Knut Åsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
"Knod Siorsøn egen hand" - signatur i odelsjordeboka 1624

Knut Åsen (fødd kring 1559, død kring 1650) var lensmann og gardbrukar i Jostedalen i Sogn og Fjordane. I 1649 oppgav han sjølv alderen til 90 år,[1] så etter dette må han ha vore fødd kring 1559 (Øyane skriv ca 1565). Han skreiv seg Knut Sjursøn, så faren må ha heitt Sjur, men opphavet hans er elles ukjent. Det er ingen 'Sjur' i presteskattelista for Jostedalen frå 1596 som kan ha vore faren, og heller ingen 'Knut'.[2] Øyane meiner han truleg var frå Gaupne i Luster i Sogn og Fjordane.

Gardbrukar og leiglending

I presteskattelista frå 1596 er Knut endå ikkje vorten gardbrukar i Åsen - det var då "Ragnildt i Aas". I den neste skattelista, som er frå 1600-01,[3] er Knut brukar i Åsen. Han kan ha kome til Åsen ved å gifte seg med Ragnildt som kan ha vore enkja etter den føregåande brukaren eller ei ukjend dotter av Ragnildt og den føregåande brukaren. Han han dreiv garden som leiglending fram til kring 1628.

Jordeigar

Knut var på si tid den einaste jordeigaren i Jostedalen, men alle gardpartane var utanfor Jostedalen - La og Elvetun i Hafslo, og Råum og Sandviki i Luster. Han er nemnd som jordeigar frå og med lista over landskatten 1611, som er den fyrste bevarte skattelista etter 1603. Innførselen i odelsjordeboka for 1624 kan tyde på at dette var odelsgods som Knut fekk hand om gjennom kona og systera hennar.[4]

Fyrste kjende lensmann

Knut er den fyrste lensmannen i Jostedalen ein kjenner namnet til, og han kan ha vore den fyrste lensmannen i bygda etter nyryddinga på 1500-talet. Arne Kvitrud skriv at han var lensmann då han 14. mars 1610 vart valt til å delta i hyllinga av Christian 5. I skattelistene frå 1596, 1600-01 og 1603-04 er ingen lensmann nemnd. Men i den neste bevarte gardbrukarlista, jordeboka frå 1611, er Knut Åsen nemnd som lensmann. Dei to neste åra hadde Ole Myklemyr embetet, men i jordeboka frå 1614 er Knut tilbake som lensmann, og han er no nemnd årleg som lensmann i skattelistene fram til 1620. Dei følgjande åra er ingen lensmann nemnd før Daniel Kjeppe dukkar opp som lensmann i 1620. Av dette kan ein utleie at Knut Åsen tidlegast kan ha vorte lensmann kring 1600 og hadde embetet til seinast ca 1625, med unntak av åra 1612-13.

Konflikt med presten?

I sakefallslista for 1616 står det at Knut har måtta ut med 8(?) daler for den "hiemssøgning hand, giorde i prestegaarden". Dette kan kanskje tyde på ein konflikt med soknepresten.

Familie

Han må ha vore gift, men kona hans er altså ukjend. To born etter han er kjende:

  • Anders Knutson (1596-1653), gardbrukar i Åsen og svigerfar til Ole Arneson Åsen
  • Kari Knutsdotter, gardbrukarkone på Sperla.

Notar

  1. Øffsterdals Crønike ca 1600 (Jostedal historielag)
  2. Presteskatten 1596 (Jostedal historielag
  3. Jordeboka 1600 (Jostedal historielag)
  4. Odelsjordebøker for Bergenhus len 1624, Statthaldarembetet (Digitalarkivet)

Kjelder og litteratur