Skårunge på Storsildfiske i 1951

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skårunge på Storsildfiske i 1951.
Kjeldeinformasjon
Navn: Jakob Strand
Født: 1935
Sted: Gjerdsvika i Sande kommune, Møre og Romsdal
Tidsrom: 1951
Nedtegnet: 2008
Metode for nedtegning: Egenforfattet
Beskrivelse: Ein 15-åring sine opplevingar om bord på ein 50-fots drivar på Storsildfiske i 1951.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

«Jakob Strand som har skrive denne artikkelen tok over MB «Strandheim» etter faren Paul Strand. I 1962 vart den seld og saman med broren Ragnar kjøpte dei 70-fotingen «Vestflud» den vart i 1975 utskift med ein 90-fotsbåt, den fekk også namnet «Vestflud». Alle båtane hadde fiskerimerket til «Strandheim» M-83-S. Jakob har vore tillitsvald innan mange av fiskeriorganisasjonane. Han har vore i lokalpolitikken i Sande kommune i fleire perioder og mange perioder i fylkestinget og diverse utval i Møre og Romsdal».


Skårunge på Storsildfiske i 1951

Eg hugsar i etterkrigstida kor vi gutungane fulgte med alt som hadde med fiske å gjere. Serlig om vinteren då sildefiske stod på var det ekstra spanande. Om kveldane var det å fylgje med lysa frå dei mange hundre fiskebåtane som låg innan for Svinøya og dreiv etter silda. Det var som å sjå inn i stjernehimmelen ein kald og klar vinternatt. Øyra var klistra til radioapparatet for å lytte på fiskeribølgja. Det var eit eventyr! Om morgonen og ut over føremiddagen var det å fylje med om vi såg kjende båtar kome inn Vågsdjupet på veg til Sandshamn for å losse fangsten. Dette var opplevingar som skjerpa lysta til å få vere med på dette når eg ein gong vart voksen. Om hausten 1950 då eg var vel 15 år var endelig tida komen. Far hadde godteke at eg til vinteren skulle få vere mannskap på Strandheim. Dette var ein 50 fots båt som far åtte i lag med broren Hans. Far lånte meg pengar til å kjøpe 7 sildegarnsbussar, skottaug, bly, kork og tråd. Ei krå i kjøkkenet vart okkupert til verkstad, der eg sat heile hausten å skaut garna. Eg hugsar endå at malen for innskytinga var: Smalsida på fyrstikkøskja i lengderetninga og langsida i djupna. Ja, og så måtte det vere hjelpestikker, elles vart det dårlig fangst!

Etter nyttår 1951 samlast heile mannskapet på 7 mann. Det var Hans, far, Jens, Sverre, Karl og Olav, alle trauste erfarne fiskarar og med meg som 15 - årig skårunge med på lasset. Kvar mann heldt sine eigne garn og desse vart frakta om bord i Strandheim og turen gikk til Ålesund, der garna skulle barkast (innpregnerast) på barkeriet på Slinningsodden. For meg var dette både stort og spanande. Mange båtar og nye folk til å fôrhalde seg til. Etter at garna var levert på barkeriet så bar vegen til ytre hamn og Ålesundet eller «Naftadjupet» som det heitte på folkemunne. Naftadjupet er ein smal tarm av hamna som strekkjer seg frå Hellebrua ut til Brunholmen og har nok namnet frå Svaneapoteket som ligg inne ved Hellebrua. Ålesundet vart på folkemunne også kalla «Lortå». Kvifor skal eg kome tilbake til. Men unnsett namn så er det ei god hamn som ein kan ligge trygt i allslags ver. «Naftadjupet» var alt fullstappa av båtar som også skulle gjere seg klar for det «store varpet», som det årlige Storsildefiske var på den tida. Sildefiske gav for mange fiskarar, småbrukarar og sesongarbeidarar på Sunnmøre hovudinntekta og tydde for mange forskjellen på armod og velstand.

Praten gikk livlig over rekkene om sjansane for eit godt fiske, vær og prisar. Ikkje minst var spådommane om kva tid silda kjem under land mange og varierte. Nokon trudde på nymåne andre på fullmåne og nokon var like sikker på kvartalsskifte. Men til sjuande og sist så hadde dei nok ”Sarsen” og han Devold som den beste referansen.

Byen bar enda julepynten både i gatene og i butikkane. Ei fin stemning for ein ung gut frå utbygda. Høgdepunkta var mange. Ikkje minst når heile mannskapet samlast til middag på kafé Valder og åt kjøttkake med riskrem til dessert. Det var vanlig at han Jens som var kokk ikkje kokte middag når vi låg i byen.

Fisket tek til

Etter at garna var ferdig barka, så vart dei henta og turen bar heim, der garna vart greidde bak på hekken og kabel, blåser og anna utstyr vart teke om bord. Kvar mann hadde 5 garn i lenkja slik at den utgjorde til saman 35 garn. Då alt var klart, så var det berre å vente på den store dagen. Ein dag i siste halvdel av januar, kom det melding frå «Sarsen» at silda nærma seg «eggjakanten» og at nokre av dei største snurparane alt hadde teke store fangstar. Veret var fint, så dei fleste båtane frå Gjerdsvika gikk til havs. Det var fyrste året at «Strandheim» hadde ekkolodd, eit engelsk lodd med tørt papir som heitte Bendix Marine. Vi leita både lenge og vel men fann ikkje sild. Vi var nok ikkje langt nok ut. Men sundags kvelden ryktast det at silda var komen inn til Mebotnen og då var det berre å ta laust igjen. Vi kom ut på feltet i 3-4 tida om natta til måndag og leita rundt i eit virvar av båtar. Litt registrering av sild var det over alt, men ukunnige som vi var med ekkolodd så meinte vi det var for lite.

Meir enn ynskjeleg

Men endelig litt før lysninga kom vi fram på ein stor førekomst. Det både gnista og rauk svart frå papiret og skrivarpennen. - Dette burde vere bra? Ja, 21 garn vart sette og vi gikk i lugaren for å koke kaffi og slappe oss av til silda fekk tid til å gå i garna. - Sverre, som hadde teke det med ro ei stund oppe på dekk, kom etter 10-15 minutt og ropa: ”Dokke må kome på dekk med ein gong, garna er fulle av sild og er sekt på botnen!” Ja, ja kaffien fekk berre vere, vi måtte kome oss i kleda for å prøve å berge det vi kunne. Vi klarte å få ei snippe av fyrste garnet inn på dekk. Der var sild i mest kvar ein maske, så vi berga ein hektoliter eller to. Men plutselig så slitna kabelen og alt rasa ut igjen og 21 garn med utstyr var tapt. Det var tungt for skårungen å akseptere at 3/7 av mine garn var gått tapt.

Alle Gjerdsvik-båtane så nær som ein hadde hatt sekkelenkje og tapt mykje garn. Men det var ikkje anna å gjere enn å sette kursen for Fosnavågen for å kjøpe nytt utstyr. Tilbake til Gjerdsvika for å spleise og merke opp utstyret slik at vi , utan kvild og søvn, vart klar til ny innsats til kvelden. Silda var då koma inn om Svinøya og syd i mot Stadt. Det var båtar over alt, både kjende og ukjende. Blinking både av lyskastarar og dekkslys etter som båtane slingra i bårene. På fiskeribølgja klang det i alle landets dialektar. Mange var serprega og var artige å høyre på i sine lange foredrag. Andre var kortfatta og informative og snakka mest berre når det trengtest. Plassen på bølgjelengde 2,3 var ikkje god når så mange kjempa om å slå i gjennom. Ein kan trygt seie at her gjaldt til fulle den sterkaste sin rett.

Heile nettene gikk med til å leite etter sild og sette å drage garn. Mest kunne det gå på ein snitt på nokre få silda til 4-5 hektoliter pr. garn som vi drog, men av og til kunne vi vere heldige å få opp til både 10 og 15. Å riste (tine) silda ut av garna vart gjort på den måten at ein mann stod ute ved silderullen som var montert på rekka og styrte garna inn så greitt som det var mulig. Ein mann stod på bakken å hivde inn kabel og knytte av blåsene etter kvart som dei kom inn. 5 mann stod ved ein binge som gikk frå rorhuset til lugarkappa på styrbord side av romluka, dei stod for ristinga (tininga) av silda ut av garna. Det var i sanning hardt arbeid. Lite søvn vart det og for både meg som var skårunge og dei andre som var veltrena fiskarar. Når veret var stabilt, slik at vi fekk vere på sjøen kvar natt, så var det ikkje mykje kraft igjen i kroppen når helga kom. Men det var ikkje berre å fiske silda, ho skulle lossast også. Når alle garna var om bord om morgonen eller ut på føremiddagen så bar vegen inn på Sandshamna for å losse. Dette gjorde vi sjølve ved å ause silda opp i hektolitermål med små håvar som tok ei bøtte sild. Det var tungt arbeid etter å ha arbeidd ei heil natt frå før.

Medan vi andre ordna med vegna og lossa silda, kokte Jens middag. Han var ein framifrå kokk med dei små kokemuligheiter som var på ein liten båt. Hans store spesialitet var potetball. Jens hadde nokre store klubbe av hender slik at potetballane vart store som berre det og med ein stor bit salta flesk mitt i. Det var mest nok med ein ”ballj” til manns. Var vi heldige, så vart det tid til ein liten middagslur før vi måtte gå ut på havet igjen.

Buforhold

Ja, lugaren var ikkje det store for 5 mann å bu i. Smale køyer som knapt var lange nok til at ein voksen mann fekk strekke seg ut. Under benkane hadde vi kvar vår skuffe som vi hadde brødmat og pålegg i. Når vi skulle ete brødmat, så var det å drage skuffa ut mellom beina og skjere av brødet og finne pålegg. Eg hugsar at det gikk mykje på Bjellands Juleansjos og syltety. Plassen var så liten at det gikk ikkje an at alle hadde skuffa ute samtidig, for då var det ikkje plass til føtene. Kaffikrusa vart etter kvart som sesongen skreid fram brunare og brunare i mangel på vask. Der var tre klaffbord som vi kunne slå ned når vi skulle ete. Men dei var knapt større enn at dei gav plass til kaffikrusa og hua som krusa måtte stå i for at ho ikkje skulle ramle i dørken når båten slingra. Brødskiva måtte vi halde i handa. Når båten var lasta med sild og båten stod på nasa så stod blodvatnet langt fram over dørken. Kanskje ikkje det mest sanitære, men slik var det på dei aller fleste båtane på den tida og det var ingen som reagerte på det. Det berre var slik!

«Pompelukta» var eit kapittel for seg sjølv. Den var vond og tok knekken på mange som ikkje var svert sjøsterke. Eg var heldigvis sjøsterk, så den gjorde meg ikkje så mykje. Når det leid ut i sesongen så vart det mykje rotnande blodvatn som samla seg under lugardørken og når båten kom ut i slingring så lukta det svert. Det var mest som ein kunne skjere lukta med kniv og den vart ikkje betre når vi fyrte godt i omnen slik at lugaren vart ekstra varm. Då overdøyvde ”pompelukta” heilt den kvalmande stanken av sveitte og våte klede som hang til tørk ved omnen. Sanitære muligheiter var det svert lite av. Med eit bulka vaskarfat av aluminium og lite plass til å foreta vasken, så det vart mest berre «kattavask». Det var liten vasstank på båtane den tida, så vatnet måtte de sparast på. Min onkel Isak Stokset som var skipper på Flåtind som han var medeigar i illustrerte så slåande: «Ta ein liter vatn i fatet og så startar du med å vaske ansiktet medan vatnet er reint og så arbeider du deg nedover til du sluttar med bakenden!»

Når naturen krev

Når vi skulle gjere vårt «fornødne» på sjøen så var det å sette seg på rekka (i allslags ver og vind). Det hende ikkje sjeldan at bakenden vart godt vaska når båten slingra mot båra. Kanskje var dette ei tidlig og primitiv utgåve av den moderne Bidet’en? Ein opperasjon heilt utan fare var dette heller ikkje! Rekka kunne vere isa og glatt og det var ikkje så mykje å halde seg fast i der det var best ly for vind og vær. I land var det å ta litt vatn i ei pøs og sette seg på den i styrehuset for etterpå å tøme det heile i hamna. Der i frå kjem også namnet «Lortå» på Ålesundet. Når hamna var full av båtar så flaut den over av alle slags variantar iblanda diverse avisutklipp.

Helg

Ja, du kan tru det var godt å kome heim til helgane å få seg eit skikkelig vask og få gå på utedo. Der fekk vi også gå til reint og dekka bord å ete utan å måtte halde seg fast, for ikkje å snakke om den gode og reine senga. Kleda vart vaska og var turre og reine når vi skulle om bord igjen og starte på ei ny veke.

Sandshamn

På hamna var det eit yrande liv av fiskebåtar og frakteskuter som skulle frakte silda til fabrikk andre plassar i landet. Desse skutene låg for anker og mange fiskebåtar låg side om side med dei å venta på tur til å losse. Alle plassar var det fullt av båtar. Kaiene til Ditleif Olsen og Oterlei & Longva var fullpakka til ei kvar tid. Det var ofte umulig til å kome seg i land for å kjøpe nødvendigheitar eller noko så enkelt som vinerbrød (kveitebrød), appelsin eller sjokolade. Sandshamna var ikkje noko god hamn å ligge i når det var dårlig ver. Då måtte båtane røme for å finne sikker hamn andre stadar. Det vart fortalt om ein båt frå Nord-Norge som hadde sikra seg den tryggaste plassen ved Myklebust Preserving: Om natta bles det opp til storm med orkan i kasta, så skipperen fann det rettast til å røme staden. Maskinisten gikk i maskinromet og tende fyringslampa for å gløde glødehovudet på motoren for start. Det var ikkje berre å trykke på knappen, den tida. Skipperen gikk utolmodig rundt på dekk og venta, då det kom ei skikkelig orkanbyge som tok med seg torvtaket av eit gamalt hus oppe på land. Det hagla med Torv, næver, stein og gamalt treverk ned på dekket og skipperen hadde nok med å berge seg inn i maskinnedgangen og ropa så til maskinisten: «Berre sløkk lampa, det er Dommedag!!»

Vart vi liggande i land om natta for dårlig ver, så bar det om kvelden på Fiskarheimen for å kjøpe rjomegraut eller anna godt. Det var vel helst vi ungdommane som gjorde det. Kanskje var det håpet om å finne ei kjekk Sandsøy-jente som drog meir enn grauten. Men der var mange om beinet skal du vite!

Vinteren gikk med mykje hardt arbeid. Mykje nytt og spanande for ein skårunge til å få vere med på. Nye namn og fiskeplassar som eg knapt hadde høyrt om før. Det var Sildestøbotnen, Kleivgrynnene, Kjeipbotnen, Spenemarkja, Skjeggane, Bolkevikja, Stålrevet, Rivjehornet, Årvikja, Bukketjuvane, Kjerringa, Gamlå og mykje meir. Vart også kjend med mykje framande folk, og andre båtar.

Slitet tek på

Det var alltid spenning kvar gong vi skulle drage garna om det vart mykje eller lite i dei. Heile tida hadde eg håpet om at det måtte vere så mykje sild i garna at vi slapp å sette dei ut igjen meir den natta, slik at vi kunne gå tidlig i land å dermed få hardt tiltrengt søvn og kvile. Men eg må vel vedgå at det var ikkje alltid at mykje sild i garna var like velkomen når eg var trøytt og sliten frå før. Det vart fortalt om ein erfaren fiskar på ein annan båt etter ei hard veke at då dei skulle drage garna for siste gong den veka, og han såg at garna var fulle av sild, ropa han oppgitt ut: «Nei sjå, er ikkje svinet koma her igjen!» - Då var han sikkert heilt tappa for kraft.

Lenger sør

Etter kvart som vinteren gikk så starta gytinga og muligheita for dei store fangstane ebba ut her på våre kantar vart turen lagt til Haugesund for å fiske med botnagarn. For meg som ikkje hadde vore syd om Stadt før, så var dette spanande. Tenk å få kome heilt til Haugesund. Ja, for ikkje å snakke om det som alle fortalde om: Heimturen der vi etter tradisjonen skulle inn om Bergen for å kjøpe fiskjegåve på Sundt. Der var det rulletrapper - må vite. Ja, seansen med å kjøpe fiskjegåve på Sundt vert det fortalt mykje historier om. Det var ikkje enkelt for ein stakkars mann, som heile vinteren hadde vore gira på sild, ver , båt og sjø, plutselig å kunne huske kona sine vitale mål. Det ville vere både forsmedelig og dyrt å feile anten det gjaldt undertøy eller yttertøy av finaste slag. Men enkelte visste råd. Dei fortalde om han Kalsnes-Jakob som stod heilt fast då han fann ein reol med fine kåper og tenkte at dette ville vere noko for ho Ragna. Det var ikkje så flust utval då i etterkrigstida. Men kva var størelsen? Kåpa var dyr så det kosta å feile! Han gikk resolutt ut på gata og stod der å speida til han fann ei dame som var på størelse med ho Ragna. Gikk så bort til ho og forklarte problemet og dama var sporty nok til å vere med inn og ho Ragna vart sikra kåpe! Det vesle teateret «Komedia»” med Alf Hordnes i hovudrolla som «Jeppe på Bjerget» var det store høgdepunktet for mange. Ein tur med Fløybana måtte det også verte tid til. Ja, var du tørst og ville inn om Børsen så hadde du muligheita for det også.

Turen på sør starta ein måndagsmorgon og det var spanande heile tida å kome til nye stader som eg knapt hadde høyrt om før. Berre høyr: Måløystraumen – Skatestraumen – Hordnelen – Kvannhovden – Krakhellesundet – Ytre og indre Steinsundet – Sognesjøen – Hjeltefjorden – Langenuen – Slettå. Ja, ei ny verd opna seg med nye og ukjende namn til vi vel eit døgn etter var ved Haugesund og kursen vart sett til feltet ved Røvær.

Røvær er eit øyrike som utgjer eit lite fiskevær. Der er tronge sund mellom holmar og øyar, slik at der er lagt tresliskar langs bergsidene slik at båtane ikkje skulle ta skade om dei skubba bort i – og det gjorde dei ofte. Det var enormt mykje båtar både på feltet og i land. Båtane var ikkje slik skapte som dei vi var vande med, men var av den danske skøytestilen. Vi var innom felta både ved Urter, Sve og Ferkingstad, men fangstinga var heller mager. Eg må vel innrømme at for meg så var dei turane vi hadde inn til Haugesund det som sit best i minnet. Haugesund er ein fin by med den historiske Haraldshaugen som den største attraksjonen.

Heimveg

Etter to veker så vart det teke på heimveg og den etterlengta Bergensturen stod for døra. Vi kom der i middagstida den eine dagen og tok på heimveg då butikkane stengde dagen etter. Det vart to travle dagar for å kome i gjennom alt det nye som skulle prøvast og opplevast. Alt stod til forventningane for meg som førstereisgut. Nå var det berre heimturen igjen og eit par travle dagar med å tøme båten for utstyr og vaske vekk både sildereksl og got før vi kunne avslutte sesongen.

Mannskapslott

Men det store høgdepunktet då resultatet for strevet skulle delast stod endå igjen. Men ein dag så var endelig oppgjøret og pengane frå Sildelaget kome og alle samla seg i stova til onkel Hans, som var skipper. Eg kan endå sjå for meg den store stabelen av penge som Hans la på bordet. For meg var det som å sjå inn i ei gullgruve. Alle utgifter som olje, hamnepenge og anna vart nøye gått i gjennom og godkjend av alle før dei vart trakte frå hovudsumma. Nettoen vart fordelt mellom 7 mann og båten etter ein omfôreint nøkkel, og så fekk alle mann sine velfortente pengar. Eg hadde lenge ottast og tenkt på om dei ville gi meg full lott, for det skal ikkje leggast skjul på at eg sjølv visste at eg umulig kunne ha gjort arbeid for ein heil mann, ung som eg var. Men nei, eg fekk akkurat det same som dei andre og ei enorm stoltskap spreidde seg i meg. Nå var eg godteken som voksen og hadde tent så mykje pengar som eg aldri kunne tru var sant. Eg hugsar ikkje akkurat kor mykje, men lotten utgjorde mykje meir enn ei årsløn på land for ein voksen mann på den tida. Dette hadde vi klart på ein vintersesong.

Eg kan gjerne vere med på at dei andre var snille med meg som let meg, som skårunge, få lott som fullverdig mann. Men dei hadde sikkert vore med på leiken sjølve, som skårungar, og fått den same behandlinga. Det var vel ei uskreva lov om at slik skulle det vere. Ordninga som lærling eller halvlotting kom seinare og det var nok bra, for dette arbeide var hardt nok for ein sped 15-åring. Men nokon skade av det første året på sjøen kan eg umuleg ha fått. Eg er nå 73 år og rimeleg sprek for alderen. Eg har fått lov å vere med på ei utvikling, der forholda for fiskarane har vorte betre, med større båtar, meir ordna arbeidstid og ikkje minst betre lugar, sanitær og messeforhold.

Andre tider

Dei siste åra av mitt yrkesaktive liv hadde eg i oljebransjen på seismikk noko eg dreiv til for to år sidan. - Kontrasten frå det eg som skårunge starta med er enorm. Hadde nokon fortalt meg i 1951 at eg skulle oppleve å få vere på ein båt, der eg kunne gå til eit stort dekka bord med fleire rettar til kvart måltid og at eg skulle ha eigen sovelugar med salong, eigen dusj og toalett og at skrivebordsplata på lugaren var mest like stor som dørken på den lugaren på Strandheim som eg delte med 5 andre, – eg ville aldri trudd dei!! Til overmål, så kom der kvar dag ei lugarpike og vaska og rydda lugaren og tok imot skittentyet mitt til vask enda eg hadde nok fritid til å kunne gjere alt dette sjølv.

Ja, dette er historia om då eg som 15-åring vart voksen og starta mitt yrkesaktive liv. Historia er ikkje spesiell for meg, men er nok lik for ein stor del av ungdommen i vår kommune som hadde liknande start på sitt vaksne liv på den tida. I dag ville vel ein slik start verte stempla som barnearbeid og ramma av straffelova. Men hugs at dette var for nær 60 år sidan og tidene var slik. Ungdommen måtte tidlig ut i arbeidslivet for å forsørgje seg sjølv for å hjelpe på økonomien i familien anten man valte fiskeri eller anna yrke. Det var forresten ikkje så store valmuligheiter heller den gangen. Ofte snakkar vi om dei «gode gamle dagar». Men sjølv om minna er både mange og gode så går det nok an i all fall å stille spørsmålet: Var nå eigentlig dei «gode gamle dagane» så gode? Det var ofte mykje hardt arbeid og dei materielle goden langt under det vi har i dag. Men eg vil påstå at vi var både lukkelige og stolte. Vi var kry av at vi fekk vere med på å gjere gangs arbeid for å brødføde oss sjølve!