Kommunebo (Bykle gnr 15/72)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kommunebo
Gjerden 60i.jpg
Kommunebo pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1979
Utskilt: 1978
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 72
Type: Bustadeigedom

Kommunebo i Bykle gjekk ut frå bnr 11 i 1978. Året etter hadde Bykle kommune ferdig eit bustadhus her.

Dei fyrste som budde her var Hans Olav Sauar og familien hans.

  • Hans Olav Sauar, f 1944
g m Ingebjørg Eikeland, f 1948. Born:
  • Sveinung, 1972, cand. jur., siv.øk., høgskulelektor, g m Britt Salomonsen, busett Sauherad
  • Margit, f 1976, filolog, busett Oslo
  • Ingrid, f 1978, psykolog

Ingebjørg Sauar er frå Sauland, og dotter åt Jørgen og Margit Eikeland. Ho er lærar av yrke. Hans Olav er frå Sauherad, og son åt Sveinung og Bergit Sauar. Han er lærar, og kom til Bykle som skulesjef og rektor i 1978. I 1979 vart stillinga dela, slik at han frå då av var berre skulesjef. Fyrste året budde han og huslyden i husværet under Samyrkelaget. Då huset her var ferdig, flutte dei hit, men vart ikkje lenger enn til 1981, då han laut reise heim og taka over farsgarden. I perioden hans i Bykle vart den nye barne- og ungdomsskulen bygd. Den kommunale musikkskulen kom også i gang då.

Sauar er nå skulesjef i Sauherad kommune. Han var elles aktiv senterpartipolitikar i ei årrekkje, og gjorde seg ei tid også kjend som komikar og imitator. å familien Sauar flutte til Sauherad, kom Kåre Treldal og huslyden hans og budde her eit par år. Dei var i Bykle frå 1981 til 1986, og var i denne tida innom fleire bustader, men ettersom dette er den lokaliseringa deira me har best opplysning om, har me sett dei opp på denne staden.

  • Kåre Treldal, f 1953
g 1981 m Marit Grønseth. Born:
  • Jan Kåre, f 1982
  • Arnhild, f 1984
  • Dagfinn, f 1986

Kåre er frå Froland, medan Marit er frå Porsgrunn. Han arbeidde som ingeniør i Bykle kommune frå 1981 til 1986. I det sistnemnde året fekk han ei tilsvarande stilling i heimekommunen sin, og familien flutte då dit. Dei to eldste borna er fødde i Bykle.

Etter familien Treldal budde Solveig Torstveit her ei kort tid. Ho er nærare omtala under Øvre Sarv 4, der ho budde sidan, og er også nemnd under Torstveit, gnr 17 bnr 28, der ho har budd i seinare tid.

Solveig Torstveit flutte attende til Trydal frå hausten 1983, og då kom Kjell og Unni Pedersen-Rise og borna deira hit frå Gosen, gnr 15, bnr 64. Etter å ha leigd bustaden hjå kommunen eit par år, kaupte dei han i 1985.

Kjell Pedersen-Rise på jakttur ca 1980.
Foto: Folke Nesland
  • Kjell Pedersen-Rise, f 1950
g 1971 m Unni Børufsen, f 1950
  • Glenn, f 1974, tømrar, busett Grimstad
  • Kenneth, f 1976, bed.øk., næringskonsulent Bykle kommune
  • Oddbjørn, f 1978, bed.øk., busett Ulvik

Kjell er fødd i Vigmostad. Han er son åt Peder Andreas Pedersen frå Øyestad og kona, Hilda Terese, frå Bjerkreim. Då han var liten, flutte foreldra åt Nissedal. Han var i utgangspunktet lærar, men har også skaffa seg utdanning i økonomi og administrasjon. Han kom til Bykle som rektor i 1979. Tidlegare hadde han og huslyden budd i Bergen og Fyresdal. Sidan dei kom hit har han hatt fleire administrative stillingar i kommunen, m.a. som skulesjef, inntil han vart rådmann i 1995. Frå hausten 2004 er han dagleg leier i Bykle og Hovden Vekst A/S.

Unni er fødd i Nissedal, og dotter åt Nils og Anne Børufsen. Ho arbeider i barnehagen.


0941 Bykle komm.png Kommunebo (Bykle gnr 15/72) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Moselia • Neste bolk: Lilleborg