Kraftsletta (Bykle gnr 15/82)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kraftsletta
Gjerden 62g.jpg
Kraftsletta pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1979
Utskilt: 1979
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 82
Type: Bustadeigedom
Adresse: Nedre Sarv 12

Kraftsletta i Bykle vart utskilt frå bnr 11 i 1979, då I/S Øvre Otra kaupte tomta hjå Bykle kommune. Kraftselskapet sette opp ein tenestebustad her same året, og dei fyrste som budde her var Olav Mandt og huslyden hans. Dei var sidan i fleire hus på byggjefeltet, men frå 1983 har dei budd i Gegabu, bnr 94. Dei er nøyare omtale i bolken om den verestaden.

Då Mandt flutte ut, flutte Hallvard B. Helle inn.

  • Hallvard Bjugsson Helle, f 1945, d 1989, ug

Hallvard var frå Nistog Rysstad, bnr 56, og son åt Bjug Hallvardsson Helle og kona, Signe Olsdotter, fødd Nomeland. Han var maskinist i I/S Øvre Otra i åra 1983 til 1988. I det sistnemnde året søkte han seg over til Mongstad, og tok då permisjon frå jobben her. Kort etter dette døydde han.

Dei neste som flutte inn her, bur her framleis (2006):

  • Espen Petter Stokker Arbakk, f 1964
g 1995 m Tone Hilde Lund, f 1970. Born:
  • Andreas, f 1995
  • Halvor, f 1998

Espen Arbakk er maskinist i Agder Energi. Han kjem frå Røyken, og er son åt Arne Arbakk og kona, Liv Stokker Arbakk. Tone Hilde kom til Bykle som hjelpepleiar på Bygdeheimen i 1990. For tida arbeider ho i SFO. Ho er frå Fyresdal og dotter åt Åsmund Kvassjord og kona, Solveig Lund.

Familien Arbakk/Lund kaupte huset sitt hjå Agder Energi i 2001.


0941 Bykle komm.png Kraftsletta (Bykle gnr 15/82) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kraftbo • Neste bolk: Kraftly

Koordinater: 59.35738238° N 7.36274942° Ø