Kjeldearkiv:Voldskyrkja nedbrend natt til sundag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen er en kilde og er derfor stengt for redigering. Eventuelle bemerkninger eller rettelser kan etterlates her.

Elden påsett

I ½ 3-tidi natt til sundag vart folket i Halkjelsvik vekte av brannrop. Kyrkja brenn! I ei fart vart brandslangane utlagde men elden hadde for god nøring. På eit par timar etterpå var den momummentale kyrkja jamna med jordi.

Det var fyrar Sivert Kriken på dampskipet «Romsdal» som låg ved kaia som fyrst vart vis med elden. Han hadde vakt og merka fyrst ei stram underleg svidelukt. Og han såg røyk som seig utover hamnen. Han gjekk fyrst uppgjennom byen ytre, men såg ingenting so han gjekk innover forbi kyrkja og ned på krokens kai. Han kunde endå ikkje greie å finne ut kvar det kom ifrå. Kyrkja og kyrkjegarden låg nemleg i kolbekande mørke, det var då gateljosa ikkje var tende, og det var først når røyken kom ned mot ljosken på hamni at den vart synleg.

Då han kom seg oppatt frå kaia og opp til Vassbotns butikk såg han ljos i glaset i kyrkjetilbygget innanfor «Kva gjer Ottesen (kyrkjetenaren) i kyrkja no» var det fyrste han tenkte, han gjekk upp til kyrkja og såg då at det var eld laus. Han sprang fort ned til Sivert Jørgensen som hadde nyklane for brandhuset, vekte han og sprang ned til brannsjefen Nils Ottesen, so sprang han oppatt til Sivert Jørgensen og hjalp han med å leggje ut brannslangane, samstundes vart det ropt allarm alt dei kunne, branntromma den einaste primitive brannalarmen som brandkommuna hev, vart og tatt i bruk.

[…]

Det var på golvet foran sakristi-døra at det brann – inn ved skideladet, det var ikkje stor logen å sjå til enno. Dei fekk spike på kyrkjedøri, so dei fekk inn slangen og sprøyta omkring innanfor der dei nådde med innanfor strålen. Elden dovna, og det såg ut til at dei skulle vinne over elden. Men slangen var utlagd so langt han rakk og dei fekk ikkje forfylge sigeren. Dei måtte ha lenger slange og i stadenfor å leggje ut heilt ny slange, stengde dei i fortvilelse vatnet av og skifte inn ei ny lengd frå vasskrana. Og dei henta ei lengd som ikkje passa og måtte hente ei ny. Medan gjekk tidi- ja ti minutt gjekk for dei fekk vass-strålen på att. Då hadde elden brasa upp langs skorsteinen ved sakristiet, han breidde seg med rasande fart, braut gjennom taket i tilbygget. Rutore i korkvelven sprang som såpeboblor og eldslogane vart suga inn gjennom vindaugo. Det vart eit tapt slag temmeleg fort.

[…]

Det var no dei som tenkte på innventaret i kyrkja- dei gamle ljosekronene osv. […] Dei braut opp dørene men vart møtt av ein tjukk røyk so dei måtte snu utatt.

Kjelde